Kongetida

Kong Josjia faller i slaget ved Megiddo

Til tross for en advarsel fra egypterkongen Neko om at Gud var med ham, drar kong Josjia ut i kamp ved Megiddo-sletten. Han blir hardt såret av bueskyttere, fraktet til Jerusalem hvor han dør, og gravlagt i sine fedres graver. Jeremia og sangerne dikter klagesanger over ham.

2. Krønikebok 35,20-27

20Etter alt dette, då Josjia hadde sett huset i stand, drog Neko, kongen av Egypt, opp for å strida ved Karkemisj ved Eufrat. Josjia drog ut mot han.
אַחֲרֵ֣י כָל־זֹ֗את אֲשֶׁ֨ר הֵכִ֤ין יֹֽאשִׁיָּ֙הוּ֙ אֶת־הַבַּ֔יִת עָלָ֞ה נְכ֧וֹ מֶֽלֶךְ־מִצְרַ֛יִם לְהִלָּחֵ֥ם בְּכַרְכְּמִ֖ישׁ עַל־פְּרָ֑ת וַיֵּצֵ֥א לִקְרָאת֖וֹ יֹאשִׁיָּֽהוּ׃ ‬
21Men Neko sende bod til han og sa: «Kva har eg med deg å gjera, Juda-konge? Det er ikkje mot deg eg kjem i dag, men mot det huset eg fører krig mot. Gud har sagt at eg skal skunda meg. Hald deg borte frå Gud som er med meg, så han ikkje øydelegg deg!»
וַיִּשְׁלַ֣ח אֵלָ֣יו מַלְאָכִ֣ים ׀ לֵאמֹר֩ ׀ מַה־לִּ֨י וָלָ֜ךְ מֶ֣לֶךְ יְהוּדָ֗ה לֹא־עָלֶ֨יךָ אַתָּ֤ה הַיּוֹם֙ כִּ֚י אֶל־בֵּ֣ית מִלְחַמְתִּ֔י וֵאלֹהִ֖ים אָמַ֣ר לְבַֽהֲלֵ֑נִי חֲדַל־לְךָ֛ מֵאֱלֹהִ֥ים אֲשֶׁר־עִמִּ֖י וְאַל־יַשְׁחִיתֶֽךָ׃ ‬
22Men Josjia vende ikkje om frå han. Han kledde seg ut for å strida mot han og høyrde ikkje på orda frå Neko, som kom frå Guds munn. Han kom for å strida på Megiddo-sletta.
וְלֹֽא־הֵסֵב֩ יֹאשִׁיָּ֨הוּ פָנָ֜יו מִמֶּ֗נּוּ כִּ֤י לְהִלָּחֵֽם־בּוֹ֙ הִתְחַפֵּ֔שׂ וְלֹ֥א שָׁמַ֛ע אֶל־דִּבְרֵ֥י נְכ֖וֹ מִפִּ֣י אֱלֹהִ֑ים וַיָּבֹ֕א לְהִלָּחֵ֖ם בְּבִקְעַ֥ת מְגִדּֽוֹ׃ ‬
23Bogeskyttarane skaut kong Josjia, og kongen sa til tenarane sine: «Før meg bort, for eg er hardt såra!»
וַיֹּרוּ֙ הַיֹּרִ֔ים לַמֶּ֖לֶךְ יֹאשִׁיָּ֑הוּ וַיֹּ֨אמֶר הַמֶּ֤לֶךְ לַעֲבָדָיו֙ הַעֲבִיר֔וּנִי כִּ֥י הָחֳלֵ֖יתִי מְאֹֽד׃ ‬
24Tenarane hans flytta han frå stridsvogna og sette han i den andre vogna hans og førte han til Jerusalem. Der døydde han og vart gravlagd i gravene til fedrane sine. Heile Juda og Jerusalem sørgde over Josjia.
וַיַּֽעֲבִירֻ֨הוּ עֲבָדָ֜יו מִן־הַמֶּרְכָּבָ֗ה וַֽיַּרְכִּיבֻהוּ֮ עַ֣ל רֶ֣כֶב הַמִּשְׁנֶה֮ אֲשֶׁר־לוֹ֒ וַיּוֹלִיכֻ֙הוּ֙ יְר֣וּשָׁלִַ֔ם וַיָּ֕מָת וַיִּקָּבֵ֖ר בְּקִבְר֣וֹת אֲבֹתָ֑יו וְכָל־יְהוּדָה֙ וִיר֣וּשָׁלִַ֔ם מִֽתְאַבְּלִ֖ים עַל־יֹאשִׁיָּֽהוּ׃ פ ‬
25Jeremia song klagesongar over Josjia, og alle songarane og songarinnene har nemnt Josjia i klagesongane sine til denne dag. Det vart ein skikk i Israel, og sjå, dei er skrivne i Klagesongane.
וַיְקוֹנֵ֣ן יִרְמְיָהוּ֮ עַל־יֹאשִׁיָּהוּ֒ וַיֹּאמְר֣וּ כָֽל־הַשָּׁרִ֣ים ׀ וְ֠הַשָּׁרוֹת בְּקִינ֨וֹתֵיהֶ֤ם עַל־יֹאשִׁיָּ֙הוּ֙ עַד־הַיּ֔וֹם וַיִּתְּנ֥וּם לְחֹ֖ק עַל־יִשְׂרָאֵ֑ל וְהִנָּ֥ם כְּתוּבִ֖ים עַל־הַקִּינֽוֹת׃ ‬
26Det som elles er å fortelja om Josjia og dei trufaste gjerningane hans, slik det står skrive i Herrens lov –
וְיֶ֛תֶר דִּבְרֵ֥י יֹאשִׁיָּ֖הוּ וַחֲסָדָ֑יו כַּכָּת֖וּב בְּתוֹרַ֥ת יְהוָֽה׃ ‬
27og gjerningane hans, frå først til sist, sjå, dei er skrivne i boka om Israels og Judas kongar.
וּדְבָרָ֕יו הָרִאשֹׁנִ֖ים וְהָאַחֲרֹנִ֑ים הִנָּ֣ם כְּתוּבִ֔ים עַל־סֵ֥פֶר מַלְכֵֽי־יִשְׂרָאֵ֖ל וִיהוּדָֽה׃ ‬