Jesu liv

Kvinnen grepet i hor

Skriftlærde og fariseere fører en kvinne som er grepet i ekteskapsbrudd fram for Jesus i tempelet, og spør om hun skal steines slik Moseloven sier. Jesus bøyer seg ned og skriver med fingeren på jorden, før han sier: «Den av dere som er uten synd, kan kaste den første steinen på henne.» En etter en går anklagerne bort, de eldste først. Til kvinnen sier han: «Heller ikke jeg fordømmer deg. Gå, og synd ikke mer.»

Johannes 7,53-8,11

53Så gjekk kvar til sitt hus.
⟦καὶ ἐπορεύθη ἕκαστος εἰς τὸν οἶκον αὐτοῦ·
1Men Jesus gjekk til Oljeberget.
Ἰησοῦς δὲ ἐπορεύθη εἰς τὸ ὄρος τῶν Ἐλαιῶν.
2Tidleg om morgonen kom han att til tempelet, og alt folket kom til han. Han sette seg ned og underviste dei.
Ὄρθρου δὲ πάλιν παρεγένετο εἰς τὸ ἱερόν, καὶ πᾶς ὁ λαὸς ἤρχετο· καὶ καθίσας ἐδίδασκεν αὐτούς.
3Dei skriftlærde og farisearane førte då til han ei kvinne som var gripen i ekteskapsbrot. Dei stilte henne fram midt i forsamlinga
ἄγουσιν δὲ οἱ γραμματεῖς καὶ οἱ Φαρισαῖοι πρὸς αὐτὸν γυναῖκα ἐν μοιχείᾳ καταλήφθεισαν· καὶ στήσαντες αὐτὴν ἐν μέσῳ,
4og sa til han for å setja han på prøve: «Meister, denne kvinna vart gripen på fersk gjerning i ekteskapsbrot.
λέγουσιν αὐτῷ, πειράζοντες· Διδάσκαλε, αὕτη ἡ γυνὴ κατελήφθη ἐπʼ αὐτοφόρῳ μοιχευομένη.
5I lova har Moses bode oss at slike kvinner skal steinast. Kva seier du?»
ἐν δὲ τῷ νόμῳ Μωσῆς ἡμῖν ἐνετείλατο τὰς τοιαύτας λιθοβολεῖσθαι· σὺ οὖν τί λέγεις;
6Dette sa dei for å setja han på prøve, så dei kunne ha noko å klaga han for. Men Jesus bøygde seg ned og skreiv med fingeren på jorda.
τοῦτο δὲ ἔλεγον πειράζοντες αὐτόν, ἵνα ἔχωσιν κατηγορεῖν αὐτοῦ. ὁ δὲ Ἰησοῦς κάτω κύψας, τῷ δακτύλῳ ἔγραφεν εἰς τὴν γῆν, μὴ προσποιούμενος.
7Då dei heldt fram med å spørja han, rette han seg opp og sa til dei: «Den av dykk som er utan synd, kan kasta den første steinen på henne.»
ὡς δὲ ἐπέμενον ἐρωτῶντες αὐτόν, ἀνακύψας εἶπεν πρὸς αὐτούς· Ὁ ἀναμάρτητος ὑμῶν, πρῶτον ἐπʼ αὐτὴν τὸν λίθον βαλέτω.
8Så bøygde han seg ned att og skreiv på jorda.
καὶ πάλιν κάτω κύψας ἔγραφεν εἰς τὴν γῆν.
9Då dei høyrde dette, gjekk dei bort, ein etter ein, dei eldste først. Jesus vart att åleine, og kvinna stod der midt i forsamlinga.
οἱ δέ, ἀκούσαντες, καὶ ὑπὸ τῆς συνειδήσεως ἐλεγχόμενοι, ἐξήρχοντο εἷς καθʼ εἷς, ἀρξάμενοι ἀπὸ τῶν πρεσβυτέρων· καὶ κατελείφθη μόνος ὁ Ἰησοῦς, καὶ ἡ γυνὴ ἐν μέσῳ οὖσα.
10Jesus rette seg opp og såg ingen andre enn kvinna. Han sa til henne: «Kvinne, kvar er klagarane dine? Har ingen dømt deg?»
ἀνακύψας δὲ ὁ Ἰησοῦς, καὶ μηδένα θεασάμενος πλὴν τὴς γυναικός, εἶπεν αὐτῇ· Ποῦ εἰσιν ἐκεῖνοι οἱ κατήγοροί σου; Οὐδείς σε κατέκρινεν;
11Ho svara: «Ingen, Herre.» Jesus sa: «Heller ikkje eg dømer deg. Gå bort, og synd ikkje meir frå no av!»
ἡ δὲ εἶπεν· Οὐδείς, κύριε. εἶπεν δὲ ὁ Ἰησοῦς· Οὐδὲ ἐγώ σε κρίνω· πορεύου καὶ μηκέτι ἁμάρτανε.⟧