OrdspråkeneKapittel 3

Barnet mitt, gløym ikkje læra mi, lat hjartet ditt ta vare på boda mine.
For dei skal leggja mange dagar og leveår og fred til livet ditt.
Lat ikkje miskunn og truskap forlata deg. Bind dei om halsen din, skriv dei på hjarteplata di.
Så skal du finna velvilje og godt omdøme hjå Gud og menneske.
Set di lit til Herren av heile hjartet ditt, og støtt deg ikkje på din eigen forstand.
Tenk på han på alle vegane dine, så skal han gjera stigane dine rette.
Ver ikkje vis i eigne auge. Ottast Herren og hald deg borte frå det vonde.
Det skal vera lækjedom for kroppen din og lesking for beina dine.
Ær Herren med eigedomen din og med førstegrøda av all avlinga di.
Då skal låvane dine fyllast med overflod, og pressekummane dine fløyma over av ny vin.
Son min, forakt ikkje Herrens tukt, og mislik ikkje hans refsing.
For den Herren elskar, refsar han, lik ein far refsar den son han har hugnad i.
Sæl er det mennesket som finn visdom, det mennesket som vinn forstand.
For handelen med henne gjev meir enn handel med sølv, og utbytet av henne er meir verdt enn gull.
Ho er meir verdifull enn perler, og ingen ting du kunne ønskja deg, kan mæla seg med henne.
Langt liv er i høgre handa hennar, i venstre handa er rikdom og ære.
Vegane hennar er ljuvelege vegar, og alle stigane hennar fører til fred.
Ho er eit livstre for dei som grip tak i henne, og sæle er dei som held fast på henne.
Med visdom grunnla Herren jorda, med forstand feste han himmelen.
Ved hans kunnskap vart djupa kløyvd, og skyene dryp av dogg.
Son min, lat ikkje dette vika frå auga dine. Ta vare på sunn visdom og god planlegging.
Dei skal vera liv for sjela di og prydnad for halsen din.
Då skal du gå trygt på vegen din, og foten din skal ikkje snubla.
Når du legg deg, skal du ikkje ottast, du skal leggja deg og sova søtt.
Ver ikkje redd for brå fare eller for øydelegginga som kjem over dei ugudelege.
For Herren skal vera tryggleiken din og verna foten din mot å verta fanga.
Hald ikkje det gode tilbake frå den som treng det, når det står i di makt å gjera det.
Sei ikkje til nesten din: «Gå og kom att, i morgon skal eg gje deg» – når du har det hjå deg.
Legg ikkje vonde planar mot nesten din, han som bur trygt hjå deg.
Gå ikkje i trette med nokon utan grunn, når han ikkje har gjort deg noko vondt.
Ver ikkje misunneleg på valdsmannen, og vel ikkje nokon av vegane hans.
For den svikefulle er ein styggedom for Herren, men dei rettvise har han fortruleg samråd med.
Herrens forbanning kviler over huset til den ugudelege, men bustaden til dei rettferdige velsignar han.
Mot spottarane er han ein spottar, men dei audmjuke gjev han nåde.
Dei vise skal arva ære, men dårane haustar berre skam.