Patriarkane

Josef kastes i brønnen og selges til Egypt

Jakob sender Josef fra Hebron-dalen for å se til brødrene som gjeter ved Sikem, og han finner dem i Dotan. Brødrene legger planer om å drepe ham, men Ruben overtaler dem til å kaste ham i en brønn i stedet. På Judas forslag selger de ham til ismaelittene for tjue sjekel sølv. De dypper kjortelen hans i blodet fra en geitebukk og lurer Jakob til å tro at et rovdyr har drept ham. Josef føres til Egypt og selges til Potifar, en hoffmann hos farao og sjef for livvakten.

1. Mosebok 37,12-36

12Brørne hans gjekk av stad for å gjeta småfeet til far sin ved Sikem.
וַיֵּלְכ֖וּ אֶחָ֑יו לִרְע֛וֹת אֶׄתׄ־צֹ֥אן‪[4]‬ אֲבִיהֶ֖ם בִּשְׁכֶֽם׃ ‬
13Då sa Israel til Josef: «Gjeter ikkje brørne dine ved Sikem? Kom, eg vil senda deg til dei.» Han svara: «Ja, her er eg.»
וַיֹּ֨אמֶר יִשְׂרָאֵ֜ל אֶל־יוֹסֵ֗ף הֲל֤וֹא אַחֶ֙יךָ֙ רֹעִ֣ים בִּשְׁכֶ֔ם לְכָ֖ה וְאֶשְׁלָחֲךָ֣ אֲלֵיהֶ֑ם וַיֹּ֥אמֶר ל֖וֹ הִנֵּֽנִי׃ ‬
14Han sa til han: «Gå no og sjå om det står vel til med brørne dine og med småfeet, og kom tilbake med bod til meg.» Så sende han han av stad frå Hebron-dalen, og Josef kom til Sikem.
וַיֹּ֣אמֶר ל֗וֹ לֶךְ־נָ֨א רְאֵ֜ה אֶת־שְׁל֤וֹם אַחֶ֙יךָ֙ וְאֶת־שְׁל֣וֹם הַצֹּ֔אן וַהֲשִׁבֵ֖נִי דָּבָ֑ר וַיִּשְׁלָחֵ֙הוּ֙ מֵעֵ֣מֶק חֶבְר֔וֹן וַיָּבֹ֖א שְׁכֶֽמָה׃ ‬
15Ein mann fann han vandrande omkring på marka og spurde han: «Kva leitar du etter?»
וַיִּמְצָאֵ֣הוּ אִ֔ישׁ וְהִנֵּ֥ה תֹעֶ֖ה בַּשָּׂדֶ֑ה וַיִּשְׁאָלֵ֧הוּ הָאִ֛ישׁ לֵאמֹ֖ר מַה־תְּבַקֵּֽשׁ׃ ‬
16Han svara: «Eg leitar etter brørne mine. Sei meg kvar dei gjeter!»
וַיֹּ֕אמֶר אֶת־אַחַ֖י אָנֹכִ֣י מְבַקֵּ֑שׁ הַגִּֽידָה־נָּ֣א לִ֔י אֵיפֹ֖ה הֵ֥ם רֹעִֽים׃ ‬
17Mannen sa: «Dei har drege herifrå. Eg høyrde dei seia at dei ville til Dotan.» Så gjekk Josef etter brørne sine og fann dei i Dotan.
וַיֹּ֤אמֶר הָאִישׁ֙ נָסְע֣וּ מִזֶּ֔ה כִּ֤י שָׁמַ֙עְתִּי֙ אֹֽמְרִ֔ים נֵלְכָ֖ה דֹּתָ֑יְנָה וַיֵּ֤לֶךְ יוֹסֵף֙ אַחַ֣ר אֶחָ֔יו וַיִּמְצָאֵ֖ם בְּדֹתָֽן׃ ‬
18Dei såg han langt borte, og før han kom bort til dei, la dei vonde planar om å drepa han.
וַיִּרְא֥וּ אֹת֖וֹ מֵרָחֹ֑ק וּבְטֶ֙רֶם֙ יִקְרַ֣ב אֲלֵיהֶ֔ם וַיִּֽתְנַכְּל֥וּ אֹת֖וֹ לַהֲמִיתֽוֹ׃ ‬
19Dei sa til kvarandre: «Sjå, der kjem drøymaren!
וַיֹּאמְר֖וּ אִ֣ישׁ אֶל־אָחִ֑יו הִנֵּ֗ה בַּ֛עַל הַחֲלֹמ֥וֹת הַלָּזֶ֖ה בָּֽא׃ ‬
20Kom no, lat oss slå han i hel og kasta han i ein av brønnane. Vi kan seia at eit villdyr har ete han opp. Så får vi sjå kva det blir av draumane hans!»
וְעַתָּ֣ה ׀ לְכ֣וּ וְנַֽהַרְגֵ֗הוּ וְנַשְׁלִכֵ֙הוּ֙ בְּאַחַ֣ד הַבֹּר֔וֹת וְאָמַ֕רְנוּ חַיָּ֥ה רָעָ֖ה אֲכָלָ֑תְהוּ וְנִרְאֶ֕ה מַה־יִּהְי֖וּ חֲלֹמֹתָֽיו׃ ‬
21Men Ruben høyrde det og ville berga han frå hendene deira. Han sa: «Lat oss ikkje ta livet hans!»
וַיִּשְׁמַ֣ע רְאוּבֵ֔ן וַיַּצִּלֵ֖הוּ מִיָּדָ֑ם וַיֹּ֕אמֶר לֹ֥א נַכֶּ֖נּוּ נָֽפֶשׁ׃ ‬
22Ruben sa til dei: «Ikkje spill blod! Kast han ned i denne brønnen her i øydemarka, men legg ikkje hand på han!» Han ville berga han frå dei og føra han tilbake til far sin.
וַיֹּ֨אמֶר אֲלֵהֶ֣ם ׀ רְאוּבֵן֮ אַל־תִּשְׁפְּכוּ־דָם֒ הַשְׁלִ֣יכוּ אֹת֗וֹ אֶל־הַבּ֤וֹר הַזֶּה֙ אֲשֶׁ֣ר בַּמִּדְבָּ֔ר וְיָ֖ד אַל־תִּשְׁלְחוּ־ב֑וֹ לְמַ֗עַן הַצִּ֤יל אֹתוֹ֙ מִיָּדָ֔ם לַהֲשִׁיב֖וֹ אֶל־אָבִֽיו׃ ‬
23Då Josef kom fram til brørne sine, drog dei av han kjortelen, den fargerike kjortelen som han hadde på seg.
וֽ͏ַיְהִ֕י כּֽ͏ַאֲשֶׁר־בָּ֥א יוֹסֵ֖ף אֶל־אֶחָ֑יו וַיַּפְשִׁ֤יטוּ אֶת־יוֹסֵף֙ אֶת־כֻּתָּנְתּ֔וֹ אֶת־כְּתֹ֥נֶת הַפַּסִּ֖ים אֲשֶׁ֥ר עָלָֽיו׃ ‬
24Så tok dei han og kasta han ned i brønnen. Brønnen var tom, det var ikkje vatn i han.
וַיִּ֨קָּחֻ֔הוּ וַיַּשְׁלִ֥כוּ אֹת֖וֹ הַבֹּ֑רָה וְהַבּ֣וֹר רֵ֔ק אֵ֥ין בּ֖וֹ מָֽיִם׃ ‬
25Så sette dei seg til å eta. Då dei såg opp, fekk dei auge på ei karavane av ismaelittar som kom frå Gilead. Kamelane deira bar krydder, balsam og ladanum, og dei var på veg ned til Egypt.
וַיֵּשְׁבוּ֮ לֶֽאֱכָל־לֶחֶם֒ וַיִּשְׂא֤וּ עֵֽינֵיהֶם֙ וַיִּרְא֔וּ וְהִנֵּה֙ אֹרְחַ֣ת יִשְׁמְעֵאלִ֔ים בָּאָ֖ה מִגִּלְעָ֑ד וּגְמַלֵּיהֶ֣ם נֹֽשְׂאִ֗ים נְכֹאת֙ וּצְרִ֣י וָלֹ֔ט הוֹלְכִ֖ים לְהוֹרִ֥יד מִצְרָֽיְמָה׃ ‬
26Då sa Juda til brørne sine: «Kva gagn har vi av å drepa bror vår og løyna blodet hans?
וַיֹּ֥אמֶר יְהוּדָ֖ה אֶל־אֶחָ֑יו מַה־בֶּ֗צַע כִּ֤י נַהֲרֹג֙ אֶת־אָחִ֔ינוּ וְכִסִּ֖ינוּ אֶת־דָּמֽוֹ׃ ‬
27Kom, lat oss selja han til ismaelittane og ikkje leggja hand på han. Han er då bror vår, vårt eige kjøt og blod.» Brørne hans høyrde på han.
לְכ֞וּ וְנִמְכְּרֶ֣נּוּ לַיִּשְׁמְעֵאלִ֗ים וְיָדֵ֙נוּ֙ אַל־תְּהִי־ב֔וֹ כִּֽי־אָחִ֥ינוּ בְשָׂרֵ֖נוּ ה֑וּא וַֽיִּשְׁמְע֖וּ אֶחָֽיו׃ ‬
28Då det kom midjanittiske kjøpmenn forbi, drog dei Josef opp frå brønnen og selde han til ismaelittane for tjue sølvstykke. Dei tok Josef med seg til Egypt.
וַיַּֽעַבְרוּ֩ אֲנָשִׁ֨ים מִדְיָנִ֜ים סֹֽחֲרִ֗ים וַֽיִּמְשְׁכוּ֙ וַיַּֽעֲל֤וּ אֶת־יוֹסֵף֙ מִן־הַבּ֔וֹר וַיִּמְכְּר֧וּ אֶת־יוֹסֵ֛ף לַיִּשְׁמְעֵאלִ֖ים בְּעֶשְׂרִ֣ים כָּ֑סֶף וַיָּבִ֥יאוּ אֶת־יוֹסֵ֖ף מִצְרָֽיְמָה׃ ‬
29Då Ruben kom tilbake til brønnen og såg at Josef ikkje var der, reiv han sund kleda sine.
וַיָּ֤שָׁב רְאוּבֵן֙ אֶל־הַבּ֔וֹר וְהִנֵּ֥ה אֵין־יוֹסֵ֖ף בַּבּ֑וֹר וַיִּקְרַ֖ע אֶת־בְּגָדָֽיו׃ ‬
30Han gjekk tilbake til brørne sine og sa: «Guten er borte! Og eg – kvar skal eg ta vegen?»
וַיָּ֥שָׁב אֶל־אֶחָ֖יו וַיֹּאמַ֑ר הַיֶּ֣לֶד אֵינֶ֔נּוּ וַאֲנִ֖י אָ֥נָה אֲנִי־בָֽא׃ ‬
31Dei tok kjortelen til Josef, slakta ein geitebukk og duppa kjortelen i blodet.
וַיִּקְח֖וּ אֶת־כְּתֹ֣נֶת יוֹסֵ֑ף וַֽיִּשְׁחֲטוּ֙ שְׂעִ֣יר עִזִּ֔ים וַיִּטְבְּל֥וּ אֶת־הַכֻּתֹּ֖נֶת בַּדָּֽם׃ ‬
32Så sende dei den fargerike kjortelen til far sin og sa: «Denne har vi funne. Sjå etter om det er kjortelen til son din eller ikkje!»
וַֽיְשַׁלְּח֞וּ אֶת־כְּתֹ֣נֶת הַפַּסִּ֗ים וַיָּבִ֙יאוּ֙ אֶל־אֲבִיהֶ֔ם וַיֹּאמְר֖וּ זֹ֣את מָצָ֑אנוּ הַכֶּר־נָ֗א הַכְּתֹ֧נֶת בִּנְךָ֛ הִ֖וא אִם־לֹֽא׃ ‬
33Han kjende han att og sa: «Det er kjortelen til son min! Eit villdyr har ete han opp! Josef er riven i bitar!»
וַיַּכִּירָ֤הּ וַיֹּ֙אמֶר֙ כְּתֹ֣נֶת בְּנִ֔י חַיָּ֥ה רָעָ֖ה אֲכָלָ֑תְהוּ טָרֹ֥ף טֹרַ֖ף יוֹסֵֽף׃ ‬
34Jakob reiv sund kleda sine, la sekkestrie om livet og sørgde over son sin i lang tid.
וַיִּקְרַ֤ע יַעֲקֹב֙ שִׂמְלֹתָ֔יו וַיָּ֥שֶׂם שַׂ֖ק בְּמָתְנָ֑יו וַיִּתְאַבֵּ֥ל עַל־בְּנ֖וֹ יָמִ֥ים רַבִּֽים׃ ‬
35Alle sønene og døtrene hans kom for å trøysta han, men han ville ikkje la seg trøysta. Han sa: «Nei, sørgjande vil eg gå ned til son min i dødsriket.» Slik gret far hans over han.
וַיָּקֻמוּ֩ כָל־בָּנָ֨יו וְכָל־בְּנֹתָ֜יו לְנַחֲמ֗וֹ וַיְמָאֵן֙ לְהִתְנַחֵ֔ם וַיֹּ֕אמֶר כִּֽי־אֵרֵ֧ד אֶל־בְּנִ֛י אָבֵ֖ל שְׁאֹ֑לָה וַיֵּ֥בְךְּ אֹת֖וֹ אָבִֽיו׃ ‬
36Midjanittane selde han til Egypt, til Potifar, ein hoffmann hos farao og øvste for livvakta.
וְהַ֨מְּדָנִ֔ים מָכְר֥וּ אֹת֖וֹ אֶל־מִצְרָ֑יִם לְפֽוֹטִיפַר֙ סְרִ֣יס פַּרְעֹ֔ה שַׂ֖ר הַטַּבָּחִֽים׃ פ ‬