Jesu under
Enkens sønn i Nain oppvekkes
Jesus møter et gravfølge i Nain og oppvekker enkens eneste sønn fra de døde.
Lukas 7,11-17
11Like etter drog han til ein by som heiter Nain, og læresveinane hans og ein stor folkemengde gjekk med han.
Καὶ ἐγένετο ἐν τῷ ἑξῆς ⸀ἐπορεύθη εἰς πόλιν καλουμένην Ναΐν, καὶ συνεπορεύοντο αὐτῷ οἱ μαθηταὶ ⸀αὐτοῦ καὶ ὄχλος πολύς.
12Då han nærma seg byporten, sjå, då vart ein død boren ut. Han var einaste sonen til mor si, og ho var enkje. Ein stor folkemengde frå byen var med henne.
ὡς δὲ ἤγγισεν τῇ πύλῃ τῆς πόλεως, καὶ ἰδοὺ ἐξεκομίζετο τεθνηκὼς ⸂μονογενὴς υἱὸς⸃ τῇ μητρὶ αὐτοῦ, καὶ αὐτὴ ⸀ἦν χήρα, καὶ ὄχλος τῆς πόλεως ἱκανὸς ⸁ἦν σὺν αὐτῇ.
13Då Herren såg henne, fekk han inderleg medkjensle med henne og sa til henne: «Gråt ikkje.»
καὶ ἰδὼν αὐτὴν ὁ κύριος ἐσπλαγχνίσθη ἐπʼ αὐτῇ καὶ εἶπεν αὐτῇ· Μὴ κλαῖε.
14Han gjekk bort og rørte ved båra, og dei som bar, stansa. Han sa: «Unge mann, eg seier deg: Stå opp!»
καὶ προσελθὼν ἥψατο τῆς σοροῦ, οἱ δὲ βαστάζοντες ἔστησαν, καὶ εἶπεν· Νεανίσκε, σοὶ λέγω, ἐγέρθητι.
15Då sette den døde seg opp og byrja å tala, og Jesus gav han til mora hans.
καὶ ἀνεκάθισεν ὁ νεκρὸς καὶ ἤρξατο λαλεῖν, καὶ ἔδωκεν αὐτὸν τῇ μητρὶ αὐτοῦ.
16Alle vart gripne av ærefrykt, og dei prisa Gud og sa: «Ein stor profet har stått fram mellom oss,» og: «Gud har gjesta folket sitt.»
ἔλαβεν δὲ φόβος πάντας, καὶ ἐδόξαζον τὸν θεὸν λέγοντες ὅτι Προφήτης μέγας ⸀ἠγέρθη ἐν ἡμῖν, καὶ ὅτι Ἐπεσκέψατο ὁ θεὸς τὸν λαὸν αὐτοῦ.
17Og dette ordet om han spreidde seg i heile Judea og i alle områda ikring.
καὶ ἐξῆλθεν ὁ λόγος οὗτος ἐν ὅλῃ τῇ Ἰουδαίᾳ περὶ αὐτοῦ ⸀καὶ πάσῃ τῇ περιχώρῳ.