Jesu liv
Jesu dåp
Jesus kommer fra Galilea til Jordan og blir døpt av Johannes. Da han stiger opp av vannet, åpner himmelen seg, Ånden daler ned som en due, og en røst fra himmelen sier: «Dette er min Sønn, den elskede.»
Matteus 3,13-17
13Då kom Jesus frå Galilea til Jordan for å bli døypt av Johannes.
Τότε παραγίνεται ὁ Ἰησοῦς ἀπὸ τῆς Γαλιλαίας ἐπὶ τὸν Ἰορδάνην πρὸς τὸν Ἰωάννην τοῦ βαπτισθῆναι ὑπʼ αὐτοῦ.
14Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng å bli døypt av deg, og så kjem du til meg?»
ὁ δὲ ⸀Ἰωάννης διεκώλυεν αὐτὸν λέγων· Ἐγὼ χρείαν ἔχω ὑπὸ σοῦ βαπτισθῆναι, καὶ σὺ ἔρχῃ πρός με;
15Jesus svara han: «Lat det no skje! For slik høver det seg for oss å oppfylla all rettferd.» Då lét Johannes det skje.
ἀποκριθεὶς δὲ ὁ Ἰησοῦς εἶπεν ⸂πρὸς αὐτόν⸃· Ἄφες ἄρτι, οὕτως γὰρ πρέπον ἐστὶν ἡμῖν πληρῶσαι πᾶσαν δικαιοσύνην. τότε ἀφίησιν αὐτόν.
16Då Jesus var døypt, steig han straks opp av vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma ned over han som ei due.
⸂βαπτισθεὶς δὲ⸃ ὁ Ἰησοῦς ⸂εὐθὺς ἀνέβη⸃ ἀπὸ τοῦ ὕδατος· καὶ ἰδοὺ ⸀ἠνεῴχθησαν οἱ οὐρανοί, καὶ εἶδεν ⸀πνεῦμα θεοῦ καταβαῖνον ὡσεὶ ⸀περιστερὰν ἐρχόμενον ἐπʼ αὐτόν·
17Og sjå, ei røyst frå himmelen sa: «Dette er Son min, han som eg elskar. I han har eg velvilje.»
καὶ ἰδοὺ φωνὴ ἐκ τῶν οὐρανῶν λέγουσα· Οὗτός ἐστιν ὁ υἱός μου ὁ ἀγαπητός, ἐν ᾧ εὐδόκησα.
Markus 1,9-11
9I dei dagane kom Jesus frå Nasaret i Galilea og vart døypt av Johannes i Jordan.
Καὶ ἐγένετο ἐν ἐκείναις ταῖς ἡμέραις ἦλθεν Ἰησοῦς ἀπὸ Ναζαρὲτ τῆς Γαλιλαίας καὶ ἐβαπτίσθη ⸂εἰς τὸν Ἰορδάνην ὑπὸ Ἰωάννου⸃.
10Straks han steig opp av vatnet, såg han himmelen opna seg og Anden dala ned over han som ei due.
καὶ ⸀εὐθὺς ἀναβαίνων ⸀ἐκ τοῦ ὕδατος εἶδεν σχιζομένους τοὺς οὐρανοὺς καὶ τὸ πνεῦμα ⸀ὡς περιστερὰν καταβαῖνον ⸀εἰς αὐτόν·
11Og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er Son min, som eg elskar. I deg har eg mi glede.»
καὶ φωνὴ ἐγένετο ἐκ τῶν οὐρανῶν· Σὺ εἶ ὁ υἱός μου ὁ ἀγαπητός, ἐν ⸀σοὶ εὐδόκησα.
Lukas 3,21-22
21Då alt folket vart døypt, og også Jesus var døypt og bad, hende det at himmelen opna seg,
Ἐγένετο δὲ ἐν τῷ βαπτισθῆναι ἅπαντα τὸν λαὸν καὶ Ἰησοῦ βαπτισθέντος καὶ προσευχομένου ἀνεῳχθῆναι τὸν οὐρανὸν
22og Den Heilage Ande steig ned over han i synleg skapnad som ei due. Og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er Son min, som eg elskar. I deg har eg mi glede.»
καὶ καταβῆναι τὸ πνεῦμα τὸ ἅγιον σωματικῷ εἴδει ⸀ὡς περιστερὰν ἐπʼ αὐτόν, καὶ φωνὴν ἐξ οὐρανοῦ ⸀γενέσθαι· Σὺ εἶ ὁ υἱός μου ὁ ἀγαπητός, ἐν σοὶ εὐδόκησα.
Johannes 1,29-34
29Dagen etter ser han Jesus koma mot seg og seier: «Sjå, Guds lam, som tek bort synda i verda!
Τῇ ἐπαύριον βλέπει τὸν Ἰησοῦν ἐρχόμενον πρὸς αὐτόν, καὶ λέγει· Ἴδε ὁ ἀμνὸς τοῦ θεοῦ ὁ αἴρων τὴν ἁμαρτίαν τοῦ κόσμου.
30Det var om han eg sa: Etter meg kjem ein mann som har gått framom meg, for han var før meg.
οὗτός ἐστιν ⸀ὑπὲρ οὗ ἐγὼ εἶπον· Ὀπίσω μου ἔρχεται ἀνὴρ ὃς ἔμπροσθέν μου γέγονεν, ὅτι πρῶτός μου ἦν·
31Eg kjende han ikkje, men for at han skulle bli openberra for Israel, difor kom eg og døyper med vatn.»
κἀγὼ οὐκ ᾔδειν αὐτόν, ἀλλʼ ἵνα φανερωθῇ τῷ Ἰσραὴλ διὰ τοῦτο ἦλθον ἐγὼ ⸀ἐν ὕδατι βαπτίζων.
32Og Johannes vitna og sa: «Eg såg Anden koma ned frå himmelen som ei due, og han vart verande over han.
καὶ ἐμαρτύρησεν Ἰωάννης λέγων ὅτι Τεθέαμαι τὸ πνεῦμα καταβαῖνον ⸀ὡς περιστερὰν ἐξ οὐρανοῦ, καὶ ἔμεινεν ἐπʼ αὐτόν·
33Eg kjende han ikkje, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Han du ser Anden koma ned over og bli verande over, han er den som døyper med Den Heilage Ande.
κἀγὼ οὐκ ᾔδειν αὐτόν, ἀλλʼ ὁ πέμψας με βαπτίζειν ἐν ὕδατι ἐκεῖνός μοι εἶπεν· Ἐφʼ ὃν ἂν ἴδῃς τὸ πνεῦμα καταβαῖνον καὶ μένον ἐπʼ αὐτόν, οὗτός ἐστιν ὁ βαπτίζων ἐν πνεύματι ἁγίῳ·
34Eg har sett det, og eg har vitna: Han er Guds utvalde.
κἀγὼ ἑώρακα, καὶ μεμαρτύρηκα ὅτι οὗτός ἐστιν ὁ ⸀ἐκλεκτὸς τοῦ θεοῦ.