Jesu likningar
Den rike mannen og Lasarus
En rik mann og den fattige Lasarus dør. Rollene snus i det hinsidige.
Lukas 16,19-31
19Det var ein rik mann som kledde seg i purpur og fint lin og kvar dag levde i sus og dus.
Ἄνθρωπος δέ τις ἦν πλούσιος, καὶ ἐνεδιδύσκετο πορφύραν καὶ βύσσον εὐφραινόμενος καθʼ ἡμέραν λαμπρῶς.
20Men ein fattig mann som heitte Lasarus, låg ved porten hans, full av sår.
πτωχὸς δέ ⸀τις ὀνόματι ⸀Λάζαρος ἐβέβλητο πρὸς τὸν πυλῶνα αὐτοῦ εἱλκωμένος
21Han lengta etter å få metta seg med det som fall frå bordet til den rike. Ja, hundane kom òg og sleika såra hans.
καὶ ἐπιθυμῶν χορτασθῆναι ⸀ἀπὸ τῶν πιπτόντων ἀπὸ τῆς τραπέζης τοῦ πλουσίου· ἀλλὰ καὶ οἱ κύνες ἐρχόμενοι ⸀ἐπέλειχον τὰ ἕλκη αὐτοῦ.
22Så hende det at den fattige døydde, og englane bar han til Abrahams fang. Den rike døydde òg og vart gravlagd.
ἐγένετο δὲ ἀποθανεῖν τὸν πτωχὸν καὶ ἀπενεχθῆναι αὐτὸν ὑπὸ τῶν ἀγγέλων εἰς τὸν κόλπον Ἀβραάμ· ἀπέθανεν δὲ καὶ ὁ πλούσιος καὶ ἐτάφη.
23Og i dødsriket, der han var i pine, lyfte han augo sine og såg Abraham langt borte og Lasarus i fanget hans.
καὶ ἐν τῷ ᾅδῃ ἐπάρας τοὺς ὀφθαλμοὺς αὐτοῦ, ὑπάρχων ἐν βασάνοις, ⸀ὁρᾷ Ἀβραὰμ ἀπὸ μακρόθεν καὶ Λάζαρον ἐν τοῖς κόλποις αὐτοῦ.
24Då ropa han og sa: 'Far Abraham, miskunna deg over meg og send Lasarus så han kan duppa fingertuppen sin i vatn og svala tunga mi, for eg lid vondt i denne elden.'
καὶ αὐτὸς φωνήσας εἶπεν· Πάτερ Ἀβραάμ, ἐλέησόν με καὶ πέμψον Λάζαρον ἵνα βάψῃ τὸ ἄκρον τοῦ δακτύλου αὐτοῦ ὕδατος καὶ καταψύξῃ τὴν γλῶσσάν μου, ὅτι ὀδυνῶμαι ἐν τῇ φλογὶ ταύτῃ.
25Men Abraham sa: 'Barn, kom i hug at du fekk det gode i livet ditt, og Lasarus fekk på same vis det vonde. No vert han trøysta her, medan du lid.
εἶπεν δὲ Ἀβραάμ· Τέκνον, μνήσθητι ὅτι ⸀ἀπέλαβες τὰ ἀγαθά σου ἐν τῇ ζωῇ σου, καὶ Λάζαρος ὁμοίως τὰ κακά· νῦν δὲ ὧδε παρακαλεῖται σὺ δὲ ὀδυνᾶσαι.
26Og dessutan er det sett eit stort svelg mellom oss og dykk, så dei som vil gå herifrå over til dykk, ikkje kan det, og ingen kan koma derifrå over til oss.'
καὶ ⸀ἐν πᾶσι τούτοις μεταξὺ ἡμῶν καὶ ὑμῶν χάσμα μέγα ἐστήρικται, ὅπως οἱ θέλοντες διαβῆναι ἔνθεν πρὸς ὑμᾶς μὴ δύνωνται, ⸀μηδὲ ἐκεῖθεν πρὸς ἡμᾶς διαπερῶσιν.
27Då sa han: 'Så bed eg deg, far, at du sender han til huset åt far min,
εἶπεν δέ· Ἐρωτῶ ⸂σε οὖν⸃, πάτερ, ἵνα πέμψῃς αὐτὸν εἰς τὸν οἶκον τοῦ πατρός μου,
28for eg har fem brør. Lat han vitna for dei, så ikkje dei òg skal koma til denne pinestaden.'
ἔχω γὰρ πέντε ἀδελφούς, ὅπως διαμαρτύρηται αὐτοῖς, ἵνα μὴ καὶ αὐτοὶ ἔλθωσιν εἰς τὸν τόπον τοῦτον τῆς βασάνου.
29Abraham sa: 'Dei har Moses og profetane. Lat dei høyra på dei.'
λέγει ⸀δὲ Ἀβραάμ· Ἔχουσι Μωϋσέα καὶ τοὺς προφήτας· ἀκουσάτωσαν αὐτῶν.
30Men han sa: 'Nei, far Abraham, men om nokon frå dei døde går til dei, vil dei venda om.'
ὁ δὲ εἶπεν· Οὐχί, πάτερ Ἀβραάμ, ἀλλʼ ἐάν τις ἀπὸ νεκρῶν πορευθῇ πρὸς αὐτοὺς μετανοήσουσιν.
31Då sa han til han: 'Høyrer dei ikkje på Moses og profetane, vil dei heller ikkje la seg overtyda om nokon står opp frå dei døde.'»
εἶπεν δὲ αὐτῷ· Εἰ Μωϋσέως καὶ τῶν προφητῶν οὐκ ἀκούουσιν, οὐδʼ ἐάν τις ἐκ νεκρῶν ἀναστῇ πεισθήσονται.