Jesu liv

Jesus og Nikodemus

Fariseeren Nikodemus oppsøker Jesus om natten. Jesus forklarer at man må bli født på ny av vann og Ånd for å se Guds rike, og taler om Guds kjærlighet til verden og evig liv ved tro.

Johannes 3,1-21

1Det var ein mann av farisearane som heitte Nikodemus, ein av leiarane blant jødane.
Ἦν δὲ ἄνθρωπος ἐκ τῶν Φαρισαίων, Νικόδημος ὄνομα αὐτῷ, ἄρχων τῶν Ἰουδαίων·
2Han kom til Jesus om natta og sa til han: «Rabbi, vi veit at du er ein lærar som er komen frå Gud, for ingen kan gjera dei teikna du gjer utan at Gud er med han.»
οὗτος ἦλθεν πρὸς αὐτὸν νυκτὸς καὶ εἶπεν αὐτῷ· Ῥαββί, οἴδαμεν ὅτι ἀπὸ θεοῦ ἐλήλυθας διδάσκαλος· οὐδεὶς γὰρ ⸂δύναται ταῦτα τὰ σημεῖα⸃ ποιεῖν ἃ σὺ ποιεῖς, ἐὰν μὴ ᾖ ὁ θεὸς μετʼ αὐτοῦ.
3Jesus svara og sa til han: «Sanneleg, sanneleg seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan å bli fødd ovanfrå.»
⸀ἀπεκρίθη Ἰησοῦς καὶ εἶπεν αὐτῷ· Ἀμὴν ἀμὴν λέγω σοι, ἐὰν μή τις γεννηθῇ ἄνωθεν, οὐ δύναται ἰδεῖν τὴν βασιλείαν τοῦ θεοῦ.
4Nikodemus sa til han: «Korleis kan eit menneske bli fødd når det er gamalt? Kan ein vel gå inn i mors liv andre gongen og bli fødd?»
λέγει πρὸς αὐτὸν ⸀ὁ Νικόδημος· Πῶς δύναται ἄνθρωπος γεννηθῆναι γέρων ὤν; μὴ δύναται εἰς τὴν κοιλίαν τῆς μητρὸς αὐτοῦ δεύτερον εἰσελθεῖν καὶ γεννηθῆναι;
5Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg seier eg deg: Ingen kan koma inn i Guds rike utan å bli fødd av vatn og Ande.»
⸀ἀπεκρίθη Ἰησοῦς· Ἀμὴν ἀμὴν λέγω σοι, ἐὰν μή τις γεννηθῇ ἐξ ὕδατος καὶ πνεύματος, οὐ δύναται εἰσελθεῖν εἰς τὴν βασιλείαν τοῦ θεοῦ.
6Det som er fødd av kjøt, er kjøt, og det som er fødd av Anden, er ånd.
τὸ γεγεννημένον ἐκ τῆς σαρκὸς σάρξ ἐστιν, καὶ τὸ γεγεννημένον ἐκ τοῦ πνεύματος πνεῦμά ἐστιν.
7Undra deg ikkje over at eg sa til deg: De må bli fødde ovanfrå.
μὴ θαυμάσῃς ὅτι εἶπόν σοι Δεῖ ὑμᾶς γεννηθῆναι ἄνωθεν.
8Vinden blæs dit han vil, og du høyrer lyden av han, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer. Slik er det med kvar den som er fødd av Anden.
τὸ πνεῦμα ὅπου θέλει πνεῖ, καὶ τὴν φωνὴν αὐτοῦ ἀκούεις, ἀλλʼ οὐκ οἶδας πόθεν ἔρχεται καὶ ποῦ ὑπάγει· οὕτως ἐστὶν πᾶς ὁ γεγεννημένος ἐκ τοῦ πνεύματος.
9Nikodemus svara og sa til han: «Korleis kan dette gå til?»
ἀπεκρίθη Νικόδημος καὶ εἶπεν αὐτῷ· Πῶς δύναται ταῦτα γενέσθαι;
10Jesus svara og sa til han: «Du er læraren i Israel, og dette skjønar du ikkje?
ἀπεκρίθη Ἰησοῦς καὶ εἶπεν αὐτῷ· Σὺ εἶ ὁ διδάσκαλος τοῦ Ἰσραὴλ καὶ ταῦτα οὐ γινώσκεις;
11Sanneleg, sanneleg seier eg deg: Vi talar om det vi veit, og vi vitnar om det vi har sett, men de tek ikkje imot vitnemålet vårt.
ἀμὴν ἀμὴν λέγω σοι ὅτι ὃ οἴδαμεν λαλοῦμεν καὶ ὃ ἑωράκαμεν μαρτυροῦμεν, καὶ τὴν μαρτυρίαν ἡμῶν οὐ λαμβάνετε.
12Når eg har tala til dykk om det jordiske og de ikkje trur, korleis kan de då tru om eg talar til dykk om det himmelske?
εἰ τὰ ἐπίγεια εἶπον ὑμῖν καὶ οὐ πιστεύετε, πῶς ἐὰν εἴπω ὑμῖν τὰ ἐπουράνια πιστεύσετε;
13Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen, Menneskesonen.
καὶ οὐδεὶς ἀναβέβηκεν εἰς τὸν οὐρανὸν εἰ μὴ ὁ ἐκ τοῦ οὐρανοῦ καταβάς, ὁ υἱὸς τοῦ ⸀ἀνθρώπου.
14Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, slik må Menneskesonen lyftast opp,
καὶ καθὼς Μωϋσῆς ὕψωσεν τὸν ὄφιν ἐν τῇ ἐρήμῳ, οὕτως ὑψωθῆναι δεῖ τὸν υἱὸν τοῦ ἀνθρώπου,
15så kvar den som trur på han, skal ha evig liv.
ἵνα πᾶς ὁ πιστεύων ⸂ἐν αὐτῷ⸃ ἔχῃ ζωὴν αἰώνιον.
16For så høgt elska Gud verda at han gav den einborne Sonen sin, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.
Οὕτως γὰρ ἠγάπησεν ὁ θεὸς τὸν κόσμον ὥστε τὸν ⸀υἱὸν τὸν μονογενῆ ἔδωκεν, ἵνα πᾶς ὁ πιστεύων εἰς αὐτὸν μὴ ἀπόληται ἀλλὰ ἔχῃ ζωὴν αἰώνιον.
17For Gud sende ikkje Son sin til verda for å dømma verda, men for at verda skulle bli frelst ved han.
οὐ γὰρ ἀπέστειλεν ὁ θεὸς τὸν ⸀υἱὸν εἰς τὸν κόσμον ἵνα κρίνῃ τὸν κόσμον, ἀλλʼ ἵνα σωθῇ ὁ κόσμος διʼ αὐτοῦ.
18Den som trur på han, blir ikkje dømd. Men den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt den einborne Sonen til Gud.
ὁ πιστεύων εἰς αὐτὸν οὐ κρίνεται· ὁ ⸀δὲ μὴ πιστεύων ἤδη κέκριται, ὅτι μὴ πεπίστευκεν εἰς τὸ ὄνομα τοῦ μονογενοῦς υἱοῦ τοῦ θεοῦ.
19Og dette er dommen: Lyset har kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn lyset, for gjerningane deira var vonde.
αὕτη δέ ἐστιν ἡ κρίσις ὅτι τὸ φῶς ἐλήλυθεν εἰς τὸν κόσμον καὶ ἠγάπησαν οἱ ἄνθρωποι μᾶλλον τὸ σκότος ἢ τὸ φῶς, ἦν γὰρ ⸂αὐτῶν πονηρὰ⸃ τὰ ἔργα.
20For kvar den som gjer det vonde, hatar lyset og kjem ikkje til lyset, så gjerningane hans ikkje skal bli avslørte.
πᾶς γὰρ ὁ φαῦλα πράσσων μισεῖ τὸ φῶς καὶ οὐκ ἔρχεται πρὸς τὸ φῶς, ἵνα μὴ ἐλεγχθῇ τὰ ἔργα αὐτοῦ·
21Men den som gjer sanninga, kjem til lyset, så det skal bli openbert at gjerningane hans er gjort i Gud.»
ὁ δὲ ποιῶν τὴν ἀλήθειαν ἔρχεται πρὸς τὸ φῶς, ἵνα φανερωθῇ αὐτοῦ τὰ ἔργα ὅτι ἐν θεῷ ἐστιν εἰργασμένα.