Moses

Moses flykter til Midjan

Moses dreper en egypter som mishandler en hebreer, og må flykte fra farao til Midjan. Der hjelper han prestens døtre ved brønnen, gifter seg med Sippora og får sønnen Gersjom.

2. Mosebok 2,11-22

11På den tida, då Moses var blitt vaksen, gjekk han ut til brørne sine og såg tvangsarbeidet deira. Då såg han ein egyptar som slo ein hebrear, ein av brørne hans.
וַיְהִ֣י ׀ בַּיָּמִ֣ים הָהֵ֗ם וַיִּגְדַּ֤ל מֹשֶׁה֙ וַיֵּצֵ֣א אֶל־אֶחָ֔יו וַיַּ֖רְא בְּסִבְלֹתָ֑ם וַיַּרְא֙ אִ֣ישׁ מִצְרִ֔י מַכֶּ֥ה אִישׁ־עִבְרִ֖י מֵאֶחָֽיו׃ ‬
12Han såg seg rundt til alle kantar, og då han såg at det ikkje var nokon der, slo han egyptaren i hel og gøymde han i sanden.
וַיִּ֤פֶן כֹּה֙ וָכֹ֔ה וַיַּ֖רְא כִּ֣י אֵ֣ין אִ֑ישׁ וַיַּךְ֙ אֶת־הַמִּצְרִ֔י וַֽיִּטְמְנֵ֖הוּ בַּחֽוֹל׃ ‬
13Dagen etter gjekk han ut att, og då såg han to hebrearar som slåst. Han sa til den skuldige: «Kvifor slår du landsmannen din?»
וַיֵּצֵא֙ בַּיּ֣וֹם הַשֵּׁנִ֔י וְהִנֵּ֛ה שְׁנֵֽי־אֲנָשִׁ֥ים עִבְרִ֖ים נִצִּ֑ים וַיֹּ֙אמֶר֙ לָֽרָשָׁ֔ע לָ֥מָּה תַכֶּ֖ה רֵעֶֽךָ׃ ‬
14Mannen svara: «Kven har sett deg til leiar og domar over oss? Har du tenkt å drepa meg, slik du drap egyptaren?» Då vart Moses redd og tenkte: «Så dette er blitt kjent!»
וַ֠יֹּאמֶר מִ֣י שָֽׂמְךָ֞ לְאִ֨ישׁ שַׂ֤ר וְשֹׁפֵט֙ עָלֵ֔ינוּ הַלְהָרְגֵ֙נִי֙ אַתָּ֣ה אֹמֵ֔ר כַּאֲשֶׁ֥ר הָרַ֖גְתָּ אֶת־הַמִּצְרִ֑י וַיִּירָ֤א מֹשֶׁה֙ וַיֹּאמַ֔ר אָכֵ֖ן נוֹדַ֥ע הַדָּבָֽר׃ ‬
15Då farao fekk høyra om dette, ville han ta livet av Moses. Men Moses rømde frå farao og slo seg ned i Midjan-landet. Der sette han seg ned ved ein brønn.
וַיִּשְׁמַ֤ע פַּרְעֹה֙ אֶת־הַדָּבָ֣ר הַזֶּ֔ה וַיְבַקֵּ֖שׁ לַהֲרֹ֣ג אֶת־מֹשֶׁ֑ה וַיִּבְרַ֤ח מֹשֶׁה֙ מִפְּנֵ֣י פַרְעֹ֔ה וַיֵּ֥שֶׁב בְּאֶֽרֶץ־מִדְיָ֖ן וַיֵּ֥שֶׁב עַֽל־הַבְּאֵֽר׃ ‬
16Presten i Midjan hadde sju døtrer. Dei kom og auste opp vatn og fylte traua for å vatna sauene til far sin.
וּלְכֹהֵ֥ן מִדְיָ֖ן שֶׁ֣בַע בָּנ֑וֹת וַתָּבֹ֣אנָה וַתִּדְלֶ֗נָה וַתְּמַלֶּ֙אנָה֙ אֶת־הָ֣רְהָטִ֔ים לְהַשְׁק֖וֹת צֹ֥אן אֲבִיהֶֽן׃ ‬
17Men nokre gjetarar kom og jaga dei bort. Då reiste Moses seg og hjelpte dei og vatna sauene deira.
וַיָּבֹ֥אוּ הָרֹעִ֖ים וַיְגָרְשׁ֑וּם וַיָּ֤קָם מֹשֶׁה֙ וַיּ֣וֹשִׁעָ֔ן וַיַּ֖שְׁקְ אֶת־צֹאנָֽם׃ ‬
18Då dei kom heim til Reuel, far sin, spurde han: «Kvifor kjem de så tidleg heim i dag?»
וַתָּבֹ֕אנָה אֶל־רְעוּאֵ֖ל אֲבִיהֶ֑ן וַיֹּ֕אמֶר מַדּ֛וּעַ מִהַרְתֶּ֥ן בֹּ֖א הַיּֽוֹם׃ ‬
19Dei svara: «Ein egyptar berga oss frå gjetarane. Han auste jamvel opp vatn åt oss og vatna sauene.»
וַתֹּאמַ֕רְןָ אִ֣ישׁ מִצְרִ֔י הִצִּילָ֖נוּ מִיַּ֣ד הָרֹעִ֑ים וְגַם־דָּלֹ֤ה דָלָה֙ לָ֔נוּ וַיַּ֖שְׁקְ אֶת־הַצֹּֽאן׃ ‬
20Han sa til døtrene sine: «Kvar er han? Kvifor lét de mannen vera att der? Be han koma og eta med oss!»
וַיֹּ֥אמֶר אֶל־בְּנֹתָ֖יו וְאַיּ֑וֹ לָ֤מָּה זֶּה֙ עֲזַבְתֶּ֣ן אֶת־הָאִ֔ישׁ קִרְאֶ֥ן ל֖וֹ וְיֹ֥אכַל לָֽחֶם׃ ‬
21Moses samtykkte i å bu hos mannen, og han gav Moses dotter si Sippora til kone.
וַיּ֥וֹאֶל מֹשֶׁ֖ה לָשֶׁ֣בֶת אֶת־הָאִ֑ישׁ וַיִּתֵּ֛ן אֶת־צִפֹּרָ֥ה בִתּ֖וֹ לְמֹשֶֽׁה׃ ‬
22Ho fødde ein son, og han kalla han Gersjom, for han sa: «Eg har vore ein framand i eit framandt land.»
וַתֵּ֣לֶד בֵּ֔ן וַיִּקְרָ֥א אֶת־שְׁמ֖וֹ גֵּרְשֹׁ֑ם כִּ֣י אָמַ֔ר גֵּ֣ר הָיִ֔יתִי בְּאֶ֖רֶץ נָכְרִיָּֽה׃ פ ‬