Jesu liv
Johannes Døperens vitnesbyrd om Messias
Johannes Døperen blir utspurt av prester og levitter fra Jerusalem og nekter for å være Messias, Elia eller Profeten. Han bekjenner seg som røsten som roper i ødemarken, og peker på Jesus som Guds lam og han som døper med Den hellige ånd.
Johannes 1,19-34
19Dette er vitnemålet frå Johannes, då jødane sende prestar og levittar frå Jerusalem for å spørja han: «Kven er du?»
Καὶ αὕτη ἐστὶν ἡ μαρτυρία τοῦ Ἰωάννου ὅτε ⸀ἀπέστειλαν οἱ Ἰουδαῖοι ἐξ Ἱεροσολύμων ἱερεῖς καὶ Λευίτας ἵνα ἐρωτήσωσιν αὐτόν· Σὺ τίς εἶ;
20Han vedkjende og nekta ikkje; han vedkjende: «Eg er ikkje Messias.»
καὶ ὡμολόγησεν καὶ οὐκ ἠρνήσατο, καὶ ὡμολόγησεν ὅτι ⸂Ἐγὼ οὐκ εἰμὶ⸃ ὁ χριστός.
21«Kva då?» spurde dei. «Er du Elia?» Han svara: «Nei, det er eg ikkje.» «Er du Profeten?» Han svara: «Nei.»
καὶ ἠρώτησαν αὐτόν· Τί οὖν; ⸂σὺ Ἠλίας εἶ⸃; καὶ λέγει· Οὐκ εἰμί. Ὁ προφήτης εἶ σύ; καὶ ἀπεκρίθη· Οὔ.
22Då sa dei til han: «Kven er du? Vi må gje eit svar til dei som har sendt oss. Kva seier du om deg sjølv?»
εἶπαν οὖν αὐτῷ· Τίς εἶ; ἵνα ἀπόκρισιν δῶμεν τοῖς πέμψασιν ἡμᾶς· τί λέγεις περὶ σεαυτοῦ;
23Han sa: «Eg er ei røyst som ropar i øydemarka: Gjer vegen bein for Herren! – slik profeten Jesaja sa.»
ἔφη· Ἐγὼ φωνὴ βοῶντος ἐν τῇ ἐρήμῳ· Εὐθύνατε τὴν ὁδὸν κυρίου, καθὼς εἶπεν Ἠσαΐας ὁ προφήτης.
24Dei var utsende frå farisearane.
⸀Καὶ ἀπεσταλμένοι ἦσαν ἐκ τῶν Φαρισαίων.
25Dei spurde han: «Kvifor døyper du då, når du ikkje er Messias og ikkje Elia og ikkje Profeten?»
καὶ ἠρώτησαν αὐτὸν καὶ εἶπαν αὐτῷ· Τί οὖν βαπτίζεις εἰ σὺ οὐκ εἶ ὁ χριστὸς ⸂οὐδὲ Ἠλίας οὐδὲ⸃ ὁ προφήτης;
26Johannes svara dei: «Eg døyper med vatn. Men midt imellom dykk står ein de ikkje kjenner.
ἀπεκρίθη αὐτοῖς ὁ Ἰωάννης λέγων· Ἐγὼ βαπτίζω ἐν ὕδατι· ⸀μέσος ὑμῶν ⸀ἕστηκεν ὃν ὑμεῖς οὐκ οἴδατε,
27Han kjem etter meg, og eg er ikkje verdig til å løysa sandalreima hans.»
⸀ὁ ὀπίσω μου ⸀ἐρχόμενος, οὗ ⸂οὐκ εἰμὶ⸃ ἄξιος ἵνα λύσω αὐτοῦ τὸν ἱμάντα τοῦ ὑποδήματος.
28Dette hende i Betania på andre sida av Jordan, der Johannes døypte.
ταῦτα ἐν Βηθανίᾳ ἐγένετο πέραν τοῦ Ἰορδάνου, ὅπου ἦν ⸀ὁ Ἰωάννης βαπτίζων.
29Dagen etter ser han Jesus koma mot seg og seier: «Sjå, Guds lam, som tek bort synda i verda!
Τῇ ἐπαύριον βλέπει τὸν Ἰησοῦν ἐρχόμενον πρὸς αὐτόν, καὶ λέγει· Ἴδε ὁ ἀμνὸς τοῦ θεοῦ ὁ αἴρων τὴν ἁμαρτίαν τοῦ κόσμου.
30Det var om han eg sa: Etter meg kjem ein mann som har gått framom meg, for han var før meg.
οὗτός ἐστιν ⸀ὑπὲρ οὗ ἐγὼ εἶπον· Ὀπίσω μου ἔρχεται ἀνὴρ ὃς ἔμπροσθέν μου γέγονεν, ὅτι πρῶτός μου ἦν·
31Eg kjende han ikkje, men for at han skulle bli openberra for Israel, difor kom eg og døyper med vatn.»
κἀγὼ οὐκ ᾔδειν αὐτόν, ἀλλʼ ἵνα φανερωθῇ τῷ Ἰσραὴλ διὰ τοῦτο ἦλθον ἐγὼ ⸀ἐν ὕδατι βαπτίζων.
32Og Johannes vitna og sa: «Eg såg Anden koma ned frå himmelen som ei due, og han vart verande over han.
καὶ ἐμαρτύρησεν Ἰωάννης λέγων ὅτι Τεθέαμαι τὸ πνεῦμα καταβαῖνον ⸀ὡς περιστερὰν ἐξ οὐρανοῦ, καὶ ἔμεινεν ἐπʼ αὐτόν·
33Eg kjende han ikkje, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Han du ser Anden koma ned over og bli verande over, han er den som døyper med Den Heilage Ande.
κἀγὼ οὐκ ᾔδειν αὐτόν, ἀλλʼ ὁ πέμψας με βαπτίζειν ἐν ὕδατι ἐκεῖνός μοι εἶπεν· Ἐφʼ ὃν ἂν ἴδῃς τὸ πνεῦμα καταβαῖνον καὶ μένον ἐπʼ αὐτόν, οὗτός ἐστιν ὁ βαπτίζων ἐν πνεύματι ἁγίῳ·
34Eg har sett det, og eg har vitna: Han er Guds utvalde.
κἀγὼ ἑώρακα, καὶ μεμαρτύρηκα ὅτι οὗτός ἐστιν ὁ ⸀ἐκλεκτὸς τοῦ θεοῦ.