Jesu liv
Flukten til Egypt
Josef tar Maria og Jesus og flykter til Egypt etter at en engel advarer ham om Herodes' planer. Etter Herodes' død vender familien tilbake og bosetter seg i Nasaret.
Matteus 2,13-23
13Då dei var farne, synte ein Herrens engel seg for Josef i ein draum og sa: «Stå opp, ta med deg barnet og mor hans og røm til Egypt! Bli der til eg seier frå, for Herodes kjem til å leita etter barnet for å drepa det.»
Ἀναχωρησάντων δὲ αὐτῶν ἰδοὺ ἄγγελος κυρίου ⸂φαίνεται κατʼ ὄναρ⸃ τῷ Ἰωσὴφ λέγων· Ἐγερθεὶς παράλαβε τὸ παιδίον καὶ τὴν μητέρα αὐτοῦ καὶ φεῦγε εἰς Αἴγυπτον, καὶ ἴσθι ἐκεῖ ἕως ἂν εἴπω σοι· μέλλει γὰρ Ἡρῴδης ζητεῖν τὸ παιδίον τοῦ ἀπολέσαι αὐτό.
14Då stod han opp, tok barnet og mor hans med seg om natta og drog til Egypt.
ὁ δὲ ἐγερθεὶς παρέλαβε τὸ παιδίον καὶ τὴν μητέρα αὐτοῦ νυκτὸς καὶ ἀνεχώρησεν εἰς Αἴγυπτον,
15Der vart han verande til Herodes døydde. Slik skulle det oppfyllast, det Herren hadde tala gjennom profeten: «Frå Egypt kalla eg son min.»
καὶ ἦν ἐκεῖ ἕως τῆς τελευτῆς Ἡρῴδου· ἵνα πληρωθῇ τὸ ῥηθὲν ⸀ὑπὸ κυρίου διὰ τοῦ προφήτου λέγοντος· Ἐξ Αἰγύπτου ἐκάλεσα τὸν υἱόν μου.
16Då Herodes skjøna at dei vise mennene hadde lurt han, vart han rasande. Han sende ut folk og drap alle guteborn i Betlehem og i heile området ikring som var to år eller yngre, i samsvar med den tida han hadde fått vita av dei vise mennene.
Τότε Ἡρῴδης ἰδὼν ὅτι ἐνεπαίχθη ὑπὸ τῶν μάγων ἐθυμώθη λίαν, καὶ ἀποστείλας ἀνεῖλεν πάντας τοὺς παῖδας τοὺς ἐν Βηθλέεμ καὶ ἐν πᾶσι τοῖς ὁρίοις αὐτῆς ἀπὸ διετοῦς καὶ κατωτέρω, κατὰ τὸν χρόνον ὃν ἠκρίβωσεν παρὰ τῶν μάγων.
17Då vart det oppfylt, det som er tala gjennom profeten Jeremia:
τότε ἐπληρώθη τὸ ῥηθὲν ⸀διὰ Ἰερεμίου τοῦ προφήτου λέγοντος·
18«Ei røyst vart høyrd i Rama, gråt og stor klage. Rakel græt over borna sine og ville ikkje la seg trøysta, for dei er ikkje meir.»
Φωνὴ ἐν Ῥαμὰ ⸀ἠκούσθη, κλαυθμὸς καὶ ὀδυρμὸς πολύς· Ῥαχὴλ κλαίουσα τὰ τέκνα αὐτῆς, καὶ οὐκ ἤθελεν παρακληθῆναι ὅτι οὐκ εἰσίν.
19Då Herodes var død, synte ein Herrens engel seg i ein draum for Josef i Egypt.
Τελευτήσαντος δὲ τοῦ Ἡρῴδου ἰδοὺ ἄγγελος κυρίου ⸂φαίνεται κατʼ ὄναρ⸃ τῷ Ἰωσὴφ ἐν Αἰγύπτῳ
20Han sa: «Stå opp, ta med deg barnet og mor hans og dra til Israels land, for dei som stod barnet etter livet, er døde.»
λέγων· Ἐγερθεὶς παράλαβε τὸ παιδίον καὶ τὴν μητέρα αὐτοῦ καὶ πορεύου εἰς γῆν Ἰσραήλ, τεθνήκασιν γὰρ οἱ ζητοῦντες τὴν ψυχὴν τοῦ παιδίου.
21Då stod han opp, tok barnet og mor hans med seg og kom til Israels land.
ὁ δὲ ἐγερθεὶς παρέλαβε τὸ παιδίον καὶ τὴν μητέρα αὐτοῦ καὶ ⸀εἰσῆλθεν εἰς γῆν Ἰσραήλ.
22Men då han høyrde at Arkelaus var konge i Judea etter far sin Herodes, var han redd for å dra dit. Etter ei åtvaring i ein draum drog han til Galilea-området.
ἀκούσας δὲ ὅτι Ἀρχέλαος ⸀βασιλεύει τῆς Ἰουδαίας ἀντὶ ⸂τοῦ πατρὸς αὐτοῦ Ἡρῴδου⸃ ἐφοβήθη ἐκεῖ ἀπελθεῖν· χρηματισθεὶς δὲ κατʼ ὄναρ ἀνεχώρησεν εἰς τὰ μέρη τῆς Γαλιλαίας,
23Der busette han seg i ein by som heitte Nasaret. Slik skulle det oppfyllast som er tala gjennom profetane, at han skulle kallast nasarear.
καὶ ἐλθὼν κατῴκησεν εἰς πόλιν λεγομένην Ναζαρέτ, ὅπως πληρωθῇ τὸ ῥηθὲν διὰ τῶν προφητῶν ὅτι Ναζωραῖος κληθήσεται.