Jesu liv

Emmausvandrerne

To disipler møter den oppstandne Jesus på veien til Emmaus uten å kjenne ham igjen, inntil han bryter brødet.

Lukas 24,13-35

13Same dagen var to av dei på veg til ein landsby som heitte Emmaus, om lag seksti stadiar frå Jerusalem.
Καὶ ἰδοὺ δύο ἐξ αὐτῶν ⸂ἐν αὐτῇ τῇ ἡμέρᾳ ἦσαν πορευόμενοι⸃ εἰς κώμην ἀπέχουσαν σταδίους ἑξήκοντα ἀπὸ Ἰερουσαλήμ, ᾗ ὄνομα Ἐμμαοῦς,
14Dei snakka med kvarandre om alt det som hadde hendt.
καὶ αὐτοὶ ὡμίλουν πρὸς ἀλλήλους περὶ πάντων τῶν συμβεβηκότων τούτων.
15Medan dei gjekk og samtala og drøfta saman, kom Jesus sjølv og slo følgje med dei.
καὶ ἐγένετο ἐν τῷ ὁμιλεῖν αὐτοὺς καὶ συζητεῖν καὶ ⸀αὐτὸς Ἰησοῦς ἐγγίσας συνεπορεύετο αὐτοῖς,
16Men auga deira var hindra, så dei ikkje kjende han att.
οἱ δὲ ὀφθαλμοὶ αὐτῶν ἐκρατοῦντο τοῦ μὴ ἐπιγνῶναι αὐτόν.
17Han sa til dei: «Kva er det for ord de kastar fram og tilbake mellom dykk medan de går?» Då stansa dei med sorgfulle andlet.
εἶπεν δὲ πρὸς αὐτούς· Τίνες οἱ λόγοι οὗτοι οὓς ἀντιβάλλετε πρὸς ἀλλήλους περιπατοῦντες; καὶ ⸀ἐστάθησαν σκυθρωποί.
18Den eine, som heitte Kleopas, svara: «Er du den einaste tilreisande i Jerusalem som ikkje veit kva som har hendt der i desse dagane?»
ἀποκριθεὶς δὲ ⸂εἷς ὀνόματι⸃ Κλεοπᾶς εἶπεν πρὸς αὐτόν· Σὺ μόνος παροικεῖς Ἰερουσαλὴμ καὶ οὐκ ἔγνως τὰ γενόμενα ἐν αὐτῇ ἐν ταῖς ἡμέραις ταύταις;
19«Kva då?» spurde han. Dei svara: «Det som hende med Jesus frå Nasaret, ein profet, mektig i gjerning og ord for Gud og heile folket.
καὶ εἶπεν αὐτοῖς· Ποῖα; οἱ δὲ εἶπαν αὐτῷ· Τὰ περὶ Ἰησοῦ τοῦ ⸀Ναζαρηνοῦ, ὃς ἐγένετο ἀνὴρ προφήτης δυνατὸς ἐν ἔργῳ καὶ λόγῳ ἐναντίον τοῦ θεοῦ καὶ παντὸς τοῦ λαοῦ,
20Overprestane og rådsherrane våre overgav han til dødsdom og krossfesta han.
ὅπως τε παρέδωκαν αὐτὸν οἱ ἀρχιερεῖς καὶ οἱ ἄρχοντες ἡμῶν εἰς κρίμα θανάτου καὶ ἐσταύρωσαν αὐτόν.
21Vi hadde hatt vårt håp til at han var den som skulle fria ut Israel. Og dessutan er det no alt tredje dagen sidan dette hende.
ἡμεῖς δὲ ἠλπίζομεν ὅτι αὐτός ἐστιν ὁ μέλλων λυτροῦσθαι τὸν Ἰσραήλ· ἀλλά γε ⸀καὶ σὺν πᾶσιν τούτοις τρίτην ταύτην ἡμέραν ⸀ἄγει ἀφʼ οὗ ταῦτα ἐγένετο.
22Men nokre kvinner blant oss har også gjort oss forskrekka. Dei var ved grava tidleg i morgon,
ἀλλὰ καὶ γυναῖκές τινες ἐξ ἡμῶν ἐξέστησαν ἡμᾶς, γενόμεναι ⸀ὀρθριναὶ ἐπὶ τὸ μνημεῖον
23men fann ikkje kroppen hans. Så kom dei og fortalde at dei hadde sett eit syn av englar som sa at han lever.
καὶ μὴ εὑροῦσαι τὸ σῶμα αὐτοῦ ἦλθον λέγουσαι καὶ ὀπτασίαν ἀγγέλων ἑωρακέναι, οἳ λέγουσιν αὐτὸν ζῆν.
24Nokre av dei som var med oss, gjekk til grava og fann det slik som kvinnene hadde sagt, men han sjølv såg dei ikkje.»
καὶ ἀπῆλθόν τινες τῶν σὺν ἡμῖν ἐπὶ τὸ μνημεῖον, καὶ εὗρον οὕτως καθὼς ⸀καὶ αἱ γυναῖκες εἶπον, αὐτὸν δὲ οὐκ εἶδον.
25Då sa han til dei: «Å, kor uvituge de er, og kor seine i hjarta til å tru alt det profetane har tala!
καὶ αὐτὸς εἶπεν πρὸς αὐτούς· Ὦ ἀνόητοι καὶ βραδεῖς τῇ καρδίᾳ τοῦ πιστεύειν ἐπὶ πᾶσιν οἷς ἐλάλησαν οἱ προφῆται·
26Måtte ikkje Messias lida dette og så gå inn til sin herlegdom?»
οὐχὶ ταῦτα ἔδει παθεῖν τὸν χριστὸν καὶ εἰσελθεῖν εἰς τὴν δόξαν αὐτοῦ;
27Og han byrja med Moses og alle profetane og forklarte for dei det som står om han i alle skriftene.
καὶ ἀρξάμενος ἀπὸ Μωϋσέως καὶ ἀπὸ πάντων τῶν προφητῶν ⸀διερμήνευσεν αὐτοῖς ἐν πάσαις ταῖς γραφαῖς τὰ περὶ ⸀ἑαυτοῦ.
28Då dei nærma seg landsbyen dei skulle til, lét han som om han ville gå vidare.
Καὶ ἤγγισαν εἰς τὴν κώμην οὗ ἐπορεύοντο, καὶ αὐτὸς ⸀προσεποιήσατο ⸀πορρώτερον πορεύεσθαι.
29Men dei bad han inntrengjande: «Ver hos oss, for det lid mot kveld, og dagen hellar.» Så gjekk han inn og vart verande hos dei.
καὶ παρεβιάσαντο αὐτὸν λέγοντες· Μεῖνον μεθʼ ἡμῶν, ὅτι πρὸς ἑσπέραν ἐστὶν καὶ κέκλικεν ⸀ἤδη ἡ ἡμέρα. καὶ εἰσῆλθεν τοῦ μεῖναι σὺν αὐτοῖς.
30Då han sat til bords med dei, tok han brødet, velsigna det, braut det og gav det til dei.
καὶ ἐγένετο ἐν τῷ κατακλιθῆναι αὐτὸν μετʼ αὐτῶν λαβὼν τὸν ἄρτον εὐλόγησεν καὶ κλάσας ἐπεδίδου αὐτοῖς·
31Då vart auga deira opna, og dei kjende han att. Men så vart han usynleg for dei.
αὐτῶν δὲ διηνοίχθησαν οἱ ὀφθαλμοὶ καὶ ἐπέγνωσαν αὐτόν· καὶ αὐτὸς ἄφαντος ἐγένετο ἀπʼ αὐτῶν.
32Dei sa til kvarandre: «Brann ikkje hjarta i oss då han tala til oss på vegen og opna skriftene for oss?»
καὶ εἶπαν πρὸς ἀλλήλους· Οὐχὶ ἡ καρδία ἡμῶν καιομένη ἦν ⸂ἐν ἡμῖν⸃ ὡς ἐλάλει ἡμῖν ἐν τῇ ὁδῷ, ⸀ὡς διήνοιγεν ἡμῖν τὰς γραφάς;
33Med ein gong braut dei opp og gjekk attende til Jerusalem. Der fann dei dei elleve og alle dei andre samla,
καὶ ἀναστάντες αὐτῇ τῇ ὥρᾳ ὑπέστρεψαν εἰς Ἰερουσαλήμ, καὶ εὗρον ⸀ἠθροισμένους τοὺς ἕνδεκα καὶ τοὺς σὺν αὐτοῖς,
34og desse sa: «Herren er sanneleg oppstaden, og han har synt seg for Simon!»
λέγοντας ὅτι ⸂ὄντως ἠγέρθη ὁ κύριος⸃ καὶ ὤφθη Σίμωνι.
35Så fortalde dei to kva som hadde hendt på vegen, og korleis dei kjende han att då han braut brødet.
καὶ αὐτοὶ ἐξηγοῦντο τὰ ἐν τῇ ὁδῷ καὶ ὡς ἐγνώσθη αὐτοῖς ἐν τῇ κλάσει τοῦ ἄρτου.