Jesu under
Den blinde og stumme demonbesatte
Jesus helbreder en demonbesatt mann som er både blind og stum, slik at han kan både se og tale. Folket undres om han er Davids sønn, men fariseerne anklager Jesus for å drive ut demoner ved Beelsebul. Jesus svarer at et rike i strid med seg selv ikke kan bestå, og at han driver ut demoner ved Guds Ånd – tegn på at Guds rike er kommet. Han advarer mot bespottelse mot Den Hellige Ånd, som ikke kan tilgis.
Matteus 12,22-32
22Då førte dei til han ein demonbesett som var blind og stum. Han lækte han, slik at den stumme kunne tala og sjå.
Τότε ⸂προσηνέχθη αὐτῷ δαιμονιζόμενος τυφλὸς καὶ κωφός⸃· καὶ ἐθεράπευσεν αὐτόν, ὥστε τὸν ⸀κωφὸν λαλεῖν καὶ βλέπειν.
23Alt folket vart frå seg av undring og sa: «Kan dette vera Davidssonen?»
καὶ ἐξίσταντο πάντες οἱ ὄχλοι καὶ ἔλεγον· Μήτι οὗτός ἐστιν ὁ υἱὸς Δαυίδ;
24Men då farisearane høyrde det, sa dei: «Det er berre ved Beelsebul, herskaren over demonane, at han driv ut demonane.»
οἱ δὲ Φαρισαῖοι ἀκούσαντες εἶπον· Οὗτος οὐκ ἐκβάλλει τὰ δαιμόνια εἰ μὴ ἐν τῷ Βεελζεβοὺλ ἄρχοντι τῶν δαιμονίων.
25Jesus kjende tankane deira og sa til dei: «Kvart rike som er i strid med seg sjølv, blir lagt øyde, og kvar by eller heim som er i strid med seg sjølv, kan ikkje bli ståande.
εἰδὼς ⸀δὲ τὰς ἐνθυμήσεις αὐτῶν εἶπεν αὐτοῖς· Πᾶσα βασιλεία μερισθεῖσα καθʼ ἑαυτῆς ἐρημοῦται, καὶ πᾶσα πόλις ἢ οἰκία μερισθεῖσα καθʼ ἑαυτῆς οὐ σταθήσεται.
26Om Satan driv ut Satan, er han komen i strid med seg sjølv. Korleis kan då riket hans bli ståande?
καὶ εἰ ὁ Σατανᾶς τὸν Σατανᾶν ἐκβάλλει, ἐφʼ ἑαυτὸν ἐμερίσθη· πῶς οὖν σταθήσεται ἡ βασιλεία αὐτοῦ;
27Og om eg driv ut demonane ved Beelsebul, kven er det då borna dykkar driv dei ut ved? Difor skal dei vera domarane dykkar.
καὶ εἰ ἐγὼ ἐν Βεελζεβοὺλ ἐκβάλλω τὰ δαιμόνια, οἱ υἱοὶ ὑμῶν ἐν τίνι ἐκβάλλουσιν; διὰ τοῦτο αὐτοὶ ⸂κριταὶ ἔσονται ὑμῶν⸃.
28Men er det ved Guds Ande eg driv ut demonane, då har Guds rike kome til dykk.
εἰ δὲ ἐν πνεύματι θεοῦ ἐγὼ ἐκβάλλω τὰ δαιμόνια, ἄρα ἔφθασεν ἐφʼ ὑμᾶς ἡ βασιλεία τοῦ θεοῦ.
29Eller korleis kan nokon gå inn i huset til den sterke og rana eigedelane hans utan først å binda den sterke? Først då kan han plyndra huset hans.
ἢ πῶς δύναταί τις εἰσελθεῖν εἰς τὴν οἰκίαν τοῦ ἰσχυροῦ καὶ τὰ σκεύη αὐτοῦ ⸀ἁρπάσαι, ἐὰν μὴ πρῶτον δήσῃ τὸν ἰσχυρόν; καὶ τότε τὴν οἰκίαν αὐτοῦ ⸀διαρπάσει.
30Den som ikkje er med meg, er mot meg, og den som ikkje samlar med meg, spreier.
ὁ μὴ ὢν μετʼ ἐμοῦ κατʼ ἐμοῦ ἐστιν, καὶ ὁ μὴ συνάγων μετʼ ἐμοῦ σκορπίζει.
31Difor seier eg dykk: All synd og all spott skal menneska få tilgjeving for, men spott mot Anden skal ikkje bli tilgjeven.
διὰ τοῦτο λέγω ὑμῖν, πᾶσα ἁμαρτία καὶ βλασφημία ἀφεθήσεται τοῖς ἀνθρώποις, ἡ δὲ τοῦ πνεύματος βλασφημία οὐκ ⸀ἀφεθήσεται.
32Den som talar eit ord mot Menneskesonen, skal få tilgjeving. Men den som talar mot Den Heilage Ande, skal ikkje få tilgjeving, verken i denne verda eller i den komande.
καὶ ὃς ἐὰν εἴπῃ λόγον κατὰ τοῦ υἱοῦ τοῦ ἀνθρώπου, ἀφεθήσεται αὐτῷ· ὃς δʼ ἂν εἴπῃ κατὰ τοῦ πνεύματος τοῦ ἁγίου, οὐκ ἀφεθήσεται αὐτῷ οὔτε ἐν ⸂τούτῳ τῷ⸃ αἰῶνι οὔτε ἐν τῷ μέλλοντι.