Jesu liv

Jesus i tempelet som tolvåring

Den tolv år gamle Jesus blir igjen i Jerusalem etter påskefeiringen. Etter tre dagers leting finner foreldrene ham i tempelet, der han sitter blant lærerne og forundrer alle med sin forstand og sine svar.

Lukas 2,41-52

41Kvart år fór foreldra hans til Jerusalem til påskehøgtida.
Καὶ ἐπορεύοντο οἱ γονεῖς αὐτοῦ κατʼ ἔτος εἰς Ἰερουσαλὴμ τῇ ἑορτῇ τοῦ πάσχα.
42Då han var tolv år gammal, drog dei dit opp som vanleg til høgtida.
καὶ ὅτε ἐγένετο ἐτῶν δώδεκα, ⸀ἀναβαινόντων ⸀αὐτῶν κατὰ τὸ ἔθος τῆς ἑορτῆς
43Då høgtidsdagane var til ende og dei skulle fara heim, vart guten Jesus verande att i Jerusalem utan at foreldra visste om det.
καὶ τελειωσάντων τὰς ἡμέρας, ἐν τῷ ὑποστρέφειν αὐτοὺς ὑπέμεινεν Ἰησοῦς ὁ παῖς ἐν Ἰερουσαλήμ, καὶ οὐκ ⸂ἔγνωσαν οἱ γονεῖς⸃ αὐτοῦ.
44Dei trudde han var med i reisefølgjet, og fór ei dagsreise fram før dei tok til å leita etter han blant slektningar og kjenningar.
νομίσαντες δὲ αὐτὸν ⸂εἶναι ἐν τῇ συνοδίᾳ⸃ ἦλθον ἡμέρας ὁδὸν καὶ ἀνεζήτουν αὐτὸν ἐν τοῖς συγγενεῦσιν ⸀καὶ τοῖς γνωστοῖς,
45Då dei ikkje fann han, vende dei attende til Jerusalem og leita etter han.
καὶ μὴ ⸀εὑρόντες ὑπέστρεψαν εἰς Ἰερουσαλὴμ ⸀ἀναζητοῦντες αὐτόν.
46Etter tre dagar fann dei han i tempelet. Der sat han midt blant lærarane, lydde på dei og stilte spørsmål.
καὶ ἐγένετο μετὰ ἡμέρας τρεῖς εὗρον αὐτὸν ἐν τῷ ἱερῷ καθεζόμενον ἐν μέσῳ τῶν διδασκάλων καὶ ἀκούοντα αὐτῶν καὶ ἐπερωτῶντα αὐτούς·
47Og alle som høyrde på han, var fulle av undring over kor klok han var, og over svara han gav.
ἐξίσταντο δὲ πάντες οἱ ἀκούοντες αὐτοῦ ἐπὶ τῇ συνέσει καὶ ταῖς ἀποκρίσεσιν αὐτοῦ.
48Då foreldra fekk sjå han, vart dei slegne av undring, og mor hans sa til han: «Barnet mitt, kvifor har du gjort dette mot oss? Far din og eg har leita etter deg med stor uro.»
καὶ ἰδόντες αὐτὸν ἐξεπλάγησαν, καὶ ⸂εἶπεν πρὸς αὐτὸν ἡ μήτηρ αὐτοῦ⸃· Τέκνον, τί ἐποίησας ἡμῖν οὕτως; ἰδοὺ ὁ πατήρ σου καὶ ἐγὼ ὀδυνώμενοι ⸀ἐζητοῦμέν σε.
49Han svara dei: «Kvifor leita de etter meg? Visste de ikkje at eg må vera i det som høyrer Far min til?»
καὶ εἶπεν πρὸς αὐτούς· Τί ὅτι ἐζητεῖτέ με; οὐκ ᾔδειτε ὅτι ἐν τοῖς τοῦ πατρός μου δεῖ εἶναί με;
50Men dei skjøna ikkje kva han meinte med det han sa til dei.
καὶ αὐτοὶ οὐ συνῆκαν τὸ ῥῆμα ὃ ἐλάλησεν αὐτοῖς.
51Så vart han med dei heim til Nasaret og var lydig mot dei. Men mor hans gøymde alt dette i hjarta sitt.
καὶ κατέβη μετʼ αὐτῶν καὶ ἦλθεν εἰς Ναζαρέθ, καὶ ἦν ὑποτασσόμενος αὐτοῖς. καὶ ἡ μήτηρ αὐτοῦ διετήρει πάντα τὰ ῥήματα ⸀ταῦτα ἐν τῇ καρδίᾳ αὐτῆς.
52Og Jesus gjekk fram i visdom og alder og i nåde hos Gud og menneske.
Καὶ Ἰησοῦς προέκοπτεν ⸂σοφίᾳ καὶ ἡλικίᾳ⸃ καὶ χάριτι παρὰ θεῷ καὶ ἀνθρώποις.