Jesu under

Helbredelse av en demonbesatt gutt

Dagen etter forklarelsen på fjellet møter Jesus en stor folkemengde. En far roper og ber Jesus se til sin eneste sønn, som plages av en ånd som river og sliter i ham. Disiplene har ikke klart å drive den ut, og Jesus klager over den vantro og vrange slekten. Han truer den urene ånden, helbreder gutten og gir ham tilbake til faren. Mens folket undrer seg over Guds storhet, forutsier Jesus at Menneskesønnen skal overgis i menneskers hender, men disiplene forstår det ikke.

Lukas 9,37-45

37Dagen etter, då dei kom ned frå fjellet, møtte ein stor folkehop han.
Ἐγένετο ⸀δὲ τῇ ἑξῆς ἡμέρᾳ κατελθόντων αὐτῶν ἀπὸ τοῦ ὄρους συνήντησεν αὐτῷ ὄχλος πολύς.
38Og sjå, ein mann i folkehopen ropa: «Meister, eg bed deg, sjå til son min, for han er det einaste barnet mitt!
καὶ ἰδοὺ ἀνὴρ ἀπὸ τοῦ ὄχλου ⸀ἐβόησεν λέγων· Διδάσκαλε, δέομαί σου ἐπιβλέψαι ἐπὶ τὸν υἱόν μου, ὅτι μονογενής ⸂μοί ἐστιν⸃,
39Ei ånd tek tak i han, og brått skrik han opp. Ho riv i han så han frådar, og ho slepper han naudleg og bryt han ned.
καὶ ἰδοὺ πνεῦμα λαμβάνει αὐτόν, καὶ ἐξαίφνης κράζει, καὶ σπαράσσει αὐτὸν μετὰ ἀφροῦ καὶ ⸀μόγις ἀποχωρεῖ ἀπʼ αὐτοῦ συντρῖβον αὐτόν·
40Eg bad læresveinane dine driva henne ut, men dei greidde det ikkje.»
καὶ ἐδεήθην τῶν μαθητῶν σου ἵνα ἐκβάλωσιν αὐτό, καὶ οὐκ ἠδυνήθησαν.
41Jesus svara: «Du vantruande og vrange slekt! Kor lenge skal eg vera hos dykk og halda ut med dykk? Før son din hit!»
ἀποκριθεὶς δὲ ὁ Ἰησοῦς εἶπεν· Ὦ γενεὰ ἄπιστος καὶ διεστραμμένη, ἕως πότε ἔσομαι πρὸς ὑμᾶς καὶ ἀνέξομαι ὑμῶν; προσάγαγε ⸂ὧδε τὸν υἱόν σου⸃.
42Medan guten kom bort til han, kasta den vonde ånda han ned og reiv i han. Men Jesus truga den ureine ånda, lækte guten og gav han tilbake til far hans.
ἔτι δὲ προσερχομένου αὐτοῦ ἔρρηξεν αὐτὸν τὸ δαιμόνιον καὶ συνεσπάραξεν· ἐπετίμησεν δὲ ὁ Ἰησοῦς τῷ πνεύματι τῷ ἀκαθάρτῳ, καὶ ἰάσατο τὸν παῖδα καὶ ἀπέδωκεν αὐτὸν τῷ πατρὶ αὐτοῦ.
43Alle vart fulle av undring over Guds stordom. Medan alle undra seg over alt det han gjorde, sa han til læresveinane sine:
ἐξεπλήσσοντο δὲ πάντες ἐπὶ τῇ μεγαλειότητι τοῦ θεοῦ. Πάντων δὲ θαυμαζόντων ἐπὶ πᾶσιν οἷς ⸀ἐποίει εἶπεν πρὸς τοὺς μαθητὰς αὐτοῦ·
44«Lat desse orda søkka inn i øyra dykkar: Menneskesonen skal bli gjeven over i menneskehender.»
Θέσθε ὑμεῖς εἰς τὰ ὦτα ὑμῶν τοὺς λόγους τούτους, ὁ γὰρ υἱὸς τοῦ ἀνθρώπου μέλλει παραδίδοσθαι εἰς χεῖρας ἀνθρώπων.
45Men dei skjøna ikkje dette ordet. Det var løynt for dei, så dei ikkje kunne fatta det. Og dei var redde for å spørja han om det.
οἱ δὲ ἠγνόουν τὸ ῥῆμα τοῦτο, καὶ ἦν παρακεκαλυμμένον ἀπʼ αὐτῶν ἵνα μὴ αἴσθωνται αὐτό, καὶ ἐφοβοῦντο ἐρωτῆσαι αὐτὸν περὶ τοῦ ῥήματος τούτου.