JesajaKapittel 18

Ve over landet med surr av venger, som ligg bortonfor elvane i Kusj!
Det sender bodbringarar over havet, i sivbåtar på vatnet. Gå av stad, de raske sendebod, til eit folk som er langvakse og glattskinna, til eit folk som er frykta vidt og breitt, eit folk med makt på makt som trakkar ned, og som har eit land elvane deler.
Alle de som bur i verda og held til på jorda: Når det vert reist eit banner på fjella, skal de sjå det, og når det vert blåse i horn, skal de høyra det!
For så har Herren sagt til meg: Eg vil halda meg i ro og skoda ned frå bustaden min, lik den klåre varmen i solskin, lik ei doggsky i innhaustingsvarmen.
For før innhaustinga, når bløminga er fullenda og karten vert til modnande drue, då skal han skjera av greinene med kniv og hogga bort og fjerna rankene.
Dei skal alle verta liggjande att for rovfuglane i fjella og for dyra på marka. Rovfuglane skal halda sommar over dei, og alle dyra på marka skal overvintra på dei.
På den tida skal det berast gåver til Herren over hærskarane frå eit folk som er langvakse og glattskinna, frå eit folk som er frykta vidt og breitt, eit folk med makt på makt som trakkar ned, som har eit land elvane deler – til staden der Herren over hærskarane har namnet sitt, til Sion-fjellet.