Urkyrkja
Brevet til menigheten i Tyatira
Jesus roser menigheten i Tyatira for kjærlighet, tro og utholdenhet, men anklager dem for å tåle den falske profetinnen Jesabel som forfører de troende til hor og avgudsoffer. Han varsler sykeleie og død over henne og hennes barn, men lover makt over folkeslagene og morgenstjernen til dem som holder fast til enden.
Openberringa 2,18-29
18Skriv til engelen for forsamlinga i Tyatira: Dette seier Guds Son, han som har auge som eldsloge og føter som skinande bronse:
Καὶ τῷ ἀγγέλῳ ⸀τῆς ἐν Θυατείροις ἐκκλησίας γράψον· Τάδε λέγει ὁ υἱὸς τοῦ θεοῦ, ὁ ἔχων τοὺς ὀφθαλμοὺς αὐτοῦ ὡς φλόγα πυρός, καὶ οἱ πόδες αὐτοῦ ὅμοιοι χαλκολιβάνῳ·
19Eg kjenner gjerningane dine, kjærleiken din, trua di, tenesta di og den uthaldande tolmoden din. Og dei siste gjerningane dine er fleire enn dei første.
Οἶδά σου τὰ ἔργα, καὶ τὴν ⸂ἀγάπην καὶ τὴν πίστιν⸃ καὶ τὴν διακονίαν καὶ τὴν ὑπομονήν σου, καὶ τὰ ἔργα σου τὰ ἔσχατα πλείονα τῶν πρώτων.
20Men eg har dette imot deg: Du toler kvinna Jesabel, ho som kallar seg profet og lærer og forfører tenarane mine til å driva hor og eta avgudsoffer.
ἀλλὰ ἔχω κατὰ σοῦ ὅτι ἀφεῖς τὴν ⸀γυναῖκα Ἰεζάβελ, ἡ ⸀λέγουσα ἑαυτὴν προφῆτιν, καὶ διδάσκει καὶ πλανᾷ τοὺς ἐμοὺς δούλους πορνεῦσαι καὶ φαγεῖν εἰδωλόθυτα.
21Eg gav henne tid til å venda om, men ho vil ikkje venda om frå horeriet sitt.
καὶ ἔδωκα αὐτῇ χρόνον ἵνα μετανοήσῃ, καὶ οὐ θέλει μετανοῆσαι ἐκ τῆς πορνείας αὐτῆς.
22Sjå, eg kastar henne på sjukeleie, og dei som driv hor med henne, kastar eg i stor trengsle, om dei ikkje vender om frå gjerningane hennar.
ἰδοὺ βάλλω αὐτὴν εἰς κλίνην, καὶ τοὺς μοιχεύοντας μετʼ αὐτῆς εἰς θλῖψιν μεγάλην, ἐὰν μὴ ⸀μετανοήσωσιν ἐκ τῶν ἔργων αὐτῆς·
23Og borna hennar skal eg slå med død. Då skal alle forsamlingane kjenna at eg er den som granskar nyrer og hjarte, og eg skal gje kvar og ein av dykk etter gjerningane dykkar.
καὶ τὰ τέκνα αὐτῆς ἀποκτενῶ ἐν θανάτῳ· καὶ γνώσονται πᾶσαι αἱ ἐκκλησίαι ὅτι ἐγώ εἰμι ὁ ἐραυνῶν νεφροὺς καὶ καρδίας, καὶ δώσω ὑμῖν ἑκάστῳ κατὰ τὰ ἔργα ὑμῶν.
24Men til dykk andre i Tyatira, alle som ikkje har denne læra og ikkje har kjent det dei kallar Satans djupner, seier eg: Eg legg inga anna bør på dykk.
ὑμῖν δὲ λέγω τοῖς λοιποῖς τοῖς ἐν Θυατείροις, ὅσοι οὐκ ἔχουσιν τὴν διδαχὴν ταύτην, οἵτινες οὐκ ἔγνωσαν τὰ βαθέα τοῦ Σατανᾶ, ὡς λέγουσιν, οὐ βάλλω ἐφʼ ὑμᾶς ἄλλο βάρος·
25Berre hald fast på det de har, til eg kjem.
πλὴν ὃ ἔχετε κρατήσατε ἄχρι οὗ ἂν ἥξω.
26Den som sigrar og held fast på gjerningane mine til enden, han vil eg gje makt over folkeslaga.
καὶ ὁ νικῶν καὶ ὁ τηρῶν ἄχρι τέλους τὰ ἔργα μου, δώσω αὐτῷ ἐξουσίαν ἐπὶ τῶν ἐθνῶν,
27Han skal styra dei med jernstav, som leirkar skal dei knusast.
καὶ ποιμανεῖ αὐτοὺς ἐν ῥάβδῳ σιδηρᾷ ὡς τὰ σκεύη τὰ κεραμικὰ ⸀συντρίβεται,
28Slik eg òg har fått det frå Far min. Og eg vil gje han morgonstjerna.
ὡς κἀγὼ εἴληφα παρὰ τοῦ πατρός μου, καὶ δώσω αὐτῷ τὸν ἀστέρα τὸν πρωϊνόν.
29Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane!
ὁ ἔχων οὖς ἀκουσάτω τί τὸ πνεῦμα λέγει ταῖς ἐκκλησίαις.