Profetane

Den foraktelige mannens opprør og forfølgelse

En foraktelig mann står frem og tilriver seg kongemakten med list. Han knuser oversvømmende hærstyrker og paktens fyrste, og vender sitt hjerte mot den hellige pakt. Hans hærstyrker vanhelliger helligdommen, avskaffer det daglige offeret og setter opp den ødeleggende styggedom. De som synder mot pakten lokkes til frafall, mens de som kjenner sin Gud står fast. Kloke blant folket faller for sverd og flamme for å lutres inntil endetiden. Kongen opphøyer seg over enhver gud og taler uhørte ting mot gudenes Gud. I endetiden stormer han mot sør, inntar det fagre land og Egypt, men rykter fra øst og nord skremmer ham. Han slår opp sine telt mellom havet og det hellige fjell, men går mot sin ende uten hjelp.

Daniel 11,21-45

21I hans stad skal det stå fram ein forakta mann som ikkje har fått kongeleg verdigheit. Han skal koma i ei fredeleg tid og ta riket med list.
וְעָמַ֤ד עַל־כַּנּוֹ֙ נִבְזֶ֔ה וְלֹא־נָתְנ֥וּ עָלָ֖יו ה֣וֹד מַלְכ֑וּת וּבָ֣א בְשַׁלְוָ֔ה וְהֶחֱזִ֥יק מַלְכ֖וּת בַּחֲלַקְלַקּֽוֹת׃ ‬
22Hærstyrkar skal skyllast bort framfor han og verta knuste, ja, også paktsførsten.
וּזְרֹע֥וֹת הַשֶּׁ֛טֶף יִשָּׁטְפ֥וּ מִלְּפָנָ֖יו וְיִשָּׁבֵ֑רוּ וְגַ֖ם נְגִ֥יד בְּרִֽית׃ ‬
23Etter at dei har slutta forbund med han, skal han handla med svik. Han skal dra ut og verta mektig med eit lite folk.
וּמִן־הִֽתְחַבְּר֥וּת אֵלָ֖יו יַעֲשֶׂ֣ה מִרְמָ֑ה וְעָלָ֥ה וְעָצַ֖ם בִּמְעַט־גּֽוֹי׃ ‬
24I fredstid skal han koma inn i dei rikaste områda i landet og gjera det som verken fedrane eller fedrane åt fedrane hans gjorde. Ran, bytte og gods skal han spreia mellom dei. Mot festningane skal han leggja planar, men berre for ei tid.
בְּשַׁלְוָ֞ה וּבְמִשְׁמַנֵּ֣י מְדִינָה֮ יָבוֹא֒ וְעָשָׂ֗ה אֲשֶׁ֨ר לֹא־עָשׂ֤וּ אֲבֹתָיו֙ וַאֲב֣וֹת אֲבֹתָ֔יו בִּזָּ֧ה וְשָׁלָ֛ל וּרְכ֖וּשׁ לָהֶ֣ם יִבְז֑וֹר וְעַ֧ל מִבְצָרִ֛ים יְחַשֵּׁ֥ב מַחְשְׁבֹתָ֖יו וְעַד־עֵֽת׃ ‬
25Han skal vekkja krafta si og motet sitt mot kongen i sør med ein stor hær. Kongen i sør skal rusta seg til krig med ein stor og mektig hær, men han skal ikkje stå seg, for dei skal leggja planar mot han.
וְיָעֵר֩ כֹּח֨וֹ וּלְבָב֜וֹ עַל־מֶ֣לֶךְ הַנֶּגֶב֮ בְּחַ֣יִל גָּדוֹל֒ וּמֶ֣לֶךְ הַנֶּ֗גֶב יִתְגָּרֶה֙ לַמִּלְחָמָ֔ה בְּחַֽיִל־גָּד֥וֹל וְעָצ֖וּם עַד־מְאֹ֑ד וְלֹ֣א יַעֲמֹ֔ד כִּֽי־יַחְשְׁב֥וּ עָלָ֖יו מַחֲשָׁבֽוֹת׃ ‬
26Dei som et ved bordet hans, skal knusa han, og hæren hans skal verta skylt bort, og mange skal falla drepne.
וְאֹכְלֵ֧י פַת־בָּג֛וֹ יִשְׁבְּר֖וּהוּ וְחֵיל֣וֹ יִשְׁט֑וֹף וְנָפְל֖וּ חֲלָלִ֥ים רַבִּֽים׃ ‬
27Begge kongane skal ha vondt i sinne, og dei skal sitja ved same bord og lyga for kvarandre. Men det skal ikkje lukkast, for enden kjem fyrst til den fastsette tida.
וּשְׁנֵיהֶ֤ם הַמְּלָכִים֙ לְבָבָ֣ם לְמֵרָ֔ע וְעַל־שֻׁלְחָ֥ן אֶחָ֖ד כָּזָ֣ב יְדַבֵּ֑רוּ וְלֹ֣א תִצְלָ֔ח כִּי־ע֥וֹד קֵ֖ץ לַמּוֹעֵֽד׃ ‬
28Han skal venda attende til landet sitt med store rikdomar, og hjartet hans skal vera imot den heilage pakta. Han skal gjera sitt verk og så venda attende til landet sitt.
וְיָשֹׁ֤ב אַרְצוֹ֙ בִּרְכ֣וּשׁ גָּד֔וֹל וּלְבָב֖וֹ עַל־בְּרִ֣ית קֹ֑דֶשׁ וְעָשָׂ֖ה וְשָׁ֥ב לְאַרְצֽוֹ׃ ‬
29Til fastsett tid skal han venda attende og dra mot sør, men det skal ikkje gå som den fyrste gongen eller den siste.
לַמּוֹעֵ֥ד יָשׁ֖וּב וּבָ֣א בַנֶּ֑גֶב וְלֹֽא־תִהְיֶ֥ה כָרִאשֹׁנָ֖ה וְכָאַחֲרֹנָֽה׃ ‬
30Skip frå Kittim skal koma mot han, og han skal mista motet. Han skal venda om og rasa mot den heilage pakta og gjera sitt verk. Så skal han venda attende og halda seg til dei som har forlate den heilage pakta.
וּבָ֨אוּ ב֜וֹ צִיִּ֤ים כִּתִּים֙ וְנִכְאָ֔ה וְשָׁ֛ב וְזָעַ֥ם עַל־בְּרִֽית־ק֖וֹדֶשׁ וְעָשָׂ֑ה וְשָׁ֣ב וְיָבֵ֔ן עַל־עֹזְבֵ֖י בְּרִ֥ית קֹֽדֶשׁ׃ ‬
31Hærstyrkar frå han skal stå fram og vanhelga heilagdomen, festninga. Dei skal ta bort det daglege offeret og setja opp den øydande styggedomen.
וּזְרֹעִ֖ים מִמֶּ֣נּוּ יַעֲמֹ֑דוּ וְחִלְּל֞וּ הַמִּקְדָּ֤שׁ הַמָּעוֹז֙ וְהֵסִ֣ירוּ הַתָּמִ֔יד וְנָתְנ֖וּ הַשִּׁקּ֥וּץ מְשׁוֹמֵֽם׃ ‬
32Dei som syndar mot pakta, skal han lokka til fråfall med sleipe ord. Men det folket som kjenner sin Gud, skal stå fast og halda ut.
וּמַרְשִׁיעֵ֣י בְרִ֔ית יַחֲנִ֖יף בַּחֲלַקּ֑וֹת וְעַ֛ם יֹדְעֵ֥י אֱלֹהָ֖יו יַחֲזִ֥קוּ וְעָשֽׂוּ׃ ‬
33Dei kloke i folket skal gje mange innsikt, men dei skal falla for sverd og eld, fangenskap og plyndring i ei tid.
וּמַשְׂכִּ֣ילֵי עָ֔ם יָבִ֖ינוּ לָֽרַבִּ֑ים וְנִכְשְׁל֞וּ בְּחֶ֧רֶב וּבְלֶהָבָ֛ה בִּשְׁבִ֥י וּבְבִזָּ֖ה יָמִֽים׃ ‬
34Når dei fell, skal dei få litt hjelp, og mange skal slutta seg til dei med falskheit.
וּבְהִכָּ֣שְׁלָ֔ם יֵעָזְר֖וּ עֵ֣זֶר מְעָ֑ט וְנִלְו֧וּ עֲלֵיהֶ֛ם רַבִּ֖ים בַּחֲלַקְלַקּֽוֹת׃ ‬
35Nokre av dei kloke skal falla, så dei kan verta reinsa, lutra og kvittvaska til endetida, for enno er det eit stykke att til den fastsette tida.
וּמִן־הַמַּשְׂכִּילִ֣ים יִכָּֽשְׁל֗וּ לִצְר֥וֹף בָּהֶ֛ם וּלְבָרֵ֥ר וְלַלְבֵּ֖ן עַד־עֵ֣ת קֵ֑ץ כִּי־ע֖וֹד לַמּוֹעֵֽד׃ ‬
36Kongen skal gjera som han vil. Han skal opphøgja seg og gjera seg stor over kvar gud. Mot gudars Gud skal han tala uhøyrde ting. Han skal ha framgang til vreiden er fullenda, for det som er fastsett, skal skje.
וְעָשָׂ֨ה כִרְצוֹנ֜וֹ הַמֶּ֗לֶךְ וְיִתְרוֹמֵ֤ם וְיִתְגַּדֵּל֙ עַל־כָּל־אֵ֔ל וְעַל֙ אֵ֣ל אֵלִ֔ים יְדַבֵּ֖ר נִפְלָא֑וֹת וְהִצְלִ֙יחַ֙ עַד־כָּ֣לָה זַ֔עַם כִּ֥י נֶחֱרָצָ֖ה נֶעֱשָֽׂתָה׃ ‬
37Han skal ikkje bry seg om fedrane sine gudar eller om det som kvinner lengtar etter, eller nokon annan gud, for han skal gjera seg stor over alle.
וְעַל־אֱלֹהֵ֤י אֲבֹתָיו֙ לֹ֣א יָבִ֔ין וְעַל־חֶמְדַּ֥ת נָשִׁ֛ים וְעַֽל־כָּל־אֱל֖וֹהַּ לֹ֣א יָבִ֑ין כִּ֥י עַל־כֹּ֖ל יִתְגַּדָּֽל׃ ‬
38I staden skal han æra festningsguden. Ein gud som fedrane hans ikkje kjende, skal han æra med gull og sølv, med dyre steinar og kostbare gåver.
וְלֶאֱלֹ֙הַּ֙ מָֽעֻזִּ֔ים עַל־כַּנּ֖וֹ יְכַבֵּ֑ד וְלֶאֱל֜וֹהַּ אֲשֶׁ֧ר לֹא־יְדָעֻ֣הוּ אֲבֹתָ֗יו יְכַבֵּ֛ד בְּזָהָ֥ב וּבְכֶ֛סֶף וּבְאֶ֥בֶן יְקָרָ֖ה וּבַחֲמֻדֽוֹת׃ ‬
39Han skal gjera dei sterkaste festningane til bustad for ein framand gud. Dei som vedkjenner seg denne guden, skal han gje stor ære, han skal setja dei til å rå over mange, og han skal dela ut jord som løn.
וְעָשָׂ֞ה לְמִבְצְרֵ֤י מָֽעֻזִּים֙ עִם־אֱל֣וֹהַּ נֵכָ֔ר אֲשֶׁ֥ר *הכיר **יַכִּ֖יר יַרְבֶּ֣ה כָב֑וֹד וְהִמְשִׁילָם֙ בָּֽרַבִּ֔ים וַאֲדָמָ֖ה יְחַלֵּ֥ק בִּמְחִֽיר׃ ‬
40I endetida skal kongen i sør støyta saman med han. Kongen i nord skal storma mot han med vogner og ryttarar og mange skip. Han skal fara inn i landa og fløyma fram og fara over.
וּבְעֵ֣ת קֵ֗ץ יִתְנַגַּ֤ח עִמּוֹ֙ מֶ֣לֶךְ הַנֶּ֔גֶב וְיִשְׂתָּעֵ֨ר עָלָ֜יו מֶ֣לֶךְ הַצָּפ֗וֹן בְּרֶ֙כֶב֙ וּבְפָ֣רָשִׁ֔ים וּבָאֳנִיּ֖וֹת רַבּ֑וֹת וּבָ֥א בַאֲרָצ֖וֹת וְשָׁטַ֥ף וְעָבָֽר׃ ‬
41Han skal koma inn i det fagre landet, og mange skal falla. Men desse skal sleppa unna handa hans: Edom og Moab og dei fremste av Ammons born.
וּבָא֙ בְּאֶ֣רֶץ הַצְּבִ֔י וְרַבּ֖וֹת יִכָּשֵׁ֑לוּ וְאֵ֙לֶּה֙ יִמָּלְט֣וּ מִיָּד֔וֹ אֱד֣וֹם וּמוֹאָ֔ב וְרֵאשִׁ֖ית בְּנֵ֥י עַמּֽוֹן׃ ‬
42Han skal strekkja ut handa si mot landa, og Egypt skal ikkje sleppa unna.
וְיִשְׁלַ֥ח יָד֖וֹ בַּאֲרָצ֑וֹת וְאֶ֣רֶץ מִצְרַ֔יִם לֹ֥א תִהְיֶ֖ה לִפְלֵיטָֽה׃ ‬
43Han skal rå over skattane av gull og sølv og over alle kostbare ting i Egypt. Libyarar og kusjittar skal følgja i fotspora hans.
וּמָשַׁ֗ל בְּמִכְמַנֵּי֙ הַזָּהָ֣ב וְהַכֶּ֔סֶף וּבְכֹ֖ל חֲמֻד֣וֹת מִצְרָ֑יִם וְלֻבִ֥ים וְכֻשִׁ֖ים בְּמִצְעָדָֽיו׃ ‬
44Men rykte frå aust og nord skal skræma han, og han skal dra ut i stor vreide for å øydeleggja og bannstøyta mange.
וּשְׁמֻע֣וֹת יְבַהֲלֻ֔הוּ מִמִּזְרָ֖ח וּמִצָּפ֑וֹן וְיָצָא֙ בְּחֵמָ֣א גְדֹלָ֔ה לְהַשְׁמִ֥יד וּֽלְהַחֲרִ֖ים רַבִּֽים׃ ‬
45Han skal slå opp sine kongelege telt mellom havet og det fagre heilage fjellet. Men han skal koma til sin ende, og ingen skal hjelpa han.
וְיִטַּע֙ אָהֳלֶ֣י אַפַּדְנ֔וֹ בֵּ֥ין יַמִּ֖ים לְהַר־צְבִי־קֹ֑דֶשׁ וּבָא֙ עַד־קִצּ֔וֹ וְאֵ֥ין עוֹזֵ֖ר לֽוֹ׃ ‬