JobKapittel 25

Då tok Bildad frå Sjuah til orde og sa:
Herredøme og age er hjå han, han som skaper fred i sine himlar.
Kan nokon telja hærskarane hans? Og kven når ikkje lyset hans?
Korleis kan då eit menneske vera rettferdig for Gud? Korleis kan den som er fødd av ei kvinne, vera rein?
Sjå, sjølv månen lyser ikkje sterkt nok, og stjernene er ikkje reine i hans auge.
Kor mykje mindre då eit menneske, som er ein makk, eit menneskebarn, som er ein orm!