Moses

Den hellige salvingsoljen

Herren gir Moses oppskriften på en hellig salvingsolje laget av myrra, kanel, kalmus, kassia og olivenolje. Oljen skal brukes til å salve møteteltet, arken, alterene og redskapene, samt Aron og sønnene hans til prestetjeneste. Det er strengt forbudt å lage en lignende blanding eller bruke den på uvedkommende.

2. Mosebok 30,22-33

22Herren tala til Moses og sa:
וַיְדַבֵּ֥ר יְהוָ֖ה אֶל־מֹשֶׁ֥ה לֵּאמֹֽר׃ ‬
23Ta dei finaste kryddera: fem hundre sjekel flytande myrra, halvparten så mykje, det vil seia to hundre og femti sjekel velluktande kanel, og to hundre og femti sjekel velluktande kalmus,
וְאַתָּ֣ה קַח־לְךָ֮ בְּשָׂמִ֣ים רֹאשׁ֒ מָר־דְּרוֹר֙ חֲמֵ֣שׁ מֵא֔וֹת וְקִנְּמָן־בֶּ֥שֶׂם מַחֲצִית֖וֹ חֲמִשִּׁ֣ים וּמָאתָ֑יִם וּקְנֵה־בֹ֖שֶׂם חֲמִשִּׁ֥ים וּמָאתָֽיִם׃ ‬
24og fem hundre sjekel kassia etter heilagdomsvekt, og ein hin olivenolje.
וְקִדָּ֕ה חֲמֵ֥שׁ מֵא֖וֹת בְּשֶׁ֣קֶל הַקֹּ֑דֶשׁ וְשֶׁ֥מֶן זַ֖יִת הִֽין׃ ‬
25Av dette skal du laga ei heilag salvingsolje, ei krydderblanding laga slik ein salvemaker gjer det. Det skal vera ei heilag salvingsolje.
וְעָשִׂ֣יתָ אֹת֗וֹ שֶׁ֚מֶן מִשְׁחַת־קֹ֔דֶשׁ רֹ֥קַח מִרְקַ֖חַת מַעֲשֵׂ֣ה רֹקֵ֑חַ שֶׁ֥מֶן מִשְׁחַת־קֹ֖דֶשׁ יִהְיֶֽה׃ ‬
26Med den skal du salva møteteltet og vitnemålsarka,
וּמָשַׁחְתָּ֥ ב֖וֹ אֶת־אֹ֣הֶל מוֹעֵ֑ד וְאֵ֖ת אֲר֥וֹן הָעֵדֻֽת׃ ‬
27bordet med alt utstyret, lysestaken med utstyret og røykjelsesaltaret,
וְאֶת־הַשֻּׁלְחָן֙ וְאֶת־כָּל־כֵּלָ֔יו וְאֶת־הַמְּנֹרָ֖ה וְאֶת־כֵּלֶ֑יהָ וְאֵ֖ת מִזְבַּ֥ח הַקְּטֹֽרֶת׃ ‬
28brennofferaltaret med alt utstyret, og koparfatet med foten.
וְאֶת־מִזְבַּ֥ח הָעֹלָ֖ה וְאֶת־כָּל־כֵּלָ֑יו וְאֶת־הַכִּיֹּ֖ר וְאֶת־כַּנּֽוֹ׃ ‬
29Du skal vigsla dei så dei blir høgheilage. Alt som rører ved dei, blir heilagt.
וְקִדַּשְׁתָּ֣ אֹתָ֔ם וְהָי֖וּ קֹ֣דֶשׁ קֽ͏ָדָשִׁ֑ים כָּל־הַנֹּגֵ֥עַ בָּהֶ֖ם יִקְדָּֽשׁ׃ ‬
30Aron og sønene hans skal du salva og vigsla til å gjera presteteneste for meg.
וְאֶת־אַהֲרֹ֥ן וְאֶת־בָּנָ֖יו תִּמְשָׁ֑ח וְקִדַּשְׁתָּ֥ אֹתָ֖ם לְכַהֵ֥ן לִֽי׃ ‬
31Til israelittane skal du seia: Dette skal vera ei heilag salvingsolje for meg gjennom alle slekter.
וְאֶל־בְּנֵ֥י יִשְׂרָאֵ֖ל תְּדַבֵּ֣ר לֵאמֹ֑ר שֶׁ֠מֶן מִשְׁחַת־קֹ֨דֶשׁ יִהְיֶ֥ה זֶ֛ה לִ֖י לְדֹרֹתֵיכֶֽם׃ ‬
32Ho skal ikkje hellast på kroppen til vanlege menneske, og de skal ikkje laga noko liknande med same blandinga. Ho er heilag og skal vera heilag for dykk.
עַל־בְּשַׂ֤ר אָדָם֙ לֹ֣א יִיסָ֔ךְ וּבְמַ֨תְכֻּנְתּ֔וֹ לֹ֥א תַעֲשׂ֖וּ כָּמֹ֑הוּ קֹ֣דֶשׁ ה֔וּא קֹ֖דֶשׁ יִהְיֶ֥ה לָכֶֽם׃ ‬
33Den som lagar ei liknande salve eller smør henne på ein som ikkje har rett til det, skal støytast ut frå folket sitt.
אִ֚ישׁ אֲשֶׁ֣ר יִרְקַ֣ח כָּמֹ֔הוּ וַאֲשֶׁ֥ר יִתֵּ֛ן מִמֶּ֖נּוּ עַל־זָ֑ר וְנִכְרַ֖ת מֵעַמָּֽיו׃ ס ‬