Profetane
Herrens anklage mot Israel
Herren innleder en rettssak mot sitt folk og minner dem om sin frelseshistorie fra Egypt og Bileams velsignelse. Han krever rett, barmhjertighet og ydmyk vandring fremfor rituelle offer. Profeten avslører folkets urettferdighet, falske vekt, løgn og vold, og kunngjør dommen over dem fordi de følger Omris og Akabs veier.
Mika 6,1-16
1Høyr no kva Herren seier: Reis deg og før saka di for fjella, lat haugane høyra røysta di!
שִׁמְעוּ־נָ֕א אֵ֥ת אֲשֶׁר־יְהוָ֖ה אֹמֵ֑ר ק֚וּם רִ֣יב אֶת־הֶהָרִ֔ים וְתִשְׁמַ֥עְנָה הַגְּבָע֖וֹת קוֹלֶֽךָ׃
2Høyr, de fjell, saka Herren fører, de evige grunnvollar under jorda! For Herren har ei sak mot folket sitt, han går i rette med Israel.
שִׁמְע֤וּ הָרִים֙ אֶת־רִ֣יב יְהוָ֔ה וְהָאֵתָנִ֖ים מֹ֣סְדֵי אָ֑רֶץ כִּ֣י רִ֤יב לַֽיהוָה֙ עִם־עַמּ֔וֹ וְעִם־יִשְׂרָאֵ֖ל יִתְוַכָּֽח׃
3Folket mitt, kva har eg gjort mot deg? Korleis har eg trøytta deg ut? Svar meg!
עַמִּ֛י מֶה־עָשִׂ֥יתִי לְךָ֖ וּמָ֣ה הֶלְאֵתִ֑יךָ עֲנֵ֥ה בִּֽי׃
4For eg førte deg opp frå Egypt og løyste deg ut frå slavehuset. Eg sende Moses, Aron og Mirjam føre deg.
כִּ֤י הֶעֱלִתִ֙יךָ֙ מֵאֶ֣רֶץ מִצְרַ֔יִם וּמִבֵּ֥ית עֲבָדִ֖ים פְּדִיתִ֑יךָ וָאֶשְׁלַ֣ח לְפָנֶ֔יךָ אֶת־מֹשֶׁ֖ה אַהֲרֹ֥ן וּמִרְיָֽם׃
5Folket mitt, kom i hug kva Balak, kongen i Moab, la planar om, og kva Bileam, son til Beor, svara han, det som hende frå Sjittim til Gilgal, så du kan kjenna Herrens rettferdige gjerningar.
עַמִּ֗י זְכָר־נָא֙ מַה־יָּעַ֗ץ בָּלָק֙ מֶ֣לֶךְ מוֹאָ֔ב וּמֶה־עָנָ֥ה אֹת֖וֹ בִּלְעָ֣ם בֶּן־בְּע֑וֹר מִן־הַשִּׁטִּים֙ עַד־הַגִּלְגָּ֔ל לְמַ֕עַן דַּ֖עַת צִדְק֥וֹת יְהוָֽה׃
6Kva skal eg koma fram for Herren med, korleis skal eg bøya meg for Gud i det høge? Skal eg koma til han med brennoffer, med eittårs kalvar?
בַּמָּה֙ אֲקַדֵּ֣ם יְהוָ֔ה אִכַּ֖ף לֵאלֹהֵ֣י מָר֑וֹם הַאֲקַדְּמֶ֣נּוּ בְעוֹל֔וֹת בַּעֲגָלִ֖ים בְּנֵ֥י שָׁנָֽה׃
7Vil Herren ha glede av tusenvis av vêrar, av titusenvis av oljebekker? Skal eg gje den førstefødde min for lovbrotet mitt, frukta i mitt liv for synda mi?
הֲיִרְצֶ֤ה יְהוָה֙ בְּאַלְפֵ֣י אֵילִ֔ים בְּרִֽבְב֖וֹת נַֽחֲלֵי־שָׁ֑מֶן הַאֶתֵּ֤ן בְּכוֹרִי֙ פִּשְׁעִ֔י פְּרִ֥י בִטְנִ֖י חַטַּ֥את נַפְשִֽׁי׃
8Han har kunngjort for deg, menneske, kva som er godt. Og kva krev Herren av deg? Berre dette: å gjera rett, å elska trufast kjærleik og å ferdast audmjukt med din Gud.
הִגִּ֥יד לְךָ֛ אָדָ֖ם מַה־טּ֑וֹב וּמָֽה־יְהוָ֞ה דּוֹרֵ֣שׁ מִמְּךָ֗ כִּ֣י אִם־עֲשׂ֤וֹת מִשְׁפָּט֙ וְאַ֣הֲבַת חֶ֔סֶד וְהַצְנֵ֥עַ לֶ֖כֶת עִם־אֱלֹהֶֽיךָ׃ פ
9Herrens røyst ropar til byen – det er visdom å frykta namnet ditt – Høyr, de stammar, og de som er samla i byen!
ק֤וֹל יְהוָה֙ לָעִ֣יר יִקְרָ֔א וְתוּשִׁיָּ֖ה יִרְאֶ֣ה שְׁמֶ֑ךָ שִׁמְע֥וּ מַטֶּ֖ה וּמִ֥י יְעָדָֽהּ׃
10Finst det enno i huset til den urettferdige skattar frå urett og det forbanna, knappe målet?
ע֗וֹד הַאִשׁ֙ בֵּ֣ית רָשָׁ֔ע אֹצְר֖וֹת רֶ֑שַׁע וְאֵיפַ֥ת רָז֖וֹן זְעוּמָֽה׃
11Kan eg frikjenna den som brukar falsk vekt og pung med svikefulle vektsteinar?
הַאֶזְכֶּ֖ה בְּמֹ֣אזְנֵי רֶ֑שַׁע וּבְכִ֖יס אַבְנֵ֥י מִרְמָֽה׃
12Dei rike i byen er fulle av vald, innbyggjarane talar lygn, og tunga i munnen deira er falsk.
אֲשֶׁ֤ר עֲשִׁירֶ֙יהָ֙ מָלְא֣וּ חָמָ֔ס וְיֹשְׁבֶ֖יהָ דִּבְּרוּ־שָׁ֑קֶר וּלְשׁוֹנָ֖ם רְמִיָּ֥ה בְּפִיהֶֽם׃
13Difor har eg òg gjort deg sjuk med å slå deg, lagt deg i øyde på grunn av syndene dine.
וְגַם־אֲנִ֖י הֶחֱלֵ֣יתִי הַכּוֹתֶ֑ךָ הַשְׁמֵ֖ם עַל־חַטֹּאתֶֽךָ׃
14Du skal eta, men ikkje bli mett, det skal gnaga i innvollane dine. Du skal samla saman, men ikkje berga noko, og det du bergar, skal eg gje til sverdet.
אַתָּ֤ה תֹאכַל֙ וְלֹ֣א תִשְׂבָּ֔ע וְיֶשְׁחֲךָ֖ בְּקִרְבֶּ֑ךָ וְתַסֵּג֙ וְלֹ֣א תַפְלִ֔יט וַאֲשֶׁ֥ר תְּפַלֵּ֖ט לַחֶ֥רֶב אֶתֵּֽן׃
15Du skal så, men ikkje hausta. Du skal pressa oliven, men ikkje salva deg med olje, pressa druer, men ikkje drikka vin.
אַתָּ֥ה תִזְרַ֖ע וְלֹ֣א תִקְצ֑וֹר אַתָּ֤ה תִדְרֹֽךְ־זַ֙יִת֙ וְלֹא־תָס֣וּךְ שֶׁ֔מֶן וְתִיר֖וֹשׁ וְלֹ֥א תִשְׁתֶּה־יָּֽיִן׃
16For Omris forskrifter vert haldne og all framferda til Akabs hus, de følgjer råda deira. Difor gjer eg deg til ei øydemark og innbyggjarane til spott, de skal bera vanæra åt folket mitt.
וְיִשְׁתַּמֵּ֞ר חֻקּ֣וֹת עָמְרִ֗י וְכֹל֙ מַעֲשֵׂ֣ה בֵית־אַחְאָ֔ב וַתֵּלְכ֖וּ בְּמֹֽעֲצוֹתָ֑ם לְמַעַן֩ תִּתִּ֨י אֹתְךָ֜ לְשַׁמָּ֗ה וְיֹשְׁבֶ֙יהָ֙ לִשְׁרֵקָ֔ה וְחֶרְפַּ֥ת עַמִּ֖י תִּשָּֽׂאוּ׃ פ