Urkyrkja

Det nye Jerusalem stiger ned fra himmelen

En av de sju englene fører Johannes opp på et høyt fjell og viser ham bruden, Lammets hustru: den hellige byen Jerusalem som kommer ned fra himmelen fra Gud. Byen stråler av Guds herlighet, har en stor mur med tolv porter med Israels stammenavn og tolv grunnsteiner med apostlenes navn. Engelen måler byen til tolv tusen stadier i firkant, muren er av jaspis og byen av rent gull. Grunnsteinene er prydet med tolv edelstener, portene er tolv perler. Det finnes intet tempel der, for Gud og Lammet er tempelet, og byen trenger ikke sol eller måne. Bare de som er skrevet i Lammets livsbok får komme inn.

Openberringa 21,9-27

9Og ein av dei sju englane som hadde dei sju skålene fylte med dei sju siste plagene, kom og tala til meg og sa: «Kom, eg skal visa deg brura, Lammets kone.»
Καὶ ἦλθεν εἷς ἐκ τῶν ἑπτὰ ἀγγέλων τῶν ἐχόντων τὰς ἑπτὰ φιάλας, ⸂τῶν γεμόντων⸃ τῶν ἑπτὰ πληγῶν τῶν ἐσχάτων, καὶ ἐλάλησεν μετʼ ἐμοῦ λέγων· Δεῦρο, δείξω σοι τὴν ⸂νύμφην τὴν γυναῖκα⸃ τοῦ ἀρνίου.
10Og han førte meg i Anden bort til eit stort og høgt fjell og viste meg den heilage byen Jerusalem, som kom ned frå himmelen, frå Gud.
καὶ ἀπήνεγκέν με ἐν πνεύματι ἐπὶ ὄρος μέγα καὶ ὑψηλόν, καὶ ἔδειξέν μοι τὴν ⸀πόλιν τὴν ἁγίαν Ἰερουσαλὴμ καταβαίνουσαν ἐκ τοῦ οὐρανοῦ ἀπὸ τοῦ θεοῦ,
11Byen hadde Guds herlegdom. Glansen hennar var lik den dyraste edelstein, som ein krystallklår jaspisstein.
ἔχουσαν τὴν δόξαν τοῦ θεοῦ· ὁ φωστὴρ αὐτῆς ὅμοιος λίθῳ τιμιωτάτῳ, ὡς λίθῳ ἰάσπιδι κρυσταλλίζοντι·
12Byen hadde ein stor og høg mur med tolv portar, og ved portane var det tolv englar. På portane var det skrive namn, namna på dei tolv stammane til Israels born.
ἔχουσα τεῖχος μέγα καὶ ὑψηλόν, ἔχουσα πυλῶνας δώδεκα, καὶ ἐπὶ ⸂τοῖς πυλῶσιν⸃ ἀγγέλους δώδεκα, καὶ ὀνόματα ἐπιγεγραμμένα ἅ ⸀ἐστιν τῶν δώδεκα ⸀φυλῶν υἱῶν Ἰσραήλ·
13Mot aust var det tre portar, mot nord tre portar, mot sør tre portar og mot vest tre portar.
ἀπὸ ⸀ἀνατολῆς πυλῶνες τρεῖς, καὶ ἀπὸ βορρᾶ πυλῶνες τρεῖς, καὶ ἀπὸ νότου πυλῶνες τρεῖς, καὶ ἀπὸ δυσμῶν πυλῶνες τρεῖς·
14Bymuren hadde tolv grunnsteinar, og på dei stod namna på dei tolv apostlane til Lammet.
καὶ τὸ τεῖχος τῆς πόλεως ⸀ἔχων θεμελίους δώδεκα, καὶ ἐπʼ αὐτῶν δώδεκα ὀνόματα τῶν δώδεκα ἀποστόλων τοῦ ἀρνίου.
15Han som tala med meg, hadde ein målestav av gull for å måla byen og portane og muren.
Καὶ ὁ λαλῶν μετʼ ἐμοῦ εἶχεν μέτρον κάλαμον χρυσοῦν, ἵνα μετρήσῃ τὴν πόλιν καὶ τοὺς πυλῶνας αὐτῆς καὶ τὸ τεῖχος αὐτῆς.
16Byen var bygd som ein firkant; lengda var like stor som breidda. Han målte byen med staven til tolv tusen stadiar. Lengda og breidda og høgda var like store.
καὶ ἡ πόλις τετράγωνος κεῖται, καὶ τὸ μῆκος αὐτῆς ⸀ὅσον τὸ πλάτος. καὶ ἐμέτρησεν τὴν πόλιν τῷ καλάμῳ ἐπὶ ⸀σταδίους δώδεκα ⸀χιλιάδων· τὸ μῆκος καὶ τὸ πλάτος καὶ τὸ ὕψος αὐτῆς ἴσα ἐστίν.
17Han målte muren til hundre og førtifire alnar etter menneskeleg mål, som òg er engelens mål.
καὶ ἐμέτρησεν τὸ τεῖχος αὐτῆς ἑκατὸν τεσσεράκοντα τεσσάρων πηχῶν, μέτρον ἀνθρώπου, ὅ ἐστιν ἀγγέλου.
18Muren var bygd av jaspis, og byen var av reint gull, lik klårt glas.
⸀καὶ ἡ ἐνδώμησις τοῦ τείχους αὐτῆς ἴασπις, καὶ ἡ πόλις χρυσίον καθαρὸν ὅμοιον ὑάλῳ καθαρῷ·
19Grunnsteinane i bymuren var prydde med alle slag edelsteinar. Den første grunnsteinen var jaspis, den andre safir, den tredje kalsedon, den fjerde smaragd,
⸀οἱ θεμέλιοι τοῦ τείχους τῆς πόλεως παντὶ λίθῳ τιμίῳ κεκοσμημένοι· ὁ θεμέλιος ὁ πρῶτος ἴασπις, ὁ δεύτερος σάπφιρος, ὁ τρίτος χαλκηδών, ὁ τέταρτος σμάραγδος,
20den femte sardonyks, den sjette karneol, den sjuande krysolitt, den åttande beryll, den niande topas, den tiande krysopras, den ellevte hyasint og den tolvte ametyst.
ὁ πέμπτος σαρδόνυξ, ὁ ἕκτος σάρδιον, ὁ ἕβδομος χρυσόλιθος, ὁ ὄγδοος βήρυλλος, ὁ ἔνατος τοπάζιον, ὁ δέκατος χρυσόπρασος, ὁ ἑνδέκατος ὑάκινθος, ὁ δωδέκατος ἀμέθυστος·
21Dei tolv portane var tolv perler; kvar port var laga av ei einaste perle. Gata i byen var av reint gull, som gjennomskinleg glas.
καὶ οἱ δώδεκα πυλῶνες δώδεκα μαργαρῖται, ἀνὰ εἷς ἕκαστος τῶν πυλώνων ἦν ἐξ ἑνὸς μαργαρίτου· καὶ ἡ πλατεῖα τῆς πόλεως χρυσίον καθαρὸν ὡς ὕαλος διαυγής.
22Noko tempel såg eg ikkje i byen, for Herren Gud, Den allmektige, er tempelet der, og Lammet.
Καὶ ναὸν οὐκ εἶδον ἐν αὐτῇ, ὁ γὰρ κύριος, ὁ θεός, ὁ παντοκράτωρ, ναὸς αὐτῆς ἐστιν, καὶ τὸ ἀρνίον.
23Byen treng ikkje sol eller måne til å lysa for seg, for Guds herlegdom lyser over byen, og Lammet er lyset der.
καὶ ἡ πόλις οὐ χρείαν ἔχει τοῦ ἡλίου οὐδὲ τῆς σελήνης, ἵνα φαίνωσιν αὐτῇ, ἡ γὰρ δόξα τοῦ θεοῦ ἐφώτισεν αὐτήν, καὶ ὁ λύχνος αὐτῆς τὸ ἀρνίον.
24Folkeslaga skal vandra i lyset frå byen, og kongane på jorda fører herlegdomen sin inn i han.
καὶ περιπατήσουσιν τὰ ἔθνη διὰ τοῦ φωτὸς αὐτῆς· καὶ οἱ βασιλεῖς τῆς γῆς φέρουσιν ⸂τὴν δόξαν αὐτῶν⸃ εἰς αὐτήν·
25Portane i byen skal aldri stengjast om dagen, for natt skal ikkje vera der.
καὶ οἱ πυλῶνες αὐτῆς οὐ μὴ κλεισθῶσιν ἡμέρας, νὺξ γὰρ οὐκ ἔσται ἐκεῖ,
26Herlegdomen og æra til folkeslaga skal dei føra inn i han.
καὶ οἴσουσιν τὴν δόξαν καὶ τὴν τιμὴν τῶν ἐθνῶν εἰς αὐτήν.
27Men noko ureint skal aldri koma inn i han, heller ikkje nokon som gjer avskyelege ting eller talar løgn – berre dei som er skrivne i livsens bok hos Lammet.
καὶ οὐ μὴ εἰσέλθῃ εἰς αὐτὴν πᾶν κοινὸν καὶ ⸀ποιῶν βδέλυγμα καὶ ψεῦδος, εἰ μὴ οἱ γεγραμμένοι ἐν τῷ βιβλίῳ τῆς ζωῆς τοῦ ἀρνίου.