Ørkenvandringa

Mirjam og Aron taler mot Moses

Mirjam og Aron kritiserer Moses for hans kusjittiske hustru og hevder at Herren også taler gjennom dem. Herren kaller dem til møteteltet og forsvarer Moses som sin trofaste tjener som han taler munn til munn med. Mirjam rammes av hudsykdom, men etter Moses' bønn helbredes hun og holdes utenfor leiren i sju dager før hun tas inn igjen.

4. Mosebok 12,1-15

1Mirjam og Aron tala mot Moses på grunn av den kusjittiske kvinna han hadde gift seg med, for han hadde teke ei kusjittisk kvinne til kone.
וַתְּדַבֵּ֨ר מִרְיָ֤ם וְאַהֲרֹן֙ בְּמֹשֶׁ֔ה עַל־אֹד֛וֹת הָאִשָּׁ֥ה הַכֻּשִׁ֖ית אֲשֶׁ֣ר לָקָ֑ח כִּֽי־אִשָּׁ֥ה כֻשִׁ֖ית לָקָֽח׃ ‬
2Dei sa: «Har Herren berre tala gjennom Moses? Har han ikkje òg tala gjennom oss?» Og Herren høyrde det.
וַיֹּאמְר֗וּ הֲרַ֤ק אַךְ־בְּמֹשֶׁה֙ דִּבֶּ֣ר יְהוָ֔ה הֲלֹ֖א גַּם־בָּ֣נוּ דִבֵּ֑ר וַיִּשְׁמַ֖ע יְהוָֽה׃ ‬
3Men Moses var ein svært audmjuk mann, meir audmjuk enn noko anna menneske på jorda.
וְהָאִ֥ישׁ מֹשֶׁ֖ה *ענו **עָנָ֣יו מְאֹ֑ד מִכֹּל֙ הָֽאָדָ֔ם אֲשֶׁ֖ר עַל־פְּנֵ֥י הָאֲדָמָֽה׃ ס ‬
4Brått sa Herren til Moses, Aron og Mirjam: «Gå ut alle tre til møteteltet!» Og dei tre gjekk ut.
וַיֹּ֨אמֶר יְהוָ֜ה פִּתְאֹ֗ם אֶל־מֹשֶׁ֤ה וְאֶֽל־אַהֲרֹן֙ וְאֶל־מִרְיָ֔ם צְא֥וּ שְׁלָשְׁתְּכֶ֖ם אֶל־אֹ֣הֶל מוֹעֵ֑ד וַיֵּצְא֖וּ שְׁלָשְׁתָּֽם׃ ‬
5Då steig Herren ned i skystøtta og stilte seg ved inngangen til teltet. Han kalla på Aron og Mirjam, og dei kom begge fram.
וַיֵּ֤רֶד יְהוָה֙ בְּעַמּ֣וּד עָנָ֔ן וַֽיַּעֲמֹ֖ד פֶּ֣תַח הָאֹ֑הֶל וַיִּקְרָא֙ אַהֲרֹ֣ן וּמִרְיָ֔ם וַיֵּצְא֖וּ שְׁנֵיהֶֽם׃ ‬
6Han sa: «Høyr no orda mine! Om det finst ein profet mellom dykk, gjer eg, Herren, meg kjend for han i syner og talar til han i draumar.
וַיֹּ֖אמֶר שִׁמְעוּ־נָ֣א דְבָרָ֑י אִם־יִֽהְיֶה֙ נְבִ֣יאֲכֶ֔ם יְהוָ֗ה בַּמַּרְאָה֙ אֵלָ֣יו אֶתְוַדָּ֔ע בַּחֲל֖וֹם אֲדַבֶּר־בּֽוֹ׃ ‬
7Men slik er det ikkje med tenaren min Moses. Han er trufast i heile mitt hus.
לֹא־כֵ֖ן עַבְדִּ֣י מֹשֶׁ֑ה בְּכָל־בֵּיתִ֖י נֶאֱמָ֥ן הֽוּא׃ ‬
8Munn mot munn talar eg med han, ope og ikkje i gåter. Han får sjå Herrens skapnad. Kvifor var de då ikkje redde for å tala mot tenaren min, mot Moses?»
פֶּ֣ה אֶל־פֶּ֞ה אֲדַבֶּר־בּ֗וֹ וּמַרְאֶה֙ וְלֹ֣א בְחִידֹ֔ת וּתְמֻנַ֥ת יְהוָ֖ה יַבִּ֑יט וּמַדּ֙וּעַ֙ לֹ֣א יְרֵאתֶ֔ם לְדַבֵּ֖ר בְּעַבְדִּ֥י בְמֹשֶֽׁה׃ ‬
9Vreiden til Herren loga mot dei, og han gjekk bort.
וַיִּֽחַרְאַ֧ף יְהוָ֛ה בָּ֖ם וַיֵּלַֽךְ׃ ‬
10Då skya drog seg bort frå teltet, sjå, då var Mirjam råka av hudsykdom, kvit som snø. Aron snudde seg mot Mirjam og såg at ho var sjuk.
וְהֶעָנָ֗ן סָ֚ר מֵעַ֣ל הָאֹ֔הֶל וְהִנֵּ֥ה מִרְיָ֖ם מְצֹרַ֣עַת כַּשָּׁ֑לֶג וַיִּ֧פֶן אַהֲרֹ֛ן אֶל־מִרְיָ֖ם וְהִנֵּ֥ה מְצֹרָֽעַת׃ ‬
11Då sa Aron til Moses: «Å, herre min, lat oss ikkje bera straffa for den synda vi gjorde i vår dårskap!
וַיֹּ֥אמֶר אַהֲרֹ֖ן אֶל־מֹשֶׁ֑ה בִּ֣י אֲדֹנִ֔י אַל־נָ֨א תָשֵׁ֤ת עָלֵ֙ינוּ֙ חַטָּ֔את אֲשֶׁ֥ר נוֹאַ֖לְנוּ וַאֲשֶׁ֥ר חָטָֽאנוּ׃ ‬
12Lat henne ikkje verta som eit daudfødd barn, der halvparten av kjøtet alt er fortært når det kjem ut av mors liv!»
אַל־נָ֥א תְהִ֖י כַּמֵּ֑ת אֲשֶׁ֤ר בְּצֵאתוֹ֙ מֵרֶ֣חֶם אִמּ֔וֹ וַיֵּאָכֵ֖ל חֲצִ֥י בְשָׂרֽוֹ׃ ‬
13Då ropa Moses til Herren: «Å Gud, eg bed deg, gjer henne frisk!»
וַיִּצְעַ֣ק מֹשֶׁ֔ה אֶל־יְהוָ֖ה לֵאמֹ֑ר אֵ֕ל נָ֛א רְפָ֥א נָ֖א לָֽהּ׃ פ ‬
14Herren svara Moses: «Om faren hennar hadde spytta henne i andletet, ville ho ikkje då måtta bera skamma i sju dagar? Ho skal stengjast ute frå leiren i sju dagar, og etterpå kan ho takast inn att.»
וַיֹּ֨אמֶר יְהוָ֜ה אֶל־מֹשֶׁ֗ה וְאָבִ֙יהָ֙ יָרֹ֤ק יָרַק֙ בְּפָנֶ֔יהָ הֲלֹ֥א תִכָּלֵ֖ם שִׁבְעַ֣ת יָמִ֑ים תִּסָּגֵ֞ר שִׁבְעַ֤ת יָמִים֙ מִח֣וּץ לַֽמַּחֲנֶ֔ה וְאַחַ֖ר תֵּאָסֵֽף׃ ‬
15Så vart Mirjam stengd ute frå leiren i sju dagar, og folket braut ikkje opp før Mirjam var teken inn att.
וַתִּסָּגֵ֥ר מִרְיָ֛ם מִח֥וּץ לַֽמַּחֲנֶ֖ה שִׁבְעַ֣ת יָמִ֑ים וְהָעָם֙ לֹ֣א נָסַ֔ע עַד־הֵאָסֵ֖ף מִרְיָֽם׃ ‬