Profetane
Amos' tre syn: gresshopper, ild og blylodd
Herren viser Amos tre syn: en gresshoppesverm, en fortærende ild og et blylodd ved en mur. Amos' forbønn for Jakob stopper de to første dommene, men ved synet av blyloddet forkynner Herren at han ikke lenger vil spare Israel, og at Jeroboams hus skal rammes av sverd.
Amos 7,1-9
1Dette synet viste Herren Gud meg: Sjå, han forma ein grashoppe-sverm då etterveksten tok til å koma opp – det var etterveksten etter at kongen hadde slege sitt.
כֹּ֤ה הִרְאַ֙נִי֙ אֲדֹנָ֣י יְהוִ֔ה וְהִנֵּה֙ יוֹצֵ֣ר גֹּבַ֔י בִּתְחִלַּ֖ת עֲל֣וֹת הַלָּ֑קֶשׁ וְהִ֨נֵּה־לֶ֔קֶשׁ אַחַ֖ר גִּזֵּ֥י הַמֶּֽלֶךְ׃
2Då dei heldt på å eta opp alt graset på marka, sa eg: «Herre Gud, tilgjev! Kven kan Jakob bli ståande som? For han er så liten.»
וְהָיָ֗ה אִם־כִּלָּה֙ לֶֽאֱכֹל֙ אֶת־עֵ֣שֶׂב הָאָ֔רֶץ וָאֹמַ֗ר אֲדֹנָ֤י יְהוִה֙ סְֽלַֽח־נָ֔א מִ֥י יָק֖וּם יַֽעֲקֹ֑ב כִּ֥י קָטֹ֖ן הֽוּא׃
3Då angra Herren på dette. «Det skal ikkje henda,» sa Herren.
נִחַ֥ם יְהוָ֖ה עַל־זֹ֑את לֹ֥א תִהְיֶ֖ה אָמַ֥ר יְהוָֽה׃
4Dette synet viste Herren Gud meg: Sjå, Herren Gud kalla fram eld til strid. Elden åt opp det store djupet og heldt på å eta opp jordluten.
כֹּ֤ה הִרְאַ֙נִי֙ אֲדֹנָ֣י יְהוִ֔ה וְהִנֵּ֥ה קֹרֵ֛א לָרִ֥ב בָּאֵ֖שׁ אֲדֹנָ֣י יְהוִ֑ה וַתֹּ֙אכַל֙ אֶת־תְּה֣וֹם רַבָּ֔ה וְאָכְלָ֖ה אֶת־הַחֵֽלֶק׃
5Då sa eg: «Herre Gud, hald opp! Korleis skal Jakob kunna stå seg? Han er så liten.»
וָאֹמַ֗ר אֲדֹנָ֤י יְהוִה֙ חֲדַל־נָ֔א מִ֥י יָק֖וּם יַעֲקֹ֑ב כִּ֥י קָטֹ֖ן הֽוּא׃
6Då angra Herren på dette. «Heller ikkje dette skal henda,» sa Herren Gud.
נִחַ֥ם יְהוָ֖ה עַל־זֹ֑את גַּם־הִיא֙ לֹ֣א תִֽהְיֶ֔ה אָמַ֖ר אֲדֹנָ֥י יְהוִֽה׃ ס
7Dette synet viste han meg: Sjå, Herren stod ved ein mur som var bygd med loddsnor, og han hadde ei loddsnor i handa.
כֹּ֣ה הִרְאַ֔נִי וְהִנֵּ֧ה אֲדֹנָ֛י נִצָּ֖ב עַל־חוֹמַ֣ת אֲנָ֑ךְ וּבְיָד֖וֹ אֲנָֽךְ׃
8Herren sa til meg: «Kva ser du, Amos?» Eg svara: «Ei loddsnor.» Då sa Herren: «Sjå, eg set ei loddsnor midt i folket mitt Israel. Eg vil ikkje lenger spara dei.
וַיֹּ֨אמֶר יְהוָ֜ה אֵלַ֗י מָֽה־אַתָּ֤ה רֹאֶה֙ עָמ֔וֹס וָאֹמַ֖ר אֲנָ֑ךְ וַיֹּ֣אמֶר אֲדֹנָ֗י הִנְנִ֨י שָׂ֤ם אֲנָךְ֙ בְּקֶ֙רֶב֙ עַמִּ֣י יִשְׂרָאֵ֔ל לֹֽא־אוֹסִ֥יף ע֖וֹד עֲב֥וֹר לֽוֹ׃
9Offerhaugane til Isak skal bli øydelagde, heilagdomane til Israel skal liggja i ruinar, og eg vil reisa meg mot Jeroboams hus med sverd.»
וְנָשַׁ֙מּוּ֙ בָּמ֣וֹת יִשְׂחָ֔ק וּמִקְדְּשֵׁ֥י יִשְׂרָאֵ֖ל יֶחֱרָ֑בוּ וְקַמְתִּ֛י עַל־בֵּ֥ית יָרָבְעָ֖ם בֶּחָֽרֶב׃ פ