Jesu likningar
Den ubarmhjertige tjeneren
En tjener som fikk ettergitt sin enorme gjeld, nekter å ettergi en liten gjeld fra sin medtjener.
Matteus 18,21-35
21Då gjekk Peter fram og spurde: «Herre, kor mange gonger skal eg tilgje bror min når han syndar mot meg? Så mykje som sju gonger?»
Τότε προσελθὼν ⸂αὐτῷ ὁ Πέτρος εἶπεν⸃· Κύριε, ποσάκις ἁμαρτήσει εἰς ἐμὲ ὁ ἀδελφός μου καὶ ἀφήσω αὐτῷ; ἕως ἑπτάκις;
22Jesus svara: «Eg seier deg: Ikkje sju gonger, men sytti gonger sju.
λέγει αὐτῷ ὁ Ἰησοῦς· Οὐ λέγω σοι ἕως ἑπτάκις ἀλλὰ ἕως ἑβδομηκοντάκις ἑπτά.
23Difor kan himmelriket liknast med ein konge som ville gjera opp rekneskapen med tenarane sine.
Διὰ τοῦτο ὡμοιώθη ἡ βασιλεία τῶν οὐρανῶν ἀνθρώπῳ βασιλεῖ ὃς ἠθέλησεν συνᾶραι λόγον μετὰ τῶν δούλων αὐτοῦ·
24Då han tok til med oppgjeret, vart ein mann ført fram som skulda han ti tusen talentar.
ἀρξαμένου δὲ αὐτοῦ συναίρειν ⸀προσηνέχθη ⸂αὐτῷ εἷς⸃ ὀφειλέτης μυρίων ταλάντων.
25Han hadde ikkje noko å betala med, og herren baud at han skulle seljast, både han og kona og borna og alt han eigde, så gjelda kunne betalast.
μὴ ἔχοντος δὲ αὐτοῦ ἀποδοῦναι ἐκέλευσεν αὐτὸν ὁ ⸀κύριος πραθῆναι καὶ τὴν ⸀γυναῖκα καὶ τὰ τέκνα καὶ πάντα ὅσα ⸀ἔχει καὶ ἀποδοθῆναι.
26Då fall tenaren ned for føtene hans og bad: «Ver tolmodig med meg, så skal eg betala deg alt saman!»
πεσὼν οὖν ὁ δοῦλος προσεκύνει αὐτῷ λέγων· ⸀Μακροθύμησον ἐπʼ ⸀ἐμοί, καὶ πάντα ⸂ἀποδώσω σοι⸃.
27Herren fekk inderleg medkjensle med tenaren, sleppte han fri og ettergav han gjelda.
σπλαγχνισθεὶς δὲ ὁ κύριος τοῦ δούλου ἐκείνου ἀπέλυσεν αὐτόν, καὶ τὸ δάνειον ἀφῆκεν αὐτῷ.
28Men då tenaren kom ut, møtte han ein medtenar som skulda han hundre denarar. Han greip han, tok strupetak på han og sa: «Betal det du skuldar!»
ἐξελθὼν δὲ ὁ δοῦλος ἐκεῖνος εὗρεν ἕνα τῶν συνδούλων αὐτοῦ ὃς ὤφειλεν αὐτῷ ἑκατὸν δηνάρια, καὶ κρατήσας αὐτὸν ἔπνιγεν λέγων· ⸀Ἀπόδος εἴ τι ὀφείλεις.
29Medtenaren fall ned og bad han: «Ver tolmodig med meg, så skal eg betala deg!»
πεσὼν οὖν ὁ σύνδουλος ⸀αὐτοῦ παρεκάλει αὐτὸν λέγων· Μακροθύμησον ἐπʼ ⸀ἐμοί, καὶ ἀποδώσω σοι.
30Men han ville ikkje. Han gjekk bort og kasta han i fengsel, der han skulle sitja til han hadde betalt gjelda.
ὁ δὲ οὐκ ἤθελεν, ἀλλὰ ἀπελθὼν ἔβαλεν αὐτὸν εἰς φυλακὴν ἕως ⸀οὗ ἀποδῷ τὸ ὀφειλόμενον.
31Då dei andre tenarane såg kva som hende, vart dei svært sorgfulle. Dei gjekk til herren sin og fortalde han alt som hadde hendt.
ἰδόντες ⸀οὖν οἱ σύνδουλοι αὐτοῦ τὰ γενόμενα ἐλυπήθησαν σφόδρα, καὶ ἐλθόντες διεσάφησαν τῷ κυρίῳ ἑαυτῶν πάντα τὰ γενόμενα.
32Då kalla herren han til seg og sa: «Du vonde tenar! Eg ettergav deg heile gjelda di fordi du bad meg om det.
τότε προσκαλεσάμενος αὐτὸν ὁ κύριος αὐτοῦ λέγει αὐτῷ· Δοῦλε πονηρέ, πᾶσαν τὴν ὀφειλὴν ἐκείνην ἀφῆκά σοι, ἐπεὶ παρεκάλεσάς με·
33Burde ikkje du òg ha vist miskunn mot medtenaren din, slik eg viste miskunn mot deg?»
οὐκ ἔδει καὶ σὲ ἐλεῆσαι τὸν σύνδουλόν σου, ὡς κἀγὼ σὲ ἠλέησα;
34Og herren vart vreid og overgav han til fangevaktarane til han hadde betalt alt han skulda.
καὶ ὀργισθεὶς ὁ κύριος αὐτοῦ παρέδωκεν αὐτὸν τοῖς βασανισταῖς ἕως οὗ ἀποδῷ πᾶν τὸ ⸀ὀφειλόμενον.
35Slik skal òg Far min i himmelen gjera med dykk om ikkje kvar og ein av dykk av hjartet tilgjev bror sin.»
Οὕτως καὶ ὁ πατήρ μου ὁ ⸀οὐράνιος ποιήσει ὑμῖν ἐὰν μὴ ἀφῆτε ἕκαστος τῷ ἀδελφῷ αὐτοῦ ἀπὸ τῶν καρδιῶν ⸀ὑμῶν.