Profetane

Jerusalems opprinnelse og pakten

En kraftfull allegori der Jerusalem beskrives som et forlatt spedbarn av kanaaneisk opprinnelse. Herren går forbi, redder barnet, lar det vokse opp, inngår pakt med henne, kler henne i prakt og gjør henne til en vakker dronning hvis rykte når ut blant folkeslagene.

Esekiel 16,1-14

1Herrens ord kom til meg:
וַיְהִ֥י דְבַר־יְהוָ֖ה אֵלַ֥י לֵאמֹֽר׃ ‬
2Menneske, lat Jerusalem få vita om sine styggedomar.
בֶּן־אָדָ֕ם הוֹדַ֥ע אֶת־יְרוּשָׁלַ֖͏ִם אֶת־תּוֹעֲבֹתֶֽיהָ׃ ‬
3Sei: Så seier Herren Gud til Jerusalem: Opphavet ditt og fødselen din er frå kanaanearane sitt land. Far din var amoritt, og mor di var hetitt.
וְאָמַרְתָּ֞ כֹּה־אָמַ֨ר אֲדֹנָ֤י יְהוִה֙ לִיר֣וּשָׁלִַ֔ם מְכֹרֹתַ֙יִךְ֙ וּמֹ֣לְדֹתַ֔יִךְ מֵאֶ֖רֶץ הַֽכְּנַעֲנִ֑י אָבִ֥יךְ הָאֱמֹרִ֖י וְאִמֵּ֥ךְ חִתִּֽית׃ ‬
4Då du vart fødd, vart ikkje navlestrengen din skoren av, du vart ikkje vaska med vatn til reinsing, ikkje gniden inn med salt og ikkje sveipt i reiner.
וּמוֹלְדוֹתַ֗יִךְ בְּי֨וֹם הוּלֶּ֤דֶת אֹתָךְ֙ לֹֽא־כָרַּ֣ת שָׁרֵּ֔ךְ וּבְמַ֥יִם לֹֽא־רֻחַ֖צְתְּ לְמִשְׁעִ֑י וְהָמְלֵ֙חַ֙ לֹ֣א הֻמְלַ֔חַתְּ וְהָחְתֵּ֖ל לֹ֥א חֻתָּֽלְתְּ׃ ‬
5Ikkje eit auge såg på deg med medkjensle og gjorde noko av dette for deg. Du vart kasta ut på open mark fordi dei avskydde deg den dagen du vart fødd.
לֹא־חָ֨סָה עָלַ֜יִךְ עַ֗יִן לַעֲשׂ֥וֹת לָ֛ךְ אַחַ֥ת מֵאֵ֖לֶּה לְחֻמְלָ֣ה עָלָ֑יִךְ וַֽתֻּשְׁלְכִ֞י אֶל־פְּנֵ֤י הַשָּׂדֶה֙ בְּגֹ֣עַל נַפְשֵׁ֔ךְ בְּי֖וֹם הֻלֶּ֥דֶת אֹתָֽךְ׃ ‬
6Då gjekk eg forbi deg og såg deg liggja og sprella i blodet ditt. Eg sa til deg medan du låg der i blodet: Lev! Ja, eg sa til deg: Lev!
וָאֶעֱבֹ֤ר עָלַ֙יִךְ֙ וָֽאֶרְאֵ֔ךְ מִתְבּוֹסֶ֖סֶת בְּדָמָ֑יִךְ וָאֹ֤מַר לָךְ֙ בְּדָמַ֣יִךְ חֲיִ֔י וָאֹ֥מַר לָ֖ךְ בְּדָמַ֥יִךְ חֲיִֽי׃ ‬
7Eg lét deg veksa som plantene på marka. Du voks og vart stor og nådde full venleik. Brysta dine vart faste og håret ditt voks, men du var naken og berr.
רְבָבָ֗ה כְּצֶ֤מַח הַשָּׂדֶה֙ נְתַתִּ֔יךְ וַתִּרְבִּי֙ וַֽתִּגְדְּלִ֔י וַתָּבֹ֖אִי בַּעֲדִ֣י עֲדָיִ֑ים שָׁדַ֤יִם נָכֹ֙נוּ֙ וּשְׂעָרֵ֣ךְ צִמֵּ֔חַ וְאַ֖תְּ עֵרֹ֥ם וְעֶרְיָֽה׃ ‬
8Så gjekk eg forbi deg att og såg på deg. Og sjå, tida di var komen, tida for kjærleik. Då breidde eg kjortelflaket mitt over deg og dekte nakenskapen din. Eg svor deg truskap og gjekk inn i ei pakt med deg, seier Herren Gud, og du vart mi.
וָאֶעֱבֹ֨ר עָלַ֜יִךְ וָאֶרְאֵ֗ךְ וְהִנֵּ֤ה עִתֵּךְ֙ עֵ֣ת דֹּדִ֔ים וָאֶפְרֹ֤שׂ כְּנָפִי֙ עָלַ֔יִךְ וָאֲכַסֶּ֖ה עֶרְוָתֵ֑ךְ וָאֶשָּׁ֣בַֽע לָ֠ךְ וָאָב֨וֹא בִבְרִ֜ית אֹתָ֗ךְ נְאֻ֛ם אֲדֹנָ֥י יְהוִ֖ה וַתִּ֥הְיִי לִֽי׃ ‬
9Eg vaska deg med vatn, skylja blodet av deg og salva deg med olje.
וָאֶרְחָצֵ֣ךְ בַּמַּ֔יִם וָאֶשְׁטֹ֥ף דָּמַ֖יִךְ מֵֽעָלָ֑יִךְ וָאֲסֻכֵ֖ךְ בַּשָּֽׁמֶן׃ ‬
10Eg kledde deg i fargesterke klede, gav deg sko av fint lêr, kledde deg i lin og hylla deg i silke.
וָאַלְבִּישֵׁ֣ךְ רִקְמָ֔ה וָאֶנְעֲלֵ֖ךְ תָּ֑חַשׁ וָאֶחְבְּשֵׁ֣ךְ בַּשֵּׁ֔שׁ וַאֲכַסֵּ֖ךְ מֶֽשִׁי׃ ‬
11Eg pryda deg med smykke, sette armband på armane dine og kjede om halsen din.
וָאֶעְדֵּ֖ךְ עֶ֑דִי וָאֶתְּנָ֤ה צְמִידִים֙ עַל־יָדַ֔יִךְ וְרָבִ֖יד עַל־גְּרוֹנֵֽךְ׃ ‬
12Eg sette ein ring i nasen din, øyredobbar i øyra dine og ei prydekrone på hovudet ditt.
וָאֶתֵּ֥ן נֶ֙זֶם֙ עַל־אַפֵּ֔ךְ וַעֲגִילִ֖ים עַל־אָזְנָ֑יִךְ וַעֲטֶ֥רֶת תִּפְאֶ֖רֶת בְּרֹאשֵֽׁךְ׃ ‬
13Slik vart du pryda med gull og sølv. Kleda dine var av lin, silke og fargesterke stoff. Du åt det finaste mjøl, honning og olje. Du vart ovleg vakker og vart verdig til å vera dronning.
וַתַּעְדִּ֞י זָהָ֣ב וָכֶ֗סֶף וּמַלְבּוּשֵׁךְ֙ *ששי **שֵׁ֤שׁ וָמֶ֙שִׁי֙ וְרִקְמָ֔ה סֹ֧לֶת וּדְבַ֛שׁ וָשֶׁ֖מֶן *אכלתי **אָכָ֑לְתְּ וַתִּ֙יפִי֙ בִּמְאֹ֣ד מְאֹ֔ד וַֽתִּצְלְחִ֖י לִמְלוּכָֽה׃ ‬
14Og ryktet om venleiken din spreidde seg mellom folka, for han var fullkomen på grunn av den herlegdomen eg hadde lagt på deg, seier Herren Gud.
וַיֵּ֨צֵא לָ֥ךְ שֵׁ֛ם בַּגּוֹיִ֖ם בְּיָפְיֵ֑ךְ כִּ֣י ׀ כָּלִ֣יל ה֗וּא בַּֽהֲדָרִי֙ אֲשֶׁר־שַׂ֣מְתִּי עָלַ֔יִךְ נְאֻ֖ם אֲדֹנָ֥י יְהוִֽה׃ ‬