Profetane

Jeremias klage og bønn

Jeremia uttrykker sin dype smerte over å være gjenstand for spott og forfølgelse, og bekrefter at Herrens ord er som en brennende ild i hjertet han ikke kan holde tilbake. Han stoler på Herren som en mektig kriger, men forbanner samtidig dagen han ble født.

Jeremia 20,7-18

7Du lokka meg, Herre, og eg let meg lokka. Du var sterkare enn meg og vann. Eg har blitt til latter heile dagen, alle spottar meg.
פִּתִּיתַ֤נִי יְהוָה֙ וֽ͏ָאֶפָּ֔ת חֲזַקְתַּ֖נִי וַתּוּכָ֑ל הָיִ֤יתִי לִשְׂחוֹק֙ כָּל־הַיּ֔וֹם כֻּלֹּ֖ה לֹעֵ֥ג לִֽי׃ ‬
8For kvar gong eg talar, må eg ropa ut om vald og øydelegging. Herrens ord har blitt til spott og hån for meg heile dagen.
כִּֽי־מִדֵּ֤י אֲדַבֵּר֙ אֶזְעָ֔ק חָמָ֥ס וָשֹׁ֖ד אֶקְרָ֑א כִּֽי־הָיָ֨ה דְבַר־יְהוָ֥ה לִ֛י לְחֶרְפָּ֥ה וּלְקֶ֖לֶס כָּל־הַיּֽוֹם׃ ‬
9Eg tenkte: «Eg vil ikkje minnast han og ikkje tala meir i hans namn.» Men det vart som ein brennande eld i hjartet mitt, innestengd i beina mine. Eg trøytna av å halda det tilbake og makta det ikkje.
וְאָמַרְתִּ֣י לֹֽא־אֶזְכְּרֶ֗נּוּ וְלֹֽא־אֲדַבֵּ֥ר עוֹד֙ בִּשְׁמ֔וֹ וְהָיָ֤ה בְלִבִּי֙ כְּאֵ֣שׁ בֹּעֶ֔רֶת עָצֻ֖ר בְּעַצְמֹתָ֑י וְנִלְאֵ֥יתִי כַּֽלְכֵ֖ל וְלֹ֥א אוּכָֽל׃ ‬
10For eg høyrer kva mange kviskrar: «Redsle rundt omkring! Meld han! Lat oss melda han!» Alle mine nære vener vaktar på om eg snåvar: «Kanskje han let seg lokka, så vi får makt over han og kan ta hemn over han.»
כִּ֣י שָׁמַ֜עְתִּי דִּבַּ֣ת רַבִּים֮ מָג֣וֹר מִסָּבִיב֒ הַגִּ֙ידוּ֙ וְנַגִּידֶ֔נּוּ כֹּ֚ל אֱנ֣וֹשׁ שְׁלוֹמִ֔י שֹׁמְרֵ֖י צַלְעִ֑י אוּלַ֤י יְפֻתֶּה֙ וְנ֣וּכְלָה ל֔וֹ וְנִקְחָ֥ה נִקְמָתֵ֖נוּ מִמֶּֽנּוּ׃ ‬
11Men Herren er med meg som ein veldig krigar. Difor skal forfølgjarane mine snåva og ikkje vinna. Dei skal bli storleg til skamme, for dei lukkast ikkje. Ei æveleg vanære som ikkje skal gløymast.
וַֽיהוָ֤ה אוֹתִי֙ כְּגִבּ֣וֹר עָרִ֔יץ עַל־כֵּ֛ן רֹדְפַ֥י יִכָּשְׁל֖וּ וְלֹ֣א יֻכָ֑לוּ בֹּ֤שׁוּ מְאֹד֙ כִּֽי־לֹ֣א הִשְׂכִּ֔ילוּ כְּלִמַּ֥ת עוֹלָ֖ם לֹ֥א תִשָּׁכֵֽחַ׃ ‬
12Herre over hærskarane, du som prøver den rettferdige og ser nyrer og hjarte, lat meg få sjå di hemn over dei, for eg har lagt saka mi fram for deg.
וַיהוָ֤ה צְבָאוֹת֙ בֹּחֵ֣ן צַדִּ֔יק רֹאֶ֥ה כְלָי֖וֹת וָלֵ֑ב אֶרְאֶ֤ה נִקְמָֽתְךָ֙ מֵהֶ֔ם כִּ֥י אֵלֶ֖יךָ גִּלִּ֥יתִי אֶת־רִיבִֽי׃ ס ‬
13Syng for Herren, lovpris Herren! For han har fria den fattige ut or hendene på valdsmenn.
שִׁ֚ירוּ לַֽיהוָ֔ה הַֽלְל֖וּ אֶת־יְהוָ֑ה כִּ֥י הִצִּ֛יל אֶת־נֶ֥פֶשׁ אֶבְי֖וֹן מִיַּ֥ד מְרֵעִֽים׃ ס ‬
14Forbanna vere den dagen eg vart fødd! Den dagen mor mi fødde meg, skal ikkje vera velsigna.
אָר֣וּר הַיּ֔וֹם אֲשֶׁ֥ר יֻלַּ֖דְתִּי בּ֑וֹ י֛וֹם אֲשֶׁר־יְלָדַ֥תְנִי אִמִּ֖י אַל־יְהִ֥י בָרֽוּךְ׃ ‬
15Forbanna vere den mannen som kom med bod til far min og sa: «Du har fått ein gut!» og gjorde han så glad.
אָר֣וּר הָאִ֗ישׁ אֲשֶׁ֨ר בִּשַּׂ֤ר אֶת־אָבִי֙ לֵאמֹ֔ר יֻֽלַּד־לְ‪[t]‬ךָ֖ בֵּ֣ן זָכָ֑ר שַׂמֵּ֖חַ שִׂמֳּחָֽהוּ׃ ‬
16Lat den mannen bli som dei byane Herren øydela utan å anga det! Lat han høyra skrik om morgonen og krigsrop midt på dagen!
וְהָיָה֙ הָאִ֣ישׁ הַה֔וּא כֶּֽעָרִ֛ים אֲשֶׁר־הָפַ֥ךְ יְהוָ֖ה וְלֹ֣א נִחָ֑ם וְשָׁמַ֤ע זְעָקָה֙ בַּבֹּ֔קֶר וּתְרוּעָ֖ה בְּעֵ֥ת צָהֳרָֽיִם׃ ‬
17Kvifor drap han meg ikkje i morslivet, så mor mi kunne ha vorte grava mi og hennar morsliv svanger for alltid?
אֲשֶׁ֥ר לֹא־מוֹתְתַ֖נִי מֵרָ֑חֶם וַתְּהִי־לִ֤י אִמִּי֙ קִבְרִ֔י וְרַחְמָ֖הֿ הֲרַ֥ת עוֹלָֽם׃ ‬
18Kvifor kom eg ut or morslivet for å sjå møde og sorg, så dagane mine endar i skam?
לָ֤מָּה זֶּה֙ מֵרֶ֣חֶם יָצָ֔אתִי לִרְא֥וֹת עָמָ֖ל וְיָג֑וֹן וַיִּכְל֥וּ בְּבֹ֖שֶׁת יָמָֽי׃ פ ‬