KlagesangeneKapittel 5

Hugs, Herre, kva som har hendt oss! Sjå på oss og sjå skamma vår!
Arven vår er gjeven til framande, husa våre til utlendingar.
Me har vorte farlause, utan far, mødrene våre er som enkjer.
Vatnet vårt må me kjøpa for pengar, veden vår får me berre mot betaling.
Forfølgjarane sit oss i nakken, me er utmatta og får inga kvile.
Me har rekt handa til Egypt og Assyria for å få nok brød.
Fedrane våre synda, og dei er ikkje meir, men me må bera misgjerningane deira.
Slavar herskar over oss, det er ingen som friar oss frå deira hand.
Med livet som innsats hentar me brødet vårt, for sverdet truar i øydemarka.
Huda vår glør som ein omn av den brennande svolten.
Kvinner vart valdtekne på Sion, jomfruer i byane i Juda.
Fyrstar vart hengde opp etter hendene, andleta til dei gamle vart ikkje æra.
Unge menn måtte bera kvernsteinar, gutar snubla under vedbører.
Dei gamle har slutta å sitja i porten, dei unge har slutta med strengjespelet sitt.
Gleda har forsvunne frå hjartet vårt, dansen vår har vorte til sorg.
Krona har falle av hovudet vårt. Ve oss, for me har synda!
Difor er hjartet vårt sjukt, difor har augo våre vorte dimme.
På Sionsfjellet, som ligg audt, streifar revenar omkring.
Men du, Herre, tronar i all æve, trona di varer frå slekt til slekt.
Kvifor gløymer du oss for alltid, kvifor forlet du oss så lenge?
Før oss attende til deg, Herre, så me kan venda om! Forny dagane våre som i gamle dagar.
Med mindre du har forkasta oss heilt og er over all måte harm på oss.