SalmeneKapittel 79

Ein salme av Asaf. Gud, heidningfolk har trengt inn i arven din. Dei har gjort det heilage tempelet ditt ureint. Dei har lagt Jerusalem i ruinar.
Dei har gjeve lika av tenarane dine til føde for fuglane under himmelen, kjøtet av dine trugne til villdyra på jorda.
Dei har aust ut blodet deira som vatn rundt omkring Jerusalem, og det var ingen som gravla dei.
Vi har vorte til spott for grannane våre, til hån og løye for dei som bur rundt oss.
Kor lenge, Herre? Vil du vera sint for alltid? Skal brennhugen din loga som eld?
Aus ut vreiden din over dei folkeslaga som ikkje kjenner deg, over dei rika som ikkje kallar på namnet ditt.
For dei har slukt Jakob og lagt bustaden hans i øyde.
Rekna oss ikkje tidlegare misgjerningar til! Lat miskunna di skunda seg og koma oss i møte, for vi er svært hjelpelause.
Hjelp oss, Gud, vår frelsar, for ditt namn si ære skuld! Fri oss ut og tilgjev syndene våre for namnet ditt skuld.
Kvifor skal heidningfolka seia: «Kvar er Guden deira?» Lat det verta kjent mellom folka, for auga våre, at du hemnar blodet av tenarane dine som er utrent.
Lat sukket frå fangane koma fram for deg! Med din veldige arm, spar dei som er vigde til døden.
Betal grannane våre sju gonger attende i fanget deira for spotten dei har håna deg med, Herre.
Og vi, ditt folk og sauene på beitet ditt, vi vil takka deg til evig tid. Frå slekt til slekt vil vi forkynna din pris.