Urkyrkja

Brevet til menigheten i Filadelfia

Den herliggjorte Kristus sender et brev til menigheten i Filadelfia og lovpriser deres trofasthet. Han lover å bevare dem i prøvelsens time og oppfordrer dem til å holde fast så ingen tar kronen deres.

Openberringa 3,7-13

7Skriv til engelen for forsamlinga i Filadelfia: Dette seier Den heilage, Den sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna:
Καὶ τῷ ἀγγέλῳ τῆς ἐν Φιλαδελφείᾳ ἐκκλησίας γράψον· Τάδε λέγει ὁ ἅγιος, ὁ ἀληθινός, ὁ ἔχων τὴν κλεῖν ⸀Δαυίδ, ὁ ἀνοίγων καὶ οὐδεὶς κλείσει, ⸂καὶ κλείων⸃ καὶ οὐδεὶς ⸀ἀνοίγει·
8Eg kjenner gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør som ingen kan stengja. Du har lita kraft, men du har halde fast på ordet mitt og ikkje fornekta namnet mitt.
Οἶδά σου τὰ ἔργα— ἰδοὺ δέδωκα ἐνώπιόν σου θύραν ἠνεῳγμένην, ἣν οὐδεὶς δύναται κλεῖσαι αὐτήν— ὅτι μικρὰν ἔχεις δύναμιν, καὶ ἐτήρησάς μου τὸν λόγον, καὶ οὐκ ἠρνήσω τὸ ὄνομά μου.
9Sjå, eg gjev deg nokre av dei frå Satans synagoge, dei som seier at dei er jødar, men ikkje er det, for dei lyg. Sjå, eg skal gjera så dei kjem og fell ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg.
ἰδοὺ ⸀διδῶ ἐκ τῆς συναγωγῆς τοῦ Σατανᾶ, τῶν λεγόντων ἑαυτοὺς Ἰουδαίους εἶναι, καὶ οὐκ εἰσὶν ἀλλὰ ψεύδονται— ἰδοὺ ποιήσω αὐτοὺς ἵνα ⸂ἥξουσιν καὶ προσκυνήσουσιν⸃ ἐνώπιον τῶν ποδῶν σου, καὶ γνῶσιν ὅτι ⸀ἐγὼ ἠγάπησά σε.
10Fordi du har halde fast på ordet mitt om tolmod, skal eg òg halda deg gjennom den prøvingstimen som skal koma over heile verda for å prøva dei som bur på jorda.
ὅτι ἐτήρησας τὸν λόγον τῆς ὑπομονῆς μου, κἀγώ σε τηρήσω ἐκ τῆς ὥρας τοῦ πειρασμοῦ τῆς μελλούσης ἔρχεσθαι ἐπὶ τῆς οἰκουμένης ὅλης, πειράσαι τοὺς κατοικοῦντας ἐπὶ τῆς γῆς.
11Eg kjem snart! Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di.
ἔρχομαι ταχύ· κράτει ὃ ἔχεις, ἵνα μηδεὶς λάβῃ τὸν στέφανόν σου.
12Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i tempelet til min Gud, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg skal skriva på han namnet til min Gud og namnet på byen til min Gud, det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud, og mitt eige nye namn.
ὁ νικῶν ποιήσω αὐτὸν στῦλον ἐν τῷ ναῷ τοῦ θεοῦ μου, καὶ ἔξω οὐ μὴ ἐξέλθῃ ἔτι, καὶ γράψω ἐπʼ αὐτὸν τὸ ὄνομα τοῦ θεοῦ μου καὶ τὸ ὄνομα τῆς πόλεως τοῦ θεοῦ μου, τῆς καινῆς Ἰερουσαλήμ, ἡ ⸀καταβαίνουσα ἐκ τοῦ οὐρανοῦ ἀπὸ τοῦ θεοῦ μου, καὶ τὸ ὄνομά μου τὸ καινόν.
13Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane!
ὁ ἔχων οὖς ἀκουσάτω τί τὸ πνεῦμα λέγει ταῖς ἐκκλησίαις.