Jesu liding
Jesus stilles for retten hos Kaifas
Jesus føres til øverstepresten Kaifas, hvor Rådet leter etter falskt vitnesbyrd mot ham. Til slutt vitner to om at han har sagt han kan rive ned tempelet og bygge det opp igjen på tre dager. Når øverstepresten besverger ham, bekrefter Jesus at han er Kristus, Guds Sønn, og taler om Menneskesønnen ved Maktens høyre hånd. Han dømmes skyldig til døden for gudsbespottelse, og blir spyttet på og slått.
Matteus 26,57-68
57Dei som hadde gripe Jesus, førte han til øvstepresten Kaifas, der dei skriftlærde og dei eldste hadde samla seg.
Οἱ δὲ κρατήσαντες τὸν Ἰησοῦν ἀπήγαγον πρὸς Καϊάφαν τὸν ἀρχιερέα, ὅπου οἱ γραμματεῖς καὶ οἱ πρεσβύτεροι συνήχθησαν.
58Peter følgde etter på avstand heilt til garden til øvstepresten. Han gjekk inn og sette seg mellom vaktene for å sjå korleis det enda.
ὁ δὲ Πέτρος ἠκολούθει αὐτῷ ἀπὸ μακρόθεν ἕως τῆς αὐλῆς τοῦ ἀρχιερέως, καὶ εἰσελθὼν ἔσω ἐκάθητο μετὰ τῶν ὑπηρετῶν ἰδεῖν τὸ τέλος.
59Overprestane og heile Rådet leita etter falske vitnemål mot Jesus for å kunna døma han til døden.
οἱ δὲ ἀρχιερεῖς ⸀καὶ τὸ συνέδριον ὅλον ἐζήτουν ψευδομαρτυρίαν κατὰ τοῦ Ἰησοῦ ὅπως ⸂αὐτὸν θανατώσωσιν⸃,
60Men dei fann ikkje noko, endå mange falske vitne steig fram. Til sist kom det to fram
καὶ οὐχ εὗρον ⸂πολλῶν προσελθόντων ψευδομαρτύρων. ὕστερον δὲ προσελθόντες δύο⸃
61og sa: «Denne mannen har sagt: 'Eg kan riva ned Guds tempel og byggja det opp att på tre dagar.'»
εἶπαν· Οὗτος ἔφη· Δύναμαι καταλῦσαι τὸν ναὸν τοῦ θεοῦ καὶ διὰ τριῶν ἡμερῶν ⸀οἰκοδομῆσαι.
62Då reiste øvstepresten seg og sa til han: «Svarar du ikkje? Kva er det desse vitnar mot deg?»
καὶ ἀναστὰς ὁ ἀρχιερεὺς εἶπεν αὐτῷ· Οὐδὲν ἀποκρίνῃ; τί οὗτοί σου καταμαρτυροῦσιν;
63Men Jesus tagde. Øvstepresten sa til han: «Eg tek deg i eid ved den levande Gud: Sei oss om du er Messias, Guds Son!»
ὁ δὲ Ἰησοῦς ἐσιώπα. ⸀καὶ ὁ ἀρχιερεὺς εἶπεν αὐτῷ· Ἐξορκίζω σε κατὰ τοῦ θεοῦ τοῦ ζῶντος ἵνα ἡμῖν εἴπῃς εἰ σὺ εἶ ὁ χριστὸς ὁ υἱὸς τοῦ θεοῦ.
64Jesus svara: «Du har sagt det. Men eg seier dykk: Frå no av skal de sjå Menneskesonen sitja ved høgre handa til Makta og koma på himmelskyene.»
λέγει αὐτῷ ὁ Ἰησοῦς· Σὺ εἶπας· πλὴν λέγω ὑμῖν, ἀπʼ ἄρτι ὄψεσθε τὸν υἱὸν τοῦ ἀνθρώπου καθήμενον ἐκ δεξιῶν τῆς δυνάμεως καὶ ἐρχόμενον ἐπὶ τῶν νεφελῶν τοῦ οὐρανοῦ.
65Då reiv øvstepresten sund kleda sine og sa: «Han har spotta Gud! Kva skal vi med fleire vitne? No har de høyrt gudsspottinga.
τότε ὁ ἀρχιερεὺς διέρρηξεν τὰ ἱμάτια αὐτοῦ ⸀λέγων· Ἐβλασφήμησεν· τί ἔτι χρείαν ἔχομεν μαρτύρων; ἴδε νῦν ἠκούσατε τὴν ⸀βλασφημίαν·
66Kva meiner de?» Dei svara: «Han er skuldig til døden.»
τί ὑμῖν δοκεῖ; οἱ δὲ ἀποκριθέντες εἶπαν· Ἔνοχος θανάτου ἐστίν.
67Då spytta dei han i andletet og slo han med nevane. Nokre slo han med flat hand
τότε ἐνέπτυσαν εἰς τὸ πρόσωπον αὐτοῦ καὶ ἐκολάφισαν αὐτόν, οἱ δὲ ἐράπισαν
68og sa: «No kan du profetere for oss, Messias! Kven var det som slo deg?»
λέγοντες· Προφήτευσον ἡμῖν, χριστέ, τίς ἐστιν ὁ παίσας σε;