Jesu liv
Løftet om Den hellige ånd og freden
Jesus lover disiplene en annen talsmann, sannhetens Ånd, som skal være hos dem for alltid, og gir dem sin fred som ikke er som verdens fred.
Johannes 14,15-27
15Elskar de meg, så kjem de til å halda boda mine.
Ἐὰν ἀγαπᾶτέ με, τὰς ἐντολὰς τὰς ἐμὰς ⸀τηρήσετε·
16Og eg skal be Far, og han skal gje dykk ein annan talsmann, som skal vera hos dykk for alltid:
κἀγὼ ἐρωτήσω τὸν πατέρα καὶ ἄλλον παράκλητον δώσει ὑμῖν ἵνα ⸀ᾖ μεθʼ ὑμῶν εἰς τὸν ⸀αἰῶνα,
17Sanningsanden, som verda ikkje kan ta imot, for verda ser han ikkje og kjenner han ikkje. De kjenner han, for han bur hos dykk og skal vera i dykk.
τὸ πνεῦμα τῆς ἀληθείας, ὃ ὁ κόσμος οὐ δύναται λαβεῖν, ὅτι οὐ θεωρεῖ αὐτὸ οὐδὲ ⸀γινώσκει· ⸀ὑμεῖς γινώσκετε αὐτό, ὅτι παρʼ ὑμῖν μένει καὶ ἐν ὑμῖν ⸀ἔσται.
18Eg skal ikkje la dykk vera att foreldrelause. Eg kjem til dykk.
Οὐκ ἀφήσω ὑμᾶς ὀρφανούς, ἔρχομαι πρὸς ὑμᾶς.
19Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva.
ἔτι μικρὸν καὶ ὁ κόσμος με οὐκέτι θεωρεῖ, ὑμεῖς δὲ θεωρεῖτέ με, ὅτι ἐγὼ ζῶ καὶ ὑμεῖς ⸀ζήσετε.
20Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og de er i meg, og eg er i dykk.
ἐν ἐκείνῃ τῇ ἡμέρᾳ ⸂γνώσεσθε ὑμεῖς⸃ ὅτι ἐγὼ ἐν τῷ πατρί μου καὶ ὑμεῖς ἐν ἐμοὶ κἀγὼ ἐν ὑμῖν.
21Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, skal bli elska av Far min, og eg skal elska han og openberra meg for han.»
ὁ ἔχων τὰς ἐντολάς μου καὶ τηρῶν αὐτὰς ἐκεῖνός ἐστιν ὁ ἀγαπῶν με· ὁ δὲ ἀγαπῶν με ἀγαπηθήσεται ὑπὸ τοῦ πατρός μου, κἀγὼ ἀγαπήσω αὐτὸν καὶ ἐμφανίσω αὐτῷ ἐμαυτόν.
22Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?»
λέγει αὐτῷ Ἰούδας, οὐχ ὁ Ἰσκαριώτης· Κύριε, ⸀τί γέγονεν ὅτι ἡμῖν μέλλεις ἐμφανίζειν σεαυτὸν καὶ οὐχὶ τῷ κόσμῳ;
23Jesus svara og sa til han: «Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hos han.
ἀπεκρίθη Ἰησοῦς καὶ εἶπεν αὐτῷ· Ἐάν τις ἀγαπᾷ με τὸν λόγον μου τηρήσει, καὶ ὁ πατήρ μου ἀγαπήσει αὐτόν, καὶ πρὸς αὐτὸν ἐλευσόμεθα καὶ μονὴν παρʼ αὐτῷ ⸀ποιησόμεθα.
24Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men kjem frå Far som har sendt meg.
ὁ μὴ ἀγαπῶν με τοὺς λόγους μου οὐ τηρεῖ· καὶ ὁ λόγος ὃν ἀκούετε οὐκ ἔστιν ἐμὸς ἀλλὰ τοῦ πέμψαντός με πατρός.
25Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hos dykk.
Ταῦτα λελάληκα ὑμῖν παρʼ ὑμῖν μένων·
26Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Far skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.
ὁ δὲ παράκλητος, τὸ πνεῦμα τὸ ἅγιον ὃ πέμψει ὁ πατὴρ ἐν τῷ ὀνόματί μου, ἐκεῖνος ὑμᾶς διδάξει πάντα καὶ ὑπομνήσει ὑμᾶς πάντα ἃ εἶπον ⸀ὑμῖν.
27Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred slik verda gjev. Lat ikkje hjartet dykkar vera uroleg, og ver ikkje redde.
εἰρήνην ἀφίημι ὑμῖν, εἰρήνην τὴν ἐμὴν δίδωμι ὑμῖν· οὐ καθὼς ὁ κόσμος δίδωσιν ἐγὼ δίδωμι ὑμῖν. μὴ ταρασσέσθω ὑμῶν ἡ καρδία μηδὲ δειλιάτω.