Profetane

Esekiels symbolhandling med håret og dommen over Jerusalem

Gud befaler profeten Esekiel å barbere av seg hår og skjegg med et skarpt sverd og dele håret i tre deler som en symbolhandling om Jerusalems kommende dom: en tredjedel skal brennes i byen, en tredjedel hugges med sverd rundt omkring, og en tredjedel spres for vinden. Dette varsler at innbyggerne skal dø av pest og hunger, falle for sverdet eller spres blant folkeslagene som straff for å ha gjort Guds helligdom uren og forkastet hans lover Esekiel 5:1-17.

Esekiel 5,1-17

1Og du, menneske, ta deg eit skarpt sverd! Ta det og bruk det som barberkniv, og før det over hovudet og skjegget ditt. Ta så ei vekt og del håret i tre delar.
וְאַתָּ֨ה בֶן־אָדָ֜ם קַח־לְךָ֣ ׀ חֶ֣רֶב חַדָּ֗ה תַּ֤עַר הַגַּלָּבִים֙ תִּקָּחֶ֣נָּה לָּ֔ךְ וְהַעֲבַרְתָּ֥ עַל־רֹאשְׁךָ֖ וְעַל־זְקָנֶ֑ךָ וְלָקַחְתָּ֥ לְךָ֛ מֹאזְנֵ֥י מִשְׁקָ֖ל וְחִלַּקְתָּֽם׃ ‬
2Ein tredel skal du brenna i eld midt i byen når beleiringsdagane er til ende. Ein tredel skal du ta og hogga med sverdet rundt omkring byen. Og ein tredel skal du spreia for vinden, og eg vil dra sverdet etter dei.
שְׁלִשִׁ֗ית בָּא֤וּר תַּבְעִיר֙ בְּת֣וֹךְ הָעִ֔יר כִּמְלֹ֖את יְמֵ֣י הַמָּצ֑וֹר וְלֽ͏ָקַחְתָּ֣ אֶת־הַשְּׁלִשִׁ֗ית תַּכֶּ֤ה בַחֶ֙רֶב֙ סְבִ֣יבוֹתֶ֔יהָ וְהַשְּׁלִשִׁית֙ תִּזְרֶ֣ה לָר֔וּחַ וְחֶ֖רֶב אָרִ֥יק אַחֲרֵיהֶֽם׃ ‬
3Men du skal ta nokre få hårstrå derifrå og binda dei inn i kappefaldane dine.
וְלָקַחְתָּ֥ מִשָּׁ֖ם מְעַ֣ט בְּמִסְפָּ֑ר וְצַרְתָּ֥ אוֹתָ֖ם בִּכְנָפֶֽיךָ׃ ‬
4Og av desse skal du ta nokre til og kasta dei i elden og brenna dei opp. Derifrå skal det gå ut ein eld mot heile Israels hus.
וּמֵהֶם֙ ע֣וֹד תִּקָּ֔ח וְהִשְׁלַכְתָּ֤ אוֹתָם֙ אֶל־תּ֣וֹךְ הָאֵ֔שׁ וְשָׂרַפְתָּ֥ אֹתָ֖ם בָּאֵ֑שׁ מִמֶּ֥נּוּ תֵצֵא־אֵ֖שׁ אֶל־כָּל־בֵּ֥ית יִשְׂרָאֵֽל׃ פ ‬
5Så seier Herren Gud: Dette er Jerusalem! Midt mellom folkeslaga har eg sett henne, og land ligg rundt omkring henne.
כֹּ֤ה אָמַר֙ אֲדֹנָ֣י יְהֹוִ֔ה זֹ֚את יְר֣וּשָׁלִַ֔ם בְּת֥וֹךְ הַגּוֹיִ֖ם שַׂמְתִּ֑יהָ וּסְבִיבוֹתֶ֖יהָ אֲרָצֽוֹת׃ ‬
6Men ho har sett seg opp mot lovene mine med større vondskap enn folkeslaga, og mot forskriftene mine meir enn landa rundt omkring. For dei har vraka lovene mine og ikkje levd etter forskriftene mine.
וַתֶּ֨מֶר אֶת־מִשְׁפָּטַ֤י לְרִשְׁעָה֙ מִן־הַגּוֹיִ֔ם וְאֶ֨ת־חֻקּוֹתַ֔י מִן־הָאֲרָצ֖וֹת אֲשֶׁ֣ר סְבִיבוֹתֶ֑יהָ כִּ֤י בְמִשְׁפָּטַי֙ מָאָ֔סוּ וְחֻקּוֹתַ֖י לֹא־הָלְכ֥וּ בָהֶֽם׃ ס ‬
7Difor, så seier Herren Gud: Fordi de har vore meir opprørske enn folkeslaga rundt omkring dykk og ikkje har levd etter forskriftene mine og ikkje halde lovene mine, og heller ikkje halde lovene til folkeslaga rundt omkring dykk,
לָכֵ֞ן כֹּֽה־אָמַ֣ר ׀ אֲדֹנָ֣י יְהוִ֗ה יַ֤עַן הֲמָנְכֶם֙ מִן־הַגּוֹיִם֙ אֲשֶׁ֣ר סְבִיבֽוֹתֵיכֶ֔ם בְּחֻקּוֹתַי֙ לֹ֣א הֲלַכְתֶּ֔ם וְאֶת־מִשְׁפָּטַ֖י לֹ֣א עֲשִׂיתֶ֑ם וּֽכְמִשְׁפְּטֵ֧י הַגּוֹיִ֛ם אֲשֶׁ֥ר סְבִיבוֹתֵיכֶ֖ם לֹ֥א עֲשִׂיתֶֽם׃ ס ‬
8difor, så seier Herren Gud: Sjå, eg kjem mot deg, ja eg! Eg vil halda dom over deg medan folkeslaga ser på.
לָכֵ֗ן כֹּ֤ה אָמַר֙ אֲדֹנָ֣י יְהוִ֔ה הִנְנִ֥י עָלַ֖יִךְ גַּם־אָ֑נִי וְעָשִׂ֧יתִי בְתוֹכֵ֛ךְ מִשְׁפָּטִ֖ים לְעֵינֵ֥י הַגּוֹיִֽם׃ ‬
9Eg vil gjera med deg det eg aldri har gjort før og aldri vil gjera att, på grunn av alle styggedommane dine.
וְעָשִׂ֣יתִי בָ֗ךְ אֵ֚ת אֲשֶׁ֣ר לֹֽא־עָשִׂ֔יתִי וְאֵ֛ת אֲשֶֽׁר־לֹֽא־אֶעֱשֶׂ֥ה כָמֹ֖הוּ ע֑וֹד יַ֖עַן כָּל־תּוֹעֲבֹתָֽיִךְ׃ ס ‬
10Difor skal fedrar eta borna sine midt i deg, og born skal eta fedrane sine. Eg vil halda dom over deg og spreia alle som er att av deg, for alle vindar.
לָכֵ֗ן אָב֞וֹת יֹאכְל֤וּ בָנִים֙ בְּתוֹכֵ֔ךְ וּבָנִ֖ים יֹאכְל֣וּ אֲבוֹתָ֑ם וְעָשִׂ֤יתִי בָךְ֙ שְׁפָטִ֔ים וְזֵרִיתִ֥י אֶת־כָּל־שְׁאֵרִיתֵ֖ךְ לְכָל־רֽוּחַ׃ פ ‬
11Difor, så sant eg lever, seier Herren Gud: Sanneleg, fordi du har gjort heilagdomen min urein med alle dei avskyelege avgudane dine og alle styggedommane dine, vil eg òg hogga ned. Mitt auge skal ikkje spara, og eg vil ikkje visa medkjensle.
לָכֵ֣ן חַי־אָ֗נִי נְאֻם֮ אֲדֹנָ֣י יְהוִה֒ אִם־לֹ֗א יַ֚עַן אֶת־מִקְדָּשִׁ֣י טִמֵּ֔את בְּכָל־שִׁקּוּצַ֖יִךְ וּבְכָל־תּוֹעֲבֹתָ֑יִךְ וְגַם־אֲנִ֤י אֶגְרַע֙ וְלֹא־תָח֣וֹס עֵינִ֔י וְגַם־אֲנִ֖י לֹ֥א אֶחְמֽוֹל׃ ‬
12Ein tredel av deg skal døy av pest og gå til grunne av svolt midt i deg. Ein tredel skal falla for sverd rundt omkring deg. Og ein tredel vil eg spreia for alle vindar, og eg vil dra sverdet etter dei.
שְׁלִשִׁתֵ֞יךְ בַּדֶּ֣בֶר יָמ֗וּתוּ וּבָֽרָעָב֙ יִכְל֣וּ בְתוֹכֵ֔ךְ וְהַ֨שְּׁלִשִׁ֔ית בַּחֶ֖רֶב יִפְּל֣וּ סְבִיבוֹתָ֑יִךְ וְהַשְּׁלִישִׁית֙ לְכָל־ר֣וּחַ אֱזָרֶ֔ה וְחֶ֖רֶב אָרִ֥יק אַחֲרֵיהֶֽם׃ ‬
13Så skal vreiden min ta slutt, og eg vil la harmen min mot dei roa seg, og eg skal få utlaup for vreiden min. Då skal dei kjenna at eg, Herren, har tala i min brennhug, når eg fullfører harmen min mot dei.
וְכָלָ֣ה אַפִּ֗י וַהֲנִחוֹתִ֧י חֲמָתִ֛י בָּ֖ם וְהִנֶּחָ֑מְתִּי וְֽיָדְע֞וּ כִּי־אֲנִ֣י יְהוָ֗ה דִּבַּ֙רְתִּי֙ בְּקִנְאָתִ֔י בְּכַלּוֹתִ֥י חֲמָתִ֖י בָּֽם׃ ‬
14Eg vil gjera deg til ei audn og til spott mellom folkeslaga rundt omkring deg, for augo på alle som går forbi.
וְאֶתְּנֵךְ֙ לְחָרְבָּ֣ה וּלְחֶרְפָּ֔ה בַּגּוֹיִ֖ם אֲשֶׁ֣ר סְבִיבוֹתָ֑יִךְ לְעֵינֵ֖י כָּל־עוֹבֵֽר׃ ‬
15Du skal bli til spott og hån, til åtvaring og skræming for folkeslaga rundt omkring deg, når eg held dom over deg i vreide og harme og med brennande straffedomar. Eg, Herren, har tala.
וְֽהָ֨יְתָ֜ה חֶרְפָּ֤ה וּגְדוּפָה֙ מוּסָ֣ר וּמְשַׁמָּ֔ה לַגּוֹיִ֖ם אֲשֶׁ֣ר סְבִיבוֹתָ֑יִךְ בַּעֲשׂ֩וֹתִי֩ בָ֨ךְ שְׁפָטִ֜ים בְּאַ֤ף וּבְחֵמָה֙ וּבְתֹכְח֣וֹת חֵמָ֔ה אֲנִ֥י יְהוָ֖ה דִּבַּֽרְתִּי׃ ‬
16Når eg sender dei vonde svoltpilene mot dykk, dei som fører til øydelegging, dei eg sender for å øydeleggja dykk, då vil eg auka svolten over dykk og bryta brødstaven dykkar.
בְּֽשַׁלְּחִ֡י אֶת־חִצֵּי֩ הָרָעָ֨ב הָרָעִ֤ים בָּהֶם֙ אֲשֶׁ֣ר הָי֣וּ לְמַשְׁחִ֔ית אֲשֶׁר־אֲשַׁלַּ֥ח אוֹתָ֖ם לְשַֽׁחֶתְכֶ֑ם וְרָעָב֙ אֹסֵ֣ף עֲלֵיכֶ֔ם וְשָׁבַרְתִּ֥י לָכֶ֖ם מַטֵּה־לָֽחֶם׃ ‬
17Eg vil senda svolt over dykk og ville dyr som skal gjera deg barnlaus. Pest og blod skal fara gjennom deg, og sverd vil eg føra over deg. Eg, Herren, har tala.
וְשִׁלַּחְתִּ֣י עֲ֠לֵיכֶם רָעָ֞ב וְחַיָּ֤ה רָעָה֙ וְשִׁכְּלֻ֔ךְ וְדֶ֥בֶר וָדָ֖ם יַעֲבָר־בָּ֑ךְ וְחֶ֙רֶב֙ אָבִ֣יא עָלַ֔יִךְ אֲנִ֥י יְהוָ֖ה דִּבַּֽרְתִּי׃ פ ‬