JesajaKapittel 58

Rop av full hals, hald ikkje att! Lyft røysta di som ein basun! Forkynn for folket mitt brotet deira, og for Jakobs hus syndene deira.
קְרָ֤א בְגָרוֹן֙ אַל־תַּחְשֹׂ֔ךְ כַּשּׁוֹפָ֖ר הָרֵ֣ם קוֹלֶ֑ךָ וְהַגֵּ֤ד לְעַמִּי֙ פִּשְׁעָ֔ם וּלְבֵ֥ית יַעֲקֹ֖ב חַטֹּאתָֽם׃ ‬
Dag etter dag søkjer dei meg, og dei vil gjerne kjenna vegane mine, som eit folk som gjer det som er rett og ikkje har forlate lovene til sin Gud. Dei bed meg om rettferdige avgjerder og lengtar etter å vera nær Gud.
וְאוֹתִ֗י י֥וֹם יוֹם֙ יִדְרֹשׁ֔וּן וְדַ֥עַת דְּרָכַ֖י יֶחְפָּצ֑וּן כְּג֞וֹי אֲשֶׁר־צְדָקָ֣ה עָשָׂ֗ה וּמִשְׁפַּ֤ט אֱלֹהָיו֙ לֹ֣א עָזָ֔ב יִשְׁאָל֙וּנִי֙ מִשְׁפְּטֵי־צֶ֔דֶק קִרְבַ֥ת אֱלֹהִ֖ים יֶחְפָּצֽוּן׃ ‬
«Kvifor fastar vi, og du ser det ikkje? Kvifor audmjuker vi oss, og du legg ikkje merke til det?» Sjå, på fastedagen dykkar søkjer de eigen vinning, og alle arbeidarane dykkar driv de hardt.
לָ֤מָּה צַּ֙מְנוּ֙ וְלֹ֣א רָאִ֔יתָ עִנִּ֥ינוּ נַפְשֵׁ֖נוּ וְלֹ֣א תֵדָ֑ע הֵ֣ן בְּי֤וֹם צֹֽמְכֶם֙ תִּמְצְאוּ־חֵ֔פֶץ וְכָל־עַצְּבֵיכֶ֖ם תִּנְגֹּֽשׂוּ׃ ‬
Sjå, de fastar til strid og trette, og til å slå med vond neve. De kan ikkje fasta slik de gjer i dag og venta at røysta dykkar skal høyrast i det høge.
הֵ֣ן לְרִ֤יב וּמַצָּה֙ תָּצ֔וּמוּ וּלְהַכּ֖וֹת בְּאֶגְרֹ֣ף רֶ֑שַׁע לֹא־תָצ֣וּמוּ כַיּ֔וֹם לְהַשְׁמִ֥יעַ בַּמָּר֖וֹם קוֹלְכֶֽם׃ ‬
Er dette den fasta eg har valt, ein dag då mennesket plagar seg sjølv? Er det å bøya hovudet som eit sev og liggja i sekk og oske? Kallar du dette faste og ein dag som er til hugnad for Herren?
הֲכָזֶ֗ה יִֽהְיֶה֙ צ֣וֹם אֶבְחָרֵ֔הוּ י֛וֹם עַנּ֥וֹת אָדָ֖ם נַפְשׁ֑וֹ הֲלָכֹ֨ף כְּאַגְמֹ֜ן רֹאשׁ֗וֹ וְשַׂ֤ק וָאֵ֙פֶר֙ יַצִּ֔יעַ הֲלָזֶה֙ תִּקְרָא־צ֔וֹם וְי֥וֹם רָצ֖וֹן לַיהוָֽה׃ ‬
Er ikkje dette den fasta eg har valt: Å løysa urettferdige lenkjer, å opna banda på åket, å setja dei undertrykte fri og bryta kvart åk i stykke?
הֲל֣וֹא זֶה֮ צ֣וֹם אֶבְחָרֵהוּ֒ פַּתֵּ֙חַ֙ חַרְצֻבּ֣וֹת רֶ֔שַׁע הַתֵּ֖ר אֲגֻדּ֣וֹת מוֹטָ֑ה וְשַׁלַּ֤ח רְצוּצִים֙ חָפְשִׁ֔ים וְכָל־מוֹטָ֖ה תְּנַתֵּֽקוּ׃ ‬
Er det ikkje å dela brødet ditt med den svoltne og føra dei husville stakkarane inn i huset ditt? Når du ser ein naken, skal du kle han, og du skal ikkje gøyma deg for ditt eige kjøt og blod.
הֲל֨וֹא פָרֹ֤ס לָֽרָעֵב֙ לַחְמֶ֔ךָ וַעֲנִיִּ֥ים מְרוּדִ֖ים תָּ֣בִיא בָ֑יִת כִּֽי־תִרְאֶ֤ה עָרֹם֙ וְכִסִּית֔וֹ וּמִבְּשָׂרְךָ֖ לֹ֥א תִתְעַלָּֽם׃ ‬
Då skal lyset ditt bryta fram som morgonroden, og lækjedomen din skal raskt veksa fram. Rettferda di skal gå føre deg, og Herrens herlegdom skal vera din baktropp.
אָ֣ז יִבָּקַ֤ע כַּשַּׁ֙חַר֙ אוֹרֶ֔ךָ וַאֲרֻכָתְךָ֖ מְהֵרָ֣ה תִצְמָ֑ח וְהָלַ֤ךְ לְפָנֶ֙יךָ֙ צִדְקֶ֔ךָ כְּב֥וֹד יְהוָ֖ה יַאַסְפֶֽךָ׃ ‬
Då skal du ropa, og Herren skal svara. Du skal ropa om hjelp, og han skal seia: «Her er eg!» Om du tek bort åket frå di eiga midte, sluttar å peika finger og tala vondt,
אָ֤ז תִּקְרָא֙ וַיהוָ֣ה יַעֲנֶ֔ה תְּשַׁוַּ֖ע וְיֹאמַ֣ר הִנֵּ֑נִי אִם־תָּסִ֤יר מִתּֽוֹכְךָ֙ מוֹטָ֔ה שְׁלַ֥ח אֶצְבַּ֖ע וְדַבֶּר־אָֽוֶן׃ ‬
og om du gjev av ditt eige til den svoltne og mettar den som lid, då skal lyset ditt stråla fram i mørkret, og natta di skal verta som høglys dag.
וְתָפֵ֤ק לָֽרָעֵב֙ נַפְשֶׁ֔ךָ וְנֶ֥פֶשׁ נַעֲנָ֖ה תַּשְׂבִּ֑יעַ וְזָרַ֤ח בַּחֹ֙שֶׁךְ֙ אוֹרֶ֔ךָ וַאֲפֵלָתְךָ֖ כַּֽצָּהֳרָֽיִם׃ ‬
Herren skal alltid leia deg og metta sjela di midt i øydetørken og styrka beina dine. Du skal vera som ein vassrik hage, som ei kjelde der vatnet aldri tryt.
וְנָחֲךָ֣ יְהוָה֮ תָּמִיד֒ וְהִשְׂבִּ֤יעַ בְּצַחְצָחוֹת֙ נַפְשֶׁ֔ךָ וְעַצְמֹתֶ֖יךָ יַחֲלִ֑יץ וְהָיִ֙יתָ֙ כְּגַ֣ן רָוֶ֔ה וּכְמוֹצָ֣א מַ֔יִם אֲשֶׁ֥ר לֹא־יְכַזְּב֖וּ מֵימָֽיו׃ ‬
Dine eigne skal byggja opp att dei gamle ruinane, du skal reisa opp att grunnmurane frå tidlegare slekter. Du skal kallast den som tettar murbrot og set stigar i stand, så folk kan bu der.
וּבָנ֤וּ מִמְּךָ֙ חָרְב֣וֹת עוֹלָ֔ם מוֹסְדֵ֥י דוֹר־וָד֖וֹר תְּקוֹמֵ֑ם וְקֹרָ֤א לְךָ֙ גֹּדֵ֣ר פֶּ֔רֶץ מְשֹׁבֵ֥ב נְתִיב֖וֹת לָשָֽׁבֶת׃ ‬
Om du held foten din tilbake frå sabbaten, så du ikkje driv med eigne gjeremål på min heilage dag, og kallar sabbaten ei glede og Herrens heilage dag ærverdig, og ærar han ved ikkje å gå dine eigne vegar, ikkje gjera som du sjølv vil og ikkje tala tome ord,
אִם־תָּשִׁ֤יב מִשַּׁבָּת֙ רַגְלֶ֔ךָ עֲשׂ֥וֹת חֲפָצֶ֖יךָ בְּי֣וֹם קָדְשִׁ֑י וְקָרָ֨אתָ לַשַּׁבָּ֜ת עֹ֗נֶג לִקְד֤וֹשׁ יְהוָה֙ מְכֻבָּ֔ד וְכִבַּדְתּוֹ֙ מֵעֲשׂ֣וֹת דְּרָכֶ֔יךָ מִמְּצ֥וֹא חֶפְצְךָ֖ וְדַבֵּ֥ר דָּבָֽר׃ ‬
då skal du gleda deg i Herren. Eg skal la deg fara over høgdene i landet og la deg nyta arven etter Jakob, far din. For Herrens munn har tala.
אָ֗ז תִּתְעַנַּג֙ עַל־יְהוָ֔ה וְהִרְכַּבְתִּ֖יךָ עַל־בָּ֣מֳותֵי אָ֑רֶץ וְהַאֲכַלְתִּ֗יךָ נַחֲלַת֙ יַעֲקֹ֣ב אָבִ֔יךָ כִּ֛י פִּ֥י יְהוָ֖ה דִּבֵּֽר׃ ס ‬