Urkyrkja
Brevet til menigheten i Sardes
Jesu advarsel til menigheten i Sardes om at de har navn av å leve men er døde, med en oppfordring til å våkne og et løfte om hvite klær for de som seirer.
Openberringa 3,1-6
1Skriv til engelen for forsamlinga i Sardes: Dette seier han som har dei sju Guds ånder og dei sju stjernene: Eg kjenner gjerningane dine. Du har namn av å leva, men du er død.
Καὶ τῷ ἀγγέλῳ τῆς ἐν Σάρδεσιν ἐκκλησίας γράψον· Τάδε λέγει ὁ ἔχων τὰ ἑπτὰ πνεύματα τοῦ θεοῦ καὶ τοὺς ἑπτὰ ἀστέρας· Οἶδά σου τὰ ἔργα, ὅτι ὄνομα ἔχεις ὅτι ζῇς, καὶ νεκρὸς εἶ.
2Vakna opp og styrk det som er att og som held på å døy! For eg har ikkje funne gjerningane dine fullkomne framfor min Gud.
γίνου γρηγορῶν, καὶ στήρισον τὰ λοιπὰ ἃ ⸂ἔμελλον ἀποθανεῖν⸃, οὐ γὰρ εὕρηκά σου ⸀τὰ ἔργα πεπληρωμένα ἐνώπιον τοῦ θεοῦ μου·
3Hugs difor korleis du tok imot og høyrde, og hald fast på det og vend om! Dersom du ikkje vaknar, skal eg koma som ein tjuv, og du skal ikkje vita kva time eg kjem over deg.
μνημόνευε οὖν πῶς εἴληφας καὶ ἤκουσας καὶ τήρει, καὶ μετανόησον· ἐὰν οὖν μὴ γρηγορήσῃς, ⸀ἥξω ὡς κλέπτης, καὶ οὐ μὴ ⸀γνῷς ποίαν ὥραν ἥξω ἐπὶ σέ·
4Men du har nokre få namn i Sardes som ikkje har skitna til kleda sine. Dei skal gå med meg i kvite klede, for dei er verdige.
ἀλλὰ ⸂ἔχεις ὀλίγα⸃ ὀνόματα ἐν Σάρδεσιν ἃ οὐκ ἐμόλυναν τὰ ἱμάτια αὐτῶν, καὶ περιπατήσουσιν μετʼ ἐμοῦ ἐν λευκοῖς, ὅτι ἄξιοί εἰσιν.
5Den som sigrar, skal såleis bli kledd i kvite klede, og eg skal ikkje stryka ut namnet hans frå livsens bok. Eg skal vedkjenna namnet hans framfor Far min og framfor englane hans.
ὁ νικῶν ⸀οὕτως περιβαλεῖται ἐν ἱματίοις λευκοῖς, καὶ οὐ μὴ ἐξαλείψω τὸ ὄνομα αὐτοῦ ἐκ τῆς βίβλου τῆς ζωῆς, καὶ ὁμολογήσω τὸ ὄνομα αὐτοῦ ἐνώπιον τοῦ πατρός μου καὶ ἐνώπιον τῶν ἀγγέλων αὐτοῦ.
6Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane!
ὁ ἔχων οὖς ἀκουσάτω τί τὸ πνεῦμα λέγει ταῖς ἐκκλησίαις.