Paulus

Kong Agrippa og Berenike besøker Festus

Kong Agrippa og Berenike kommer til Cæsarea for å hilse på Festus, som legger Paulus' sak fram for kongen. Festus forklarer at striden gjelder en viss Jesus som er død, men som Paulus hevder lever. Dagen etter føres Paulus inn i audienssalen med stor prakt, slik at Festus kan ha noe å skrive til keiseren etter forhøret.

Apostelgjerningane 25,13-27

13Nokre dagar seinare kom kong Agrippa og Berenike til Cæsarea for å helsa på Festus.
Ἡμερῶν δὲ διαγενομένων τινῶν Ἀγρίππας ὁ βασιλεὺς καὶ Βερνίκη κατήντησαν εἰς Καισάρειαν ἀσπασάμενοι τὸν Φῆστον.
14Då dei hadde vore der i fleire dagar, la Festus saka mot Paulus fram for kongen og sa: «Det er ein mann her som Feliks lét etter seg som fange.
ὡς δὲ πλείους ἡμέρας ⸀διέτριβον ἐκεῖ, ὁ Φῆστος τῷ βασιλεῖ ἀνέθετο τὰ κατὰ τὸν Παῦλον λέγων· Ἀνήρ τίς ἐστιν καταλελειμμένος ὑπὸ Φήλικος δέσμιος,
15Då eg var i Jerusalem, kom overprestane og dei eldste av jødane til meg med skuldingar mot han og kravde at han skulle domfellast.
περὶ οὗ γενομένου μου εἰς Ἱεροσόλυμα ἐνεφάνισαν οἱ ἀρχιερεῖς καὶ οἱ πρεσβύτεροι τῶν Ἰουδαίων, αἰτούμενοι κατʼ αὐτοῦ ⸀καταδίκην·
16Eg svara dei at det ikkje er skikk hjå romarane å gje frå seg nokon før den tiltalte har møtt anklagarane sine andlet til andlet og fått høve til å forsvara seg mot skuldingane.
πρὸς οὓς ἀπεκρίθην ὅτι οὐκ ἔστιν ἔθος Ῥωμαίοις χαρίζεσθαί τινα ⸀ἄνθρωπον πρὶν ἢ ὁ κατηγορούμενος κατὰ πρόσωπον ἔχοι τοὺς κατηγόρους τόπον τε ἀπολογίας λάβοι περὶ τοῦ ἐγκλήματος.
17Då dei så hadde kome hit, utsette eg ikkje saka, men sette meg på dommarstolen dagen etter og gav ordre om at mannen skulle førast fram.
συνελθόντων ⸀οὖν ἐνθάδε ἀναβολὴν μηδεμίαν ποιησάμενος τῇ ἑξῆς καθίσας ἐπὶ τοῦ βήματος ἐκέλευσα ἀχθῆναι τὸν ἄνδρα·
18Då anklagarane stilte seg opp, kom dei ikkje med nokon av dei skuldingane om vonde gjerningar som eg hadde venta.
περὶ οὗ σταθέντες οἱ κατήγοροι οὐδεμίαν αἰτίαν ⸀ἔφερον ὧν ⸂ἐγὼ ὑπενόουν⸃ ⸀πονηρῶν,
19Dei hadde berre nokre stridsspørsmål med han om deira eiga gudstru og om ein Jesus som er død, men som Paulus påstod lever.
ζητήματα δέ τινα περὶ τῆς ἰδίας δεισιδαιμονίας εἶχον πρὸς αὐτὸν καὶ περί τινος Ἰησοῦ τεθνηκότος, ὃν ἔφασκεν ὁ Παῦλος ζῆν.
20Sidan eg var rådvill om korleis eg skulle granska dette, spurde eg om han ville reisa til Jerusalem og bli dømd der i denne saka.
ἀπορούμενος δὲ ἐγὼ τὴν περὶ ⸀τούτων ζήτησιν ἔλεγον εἰ βούλοιτο πορεύεσθαι εἰς ⸀Ἱεροσόλυμα κἀκεῖ κρίνεσθαι περὶ τούτων.
21Men Paulus anka og bad om å bli halde i varetekt til Hans Majestet kunne avgjera saka hans. Så gav eg ordre om at han skulle haldast i varetekt til eg kan senda han til keisaren.»
τοῦ δὲ Παύλου ἐπικαλεσαμένου τηρηθῆναι αὐτὸν εἰς τὴν τοῦ Σεβαστοῦ διάγνωσιν, ἐκέλευσα τηρεῖσθαι αὐτὸν ἕως οὗ ⸀ἀναπέμψω αὐτὸν πρὸς Καίσαρα.
22Agrippa sa til Festus: «Eg ville gjerne høyra denne mannen sjølv.» «I morgon skal du få høyra han,» svara Festus.
Ἀγρίππας δὲ πρὸς τὸν ⸀Φῆστον· Ἐβουλόμην καὶ αὐτὸς τοῦ ἀνθρώπου ἀκοῦσαι. ⸀Αὔριον, φησίν, ἀκούσῃ αὐτοῦ.
23Dagen etter kom Agrippa og Berenike med stor prakt og gjekk inn i høyrsalen saman med tribunane og dei fremste mennene i byen. På ordre frå Festus vart Paulus ført inn.
Τῇ οὖν ἐπαύριον ἐλθόντος τοῦ Ἀγρίππα καὶ τῆς Βερνίκης μετὰ πολλῆς φαντασίας καὶ εἰσελθόντων εἰς τὸ ἀκροατήριον σύν ⸀τε χιλιάρχοις καὶ ἀνδράσιν τοῖς κατʼ ⸀ἐξοχὴν τῆς πόλεως καὶ κελεύσαντος τοῦ Φήστου ἤχθη ὁ Παῦλος.
24Festus sa: «Kong Agrippa og alle de menn som er her saman med oss! Her ser de mannen som heile det jødiske folket har klaga inn for meg, både i Jerusalem og her. Dei ropar at han ikkje bør leva lenger.
καί φησιν ὁ Φῆστος· Ἀγρίππα βασιλεῦ καὶ πάντες οἱ συμπαρόντες ἡμῖν ἄνδρες, θεωρεῖτε τοῦτον περὶ οὗ ⸀ἅπαν τὸ πλῆθος τῶν Ἰουδαίων ⸀ἐνέτυχόν μοι ἔν τε Ἱεροσολύμοις καὶ ἐνθάδε, ⸀βοῶντες μὴ δεῖν ⸂αὐτὸν ζῆν⸃ μηκέτι.
25Men eg fann ut at han ikkje har gjort noko som fortener døden. Og sidan han sjølv har anka til keisaren, har eg avgjort å senda han dit.
ἐγὼ δὲ ⸀κατελαβόμην μηδὲν ἄξιον ⸂αὐτὸν θανάτου⸃ πεπραχέναι, ⸀αὐτοῦ δὲ τούτου ἐπικαλεσαμένου τὸν Σεβαστὸν ἔκρινα ⸀πέμπειν.
26Men eg har ikkje noko sikkert å skriva til herren min om han. Difor har eg ført han fram for dykk, og særleg for deg, kong Agrippa, så eg etter forhøyret kan ha noko å skriva.
περὶ οὗ ἀσφαλές τι γράψαι τῷ κυρίῳ οὐκ ἔχω· διὸ προήγαγον αὐτὸν ἐφʼ ὑμῶν καὶ μάλιστα ἐπὶ σοῦ, βασιλεῦ Ἀγρίππα, ὅπως τῆς ἀνακρίσεως γενομένης σχῶ τί ⸀γράψω·
27For det synest meg urimeleg å senda ein fange utan samtidig å gjera greie for skuldingane mot han.»
ἄλογον γάρ μοι δοκεῖ πέμποντα δέσμιον μὴ καὶ τὰς κατʼ αὐτοῦ αἰτίας σημᾶναι.