SalmeneKapittel 87

Av Korah-sønene. Ein salme. Ein song. Grunnvollen hans ligg på dei heilage fjella.
Herren elskar portane i Sion meir enn alle bustadene i Jakob.
Herlege ting er sagde om deg, du Guds by. Sela.
Eg vil nemna Rahab og Babel mellom dei som kjenner meg. Sjå, Filistia og Tyrus saman med Kusj – «Denne vart fødd der.»
Og om Sion skal det seiast: «Den eine og den andre er fødd i henne.» Den Høgste skal sjølv grunnfesta henne.
Herren skal telja når han skriv opp folka: «Denne vart fødd der.» Sela.
Både dei som syng og dei som dansar: «Alle mine kjelder er i deg.»