Paulus

Barnabas og Saulus sendes ut

Menigheten i Antiokia sender Barnabas og Saulus ut på den første misjonsreisen. På Kypros møter de trollmannen Elymas, og prokonsulen Sergius Paulus kommer til tro.

Apostelgjerningane 13,1-12

1I kyrkjelyden i Antiokia var det profetar og lærarar: Barnabas, Simeon som vart kalla Niger, Lukius frå Kyréne, Manaen som var oppfostra saman med landsfyrsten Herodes, og Saulus.
Ἦσαν ⸀δὲ ἐν Ἀντιοχείᾳ κατὰ τὴν οὖσαν ἐκκλησίαν προφῆται καὶ διδάσκαλοι ὅ τε Βαρναβᾶς καὶ Συμεὼν ὁ καλούμενος Νίγερ, καὶ Λούκιος ὁ Κυρηναῖος, Μαναήν τε Ἡρῴδου τοῦ τετραάρχου σύντροφος καὶ Σαῦλος.
2Medan dei heldt gudsteneste for Herren og fasta, sa Den Heilage Ande: «Set ut Barnabas og Saulus for meg til det arbeidet eg har kalla dei til.»
λειτουργούντων δὲ αὐτῶν τῷ κυρίῳ καὶ νηστευόντων εἶπεν τὸ πνεῦμα τὸ ἅγιον· Ἀφορίσατε δή μοι τὸν Βαρναβᾶν ⸀καὶ Σαῦλον εἰς τὸ ἔργον ὃ προσκέκλημαι αὐτούς.
3Då fasta dei og bad, la hendene på dei og sende dei av stad.
τότε νηστεύσαντες καὶ προσευξάμενοι καὶ ἐπιθέντες τὰς χεῖρας αὐτοῖς ἀπέλυσαν.
4Dei vart utsendte av Den heilage Ande og drog ned til Seleukia, og derfrå segla dei til Kypros.
⸀Αὐτοὶ μὲν οὖν ἐκπεμφθέντες ὑπὸ τοῦ ⸂ἁγίου πνεύματος⸃ κατῆλθον ⸀εἰς Σελεύκειαν, ἐκεῖθέν ⸀τε ἀπέπλευσαν ⸁εἰς Κύπρον,
5Då dei kom til Salamis, forkynte dei Guds ord i synagogane til jødane. Dei hadde òg Johannes med som medhjelpar.
καὶ γενόμενοι ἐν Σαλαμῖνι κατήγγελλον τὸν λόγον τοῦ θεοῦ ἐν ταῖς συναγωγαῖς τῶν Ἰουδαίων· εἶχον δὲ καὶ Ἰωάννην ὑπηρέτην.
6Dei drog gjennom heile øya til Pafos, og der fann dei ein jødisk mann, ein trollmann og falsk profet, som heitte Barjesus.
διελθόντες δὲ ⸀ὅλην τὴν νῆσον ἄχρι Πάφου εὗρον ⸀ἄνδρα τινὰ μάγον ψευδοπροφήτην Ἰουδαῖον ᾧ ὄνομα ⸀Βαριησοῦ,
7Han heldt til hos landshøvdingen Sergius Paulus, ein forstandig mann. Landshøvdingen kalla til seg Barnabas og Saulus og ønskte å høyra Guds ord.
ὃς ἦν σὺν τῷ ἀνθυπάτῳ Σεργίῳ Παύλῳ, ἀνδρὶ συνετῷ. οὗτος προσκαλεσάμενος Βαρναβᾶν καὶ Σαῦλον ἐπεζήτησεν ἀκοῦσαι τὸν λόγον τοῦ θεοῦ·
8Men Elymas, trollmannen – for det er det namnet hans tyder – stod imot dei og prøvde å venda landshøvdingen bort frå trua.
ἀνθίστατο δὲ αὐτοῖς Ἐλύμας ὁ μάγος, οὕτως γὰρ μεθερμηνεύεται τὸ ὄνομα αὐτοῦ, ζητῶν διαστρέψαι τὸν ἀνθύπατον ἀπὸ τῆς πίστεως.
9Då vart Saulus, som òg heitte Paulus, fylt av Den heilage Ande. Han såg fast på han,
Σαῦλος δέ, ὁ καὶ Παῦλος, πλησθεὶς πνεύματος ⸀ἁγίου ἀτενίσας εἰς αὐτὸν
10og sa: «Du som er full av alt svik og all vondskap, du djevelens son, du fiende av all rettferd! Vil du aldri halda opp med å gjera dei rette vegane til Herren krokete?
εἶπεν· Ὦ πλήρης παντὸς δόλου καὶ πάσης ῥᾳδιουργίας, υἱὲ διαβόλου, ἐχθρὲ πάσης δικαιοσύνης, οὐ παύσῃ διαστρέφων τὰς ⸀ὁδοὺς κυρίου τὰς εὐθείας;
11Sjå no, Herrens hand er over deg. Du skal bli blind og ikkje sjå sola ei tid.» Straks fall det dimme og mørker over han, og han gjekk rundt og leita etter nokon som kunne leia han.
καὶ νῦν ἰδοὺ χεὶρ κυρίου ἐπὶ σέ, καὶ ἔσῃ τυφλὸς μὴ βλέπων τὸν ἥλιον ἄχρι καιροῦ. παραχρῆμα ⸀δὲ ⸀ἔπεσεν ἐπʼ αὐτὸν ἀχλὺς καὶ σκότος, καὶ περιάγων ἐζήτει χειραγωγούς.
12Då landshøvdingen såg det som hadde hendt, kom han til tru. Han var overvelda av læra om Herren.
τότε ἰδὼν ὁ ἀνθύπατος τὸ γεγονὸς ἐπίστευσεν ἐκπλησσόμενος ἐπὶ τῇ διδαχῇ τοῦ κυρίου.