HebreerneKapittel 8

Hovudpoenget i det vi talar om, er dette: Vi har ein øvsteprest som har sett seg ved høgre sida av trona til Majesteten i himmelen.
Han gjer teneste i heilagdomen, i det sanne teltet som Herren har reist, og ikkje noko menneske.
For kvar øvsteprest er innsett til å bera fram gåver og offer. Difor må også han ha noko å bera fram.
Hadde han vore på jorda, ville han ikkje eingong vera prest, sidan det alt finst dei som ber fram gåvene etter lova.
Desse gjer teneste i ein heilagdom som berre er eit bilete og ein skugge av den himmelske. For då Moses skulle fullføra teltet, fekk han denne påminninga: «Sjå til at du lagar alt etter det førebiletet som vart vist deg på fjellet.»
Men no har han fått ei så mykje høgare teneste, ettersom han også er mellommann for ei betre pakt, ei pakt som er grunnlagd på betre lovnader.
For hadde den første pakta vore utan mangel, ville det ikkje ha vore trong for ei andre.
For han klagar på dei og seier: «Sjå, dagar skal koma, seier Herren, då eg vil gjera ei ny pakt med Israels hus og med Judas hus.
Ikkje som den pakta eg gjorde med fedrane deira den dagen eg tok dei i handa og førte dei ut frå Egypt. For dei heldt ikkje fast ved pakta mi, og eg brydde meg ikkje meir om dei, seier Herren.
For dette er pakta eg vil gjera med Israels hus etter dei dagane, seier Herren: Eg vil leggja lovene mine i sinnet deira og skriva dei i hjarto deira. Eg skal vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk.
Då skal ingen lenger læra sin landsmann eller sin bror og seia: 'Kjenn Herren!' For alle skal kjenna meg, frå den minste til den største av dei.
For eg vil vera nådig mot uretten deira, og syndene deira skal eg ikkje minnast meir.»
Når han talar om ei «ny» pakt, har han gjort den første forelda. Og det som vert gamalt og utslite, er nær ved å kverva bort.