Urkyrkja

De fire rytterne i Åpenbaringen

Når Lammet åpner de fire første av de sju seglene, kaller livsvesnene fram fire ryttere: en på hvit hest med bue og krone som drar ut for å seire, en på flammende rød hest som tar freden fra jorden, en på svart hest med vekt som bringer hungersnød, og en på gulblek hest – Døden – som med Dødsriket får makt over en fjerdedel av jorden.

Openberringa 6,1-8

1Og eg såg då Lammet opna det første av dei sju segla, og eg høyrde eitt av dei fire levande vesena seia med ei røyst som torebrak: «Kom!»
Καὶ εἶδον ⸀ὅτε ἤνοιξεν τὸ ἀρνίον μίαν ἐκ τῶν ἑπτὰ σφραγίδων, καὶ ἤκουσα ἑνὸς ἐκ τῶν τεσσάρων ζῴων λέγοντος ὡς φωνῇ βροντῆς· ⸀Ἔρχου.
2Og eg såg, og sjå, ein kvit hest! Og han som sat på han, hadde ein boge, og det vart gjeve han ein sigerskrans, og han drog ut som sigerherre og for å sigra.
καὶ ⸂εἶδον, καὶ⸃ ἰδοὺ ἵππος λευκός, καὶ ὁ καθήμενος ἐπʼ αὐτὸν ἔχων τόξον, καὶ ἐδόθη αὐτῷ στέφανος, καὶ ἐξῆλθεν νικῶν καὶ ἵνα νικήσῃ.
3Og då han opna det andre seglet, høyrde eg det andre levande vesenet seia: «Kom!»
Καὶ ὅτε ἤνοιξεν τὴν ⸂σφραγῖδα τὴν δευτέραν⸃, ἤκουσα τοῦ δευτέρου ζῴου λέγοντος· Ἔρχου.
4Og det kom fram ein annan hest, ein eldraud. Og han som sat på han, fekk makt til å ta freden bort frå jorda, så folk skulle slakta kvarandre. Og det vart gjeve han eit stort sverd.
καὶ ἐξῆλθεν ἄλλος ἵππος πυρρός, καὶ τῷ καθημένῳ ἐπʼ αὐτὸν ἐδόθη αὐτῷ λαβεῖν τὴν εἰρήνην ἐκ τῆς γῆς ⸀καὶ ἵνα ἀλλήλους ⸀σφάξουσιν, καὶ ἐδόθη αὐτῷ μάχαιρα μεγάλη.
5Og då han opna det tredje seglet, høyrde eg det tredje levande vesenet seia: «Kom!» Og eg såg, og sjå, ein svart hest! Og han som sat på han, hadde ei vekt i handa si.
Καὶ ὅτε ἤνοιξε τὴν σφραγῖδα τὴν τρίτην, ἤκουσα τοῦ τρίτου ζῴου λέγοντος· Ἔρχου. καὶ ⸀εἶδον, καὶ ἰδοὺ ἵππος μέλας, καὶ ὁ καθήμενος ἐπʼ αὐτὸν ἔχων ζυγὸν ἐν τῇ χειρὶ αὐτοῦ.
6Og eg høyrde liksom ei røyst midt imellom dei fire levande vesena som sa: «Ein mål kveite for ein denar, og tre mål bygg for ein denar. Men oljen og vinen skal du ikkje skada.»
καὶ ἤκουσα ⸀ὡς φωνὴν ἐν μέσῳ τῶν τεσσάρων ζῴων λέγουσαν· Χοῖνιξ σίτου δηναρίου, καὶ τρεῖς χοίνικες ⸀κριθῶν δηναρίου· καὶ τὸ ἔλαιον καὶ τὸν οἶνον μὴ ἀδικήσῃς.
7Og då han opna det fjerde seglet, høyrde eg røysta til det fjerde levande vesenet seia: «Kom!»
Καὶ ὅτε ἤνοιξεν τὴν σφραγῖδα τὴν τετάρτην, ἤκουσα ⸀φωνὴν τοῦ τετάρτου ζῴου λέγοντος· ⸀Ἔρχου.
8Og eg såg, og sjå, ein gulbleik hest! Og han som sat på han, bar namnet Døden, og Dødsriket følgde med han. Og dei fekk makt over fjerdeparten av jorda, til å drepa med sverd og med hungersnaud og med pest og ved villdyra på jorda.
καὶ ⸂εἶδον, καὶ⸃ ἰδοὺ ἵππος χλωρός, καὶ ὁ καθήμενος ἐπάνω αὐτοῦ ὄνομα αὐτῷ ὁ Θάνατος, καὶ ὁ ᾅδης ἠκολούθει ⸂μετʼ αὐτοῦ⸃, καὶ ἐδόθη ⸀αὐτοῖς ἐξουσία ἐπὶ τὸ τέταρτον τῆς γῆς, ἀποκτεῖναι ἐν ῥομφαίᾳ καὶ ἐν λιμῷ καὶ ἐν θανάτῳ καὶ ὑπὸ τῶν θηρίων τῆς γῆς.