Jesu likningar
Lignelsen om bryllupsfesten
Jesus forteller en lignelse om en konge som holder bryllupsfest for sønnen sin. De innbudte nekter å komme og mishandler tjenerne, så kongen straffer dem og innbyr nye gjester fra veikryssene. En mann uten bryllupsklær kastes ut i mørket, for mange er kalt, men få er utvalgt.
Matteus 22,1-14
1Jesus tok til orde att og tala til dei i likningar:
Καὶ ἀποκριθεὶς ὁ Ἰησοῦς πάλιν εἶπεν ⸂ἐν παραβολαῖς αὐτοῖς⸃ λέγων·
2«Himmelriket kan liknast med ein konge som heldt bryllaup for son sin.
Ὡμοιώθη ἡ βασιλεία τῶν οὐρανῶν ἀνθρώπῳ βασιλεῖ, ὅστις ἐποίησεν γάμους τῷ υἱῷ αὐτοῦ.
3Han sende ut tenarane sine for å kalla dei som var bedne til bryllaupet, men dei ville ikkje koma.
καὶ ἀπέστειλεν τοὺς δούλους αὐτοῦ καλέσαι τοὺς κεκλημένους εἰς τοὺς γάμους, καὶ οὐκ ἤθελον ἐλθεῖν.
4«Himmelriket kan liknast med ein konge som heldt bryllaup for son sin.
πάλιν ἀπέστειλεν ἄλλους δούλους λέγων· Εἴπατε τοῖς κεκλημένοις· Ἰδοὺ τὸ ἄριστόν μου ⸀ἡτοίμακα, οἱ ταῦροί μου καὶ τὰ σιτιστὰ τεθυμένα, καὶ πάντα ἕτοιμα· δεῦτε εἰς τοὺς γάμους.
5Men dei brydde seg ikkje om det og gjekk sin veg, ein til åkeren sin, ein annan til handelen sin.
οἱ δὲ ἀμελήσαντες ἀπῆλθον, ⸀ὃς μὲν εἰς τὸν ἴδιον ἀγρόν, ⸁ὃς δὲ ⸀ἐπὶ τὴν ἐμπορίαν αὐτοῦ·
6Dei andre greip tenarane hans, mishandla dei og drap dei.
οἱ δὲ λοιποὶ κρατήσαντες τοὺς δούλους αὐτοῦ ὕβρισαν καὶ ἀπέκτειναν.
7Då vart kongen harm. Han sende ut hæren sin og tok livet av desse mordarane og brende byen deira.
⸂ὁ δὲ βασιλεὺς⸃ ὠργίσθη, καὶ πέμψας τὰ στρατεύματα αὐτοῦ ἀπώλεσεν τοὺς φονεῖς ἐκείνους καὶ τὴν πόλιν αὐτῶν ἐνέπρησεν.
8Så sa han til tenarane sine: 'Bryllaupet er ferdig, men dei som var bedne, var ikkje verdige.
τότε λέγει τοῖς δούλοις αὐτοῦ· Ὁ μὲν γάμος ἕτοιμός ἐστιν, οἱ δὲ κεκλημένοι οὐκ ἦσαν ἄξιοι·
9Gå difor ut til vegkryssa og be alle de finn, til bryllaupet.'
πορεύεσθε οὖν ἐπὶ τὰς διεξόδους τῶν ὁδῶν, καὶ ὅσους ⸀ἐὰν εὕρητε καλέσατε εἰς τοὺς γάμους.
10Då gjekk tenarane ut på vegane og samla alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester.
καὶ ἐξελθόντες οἱ δοῦλοι ἐκεῖνοι εἰς τὰς ὁδοὺς συνήγαγον πάντας ⸀οὓς εὗρον, πονηρούς τε καὶ ἀγαθούς· καὶ ἐπλήσθη ὁ ⸀γάμος ἀνακειμένων.
11Men då kongen kom inn for å sjå gjestene, fekk han auga på ein mann som ikkje var kledd i bryllaupsklede.
εἰσελθὼν δὲ ὁ βασιλεὺς θεάσασθαι τοὺς ἀνακειμένους εἶδεν ἐκεῖ ἄνθρωπον οὐκ ἐνδεδυμένον ἔνδυμα γάμου·
12Han sa til han: 'Ven, korleis kom du inn her utan bryllaupsklede?' Men mannen tagde.
καὶ λέγει αὐτῷ· Ἑταῖρε, πῶς εἰσῆλθες ὧδε μὴ ἔχων ἔνδυμα γάμου; ὁ δὲ ἐφιμώθη.
13Då sa kongen til tenarane: 'Bind hender og føter på han og kast han ut i mørkret utanfor! Der skal det vera gråt og tenners gnissing.'
τότε ⸂ὁ βασιλεὺς εἶπεν⸃ τοῖς διακόνοις· Δήσαντες αὐτοῦ πόδας καὶ χεῖρας ⸂ἐκβάλετε αὐτὸν⸃ εἰς τὸ σκότος τὸ ἐξώτερον· ἐκεῖ ἔσται ὁ κλαυθμὸς καὶ ὁ βρυγμὸς τῶν ὀδόντων.
14For mange er kalla, men få er utvalde.»
πολλοὶ γάρ εἰσιν κλητοὶ ὀλίγοι δὲ ἐκλεκτοί.