Patriarkane
Josefs forsoning med brødrene
Etter at deres far er død, frykter Josefs brødre hans hevn, men Josef forsikrer dem om Guds gode plan og lover å forsørge dem. 1. Mosebok 50:15-21
1. Mosebok 50,15-21
15Då brørne til Josef såg at far deira var død, sa dei: «Tenkj om Josef skulle bere nag til oss og gje oss att for alt det vonde vi gjorde mot han!»
וַיִּרְא֤וּ אֲחֵֽי־יוֹסֵף֙ כִּי־מֵ֣ת אֲבִיהֶ֔ם וַיֹּ֣אמְר֔וּ ל֥וּ יִשְׂטְמֵ֖נוּ יוֹסֵ֑ף וְהָשֵׁ֤ב יָשִׁיב֙ לָ֔נוּ אֵ֚ת כָּל־הָ֣רָעָ֔ה אֲשֶׁ֥ר גָּמַ֖לְנוּ אֹתֽוֹ׃
16Så sende dei bod til Josef og sa: «Far din gav oss dette påbodet før han døydde:
וַיְצַוּ֕וּ אֶל־יוֹסֵ֖ף לֵאמֹ֑ר אָבִ֣יךָ צִוָּ֔ה לִפְנֵ֥י מוֹת֖וֹ לֵאמֹֽר׃
17Sei dette til Josef: Eg bed deg, tilgjev brørne dine brotet og synda deira, for dei handla vondt mot deg. Tilgjev no brotet til tenarane åt din fars Gud.» Josef gret då dei tala slik til han.
כֹּֽה־תֹאמְר֣וּ לְיוֹסֵ֗ף אָ֣נָּ֡א שָׂ֣א נָ֠א פֶּ֣שַׁע אַחֶ֤יךָ וְחַטָּאתָם֙ כִּי־רָעָ֣ה גְמָל֔וּךָ וְעַתָּה֙ שָׂ֣א נָ֔א לְפֶ֥שַׁע עַבְדֵ֖י אֱלֹהֵ֣י אָבִ֑יךָ וַיֵּ֥בְךְּ יוֹסֵ֖ף בְּדַבְּרָ֥ם אֵלָֽיו׃
18Brørne hans kom òg sjølve og fall ned framfor han og sa: «Sjå, vi er dine slavar.»
וַיֵּלְכוּ֙ גַּם־אֶחָ֔יו וֽ͏ַיִּפְּל֖וּ לְפָנָ֑יו וַיֹּ֣אמְר֔וּ הִנֶּ֥נּֽוּ לְךָ֖ לַעֲבָדִֽים׃
19Men Josef sa til dei: «Ver ikkje redde! Er vel eg i Guds stad?
וַיֹּ֧אמֶר אֲלֵהֶ֛ם יוֹסֵ֖ף אַל־תִּירָ֑אוּ כִּ֛י הֲתַ֥חַת אֱלֹהִ֖ים אָֽנִי׃
20De tenkte å gjera vondt mot meg, men Gud tenkte det til det gode, for å gjera som det er i dag: å halde mykje folk i live.
וְאַתֶּ֕ם חֲשַׁבְתֶּ֥ם עָלַ֖י רָעָ֑ה אֱלֹהִים֙ חֲשָׁבָ֣הּ לְטֹבָ֔ה לְמַ֗עַן עֲשֹׂ֛ה כַּיּ֥וֹם הַזֶּ֖ה לְהַחֲיֹ֥ת עַם־רָֽב׃
21Så ver ikkje redde! Eg skal sørgje for dykk og borna dykkar.» Slik trøysta han dei og tala venleg til dei.
וְעַתָּה֙ אַל־תִּירָ֔אוּ אָנֹכִ֛י אֲכַלְכֵּ֥ל אֶתְכֶ֖ם וְאֶֽת־טַפְּכֶ֑ם וַיְנַחֵ֣ם אוֹתָ֔ם וַיְדַבֵּ֖ר עַל־לִבָּֽם׃