Moses
Nasireerløftet og reglene for innvielse
Herren gir Moses instruksjoner om hvordan en mann eller kvinne kan avlegge et nasireerløfte for å vie seg til Herren. Den som tar løftet skal holde seg fra vin og alt som kommer fra vinstokken, ikke rake håret og ikke komme nær døde – heller ikke nære slektninger. Hvis noen dør plutselig hos ham, blir innvielsen uren, og han må gjennomgå renselse med syndoffer, brennoffer og skyldoffer før han starter løftet på nytt. Når innvielsestiden er fullført, skal nasireeren bære fram brennoffer, syndoffer og fredsoffer ved møteteltet, rake av seg det innviede håret og legge det på ilden under fredsofferet. Etter at presten har svingt offergavene for Herrens ansikt, kan nasireeren igjen drikke vin.
4. Mosebok 6,1-21
1Herren tala til Moses:
וַיְדַבֵּ֥ר יְהוָ֖ה אֶל־מֹשֶׁ֥ה לֵּאמֹֽר׃
2«Tal til israelittane og sei til dei: Når ein mann eller ei kvinne vil avleggja ein særskild lovnad, eit nasirearløfte, for å via seg til Herren,
דַּבֵּר֙ אֶל־בְּנֵ֣י יִשְׂרָאֵ֔ל וְאָמַרְתָּ֖ אֲלֵהֶ֑ם אִ֣ישׁ אֽוֹ־אִשָּׁ֗ה כִּ֤י יַפְלִא֙ לִנְדֹּר֙ נֶ֣דֶר נָזִ֔יר לְהַזִּ֖יר לַֽיהוָֽה׃
3skal han halda seg borte frå vin og sterk drikk. Han skal ikkje drikka vineddik eller eddik av sterk drikk, og han skal ikkje drikka noko som er laga av druer. Han skal heller ikkje eta druer, korkje friske eller tørka.
מִיַּ֤יִן וְשֵׁכָר֙ יַזִּ֔יר חֹ֥מֶץ יַ֛יִן וְחֹ֥מֶץ שֵׁכָ֖ר לֹ֣א יִשְׁתֶּ֑ה וְכָל־מִשְׁרַ֤ת עֲנָבִים֙ לֹ֣א יִשְׁתֶּ֔ה וַעֲנָבִ֛ים לַחִ֥ים וִיבֵשִׁ֖ים לֹ֥א יֹאכֵֽל׃
4Så lenge nasirearløftet varer, skal han ikkje eta noko som kjem frå vinstokken, ikkje eingong kjernane eller skalet.
כֹּ֖ל יְמֵ֣י נִזְר֑וֹ מִכֹּל֩ אֲשֶׁ֨ר יֵעָשֶׂ֜ה מִגֶּ֣פֶן הַיַּ֗יִן מֵחַרְצַנִּ֛ים וְעַד־זָ֖ג לֹ֥א יֹאכֵֽל׃
5Så lenge nasirearløftet varer, skal ikkje rakekniv koma på hovudet hans. Til den tida er ute som han har via seg til Herren, skal han vera heilag og la håret på hovudet veksa fritt.
כָּל־יְמֵי֙ נֶ֣דֶר נִזְר֔וֹ תַּ֖עַר לֹא־יַעֲבֹ֣ר עַל־רֹאשׁ֑וֹ עַד־מְלֹ֨את הַיָּמִ֜ם אֲשֶׁר־יַזִּ֤יר לַיהוָה֙ קָדֹ֣שׁ יִהְיֶ֔ה גַּדֵּ֥ל פֶּ֖רַע שְׂעַ֥ר רֹאשֽׁוֹ׃
6Så lenge han er via til Herren, skal han ikkje koma nær eit dødt menneske.
כָּל־יְמֵ֥י הַזִּיר֖וֹ לַיהוָ֑ה עַל־נֶ֥פֶשׁ מֵ֖ת לֹ֥א יָבֹֽא׃
7Han skal ikkje gjera seg urein ved far sin eller mor si, bror sin eller syster si, om dei døyr, for teiknet på viinga til Gud er på hovudet hans.
לְאָבִ֣יו וּלְאִמּ֗וֹ לְאָחִיו֙ וּלְאַ֣חֹת֔וֹ לֹא־יִטַּמָּ֥א לָהֶ֖ם בְּמֹתָ֑ם כִּ֛י נֵ֥זֶר אֱלֹהָ֖יו עַל־רֹאשֽׁוֹ׃
8Så lenge nasirearløftet varer, er han heilag for Herren.
כֹּ֖ל יְמֵ֣י נִזְר֑וֹ קָדֹ֥שׁ ה֖וּא לַֽיהוָֽה׃
9Om nokon døyr heilt brått og uventa like ved han, så det via hovudet hans vert ureint, skal han raka hovudet den dagen han vert rein, på den sjuande dagen skal han raka det.
וְכִֽי־יָמ֨וּת מֵ֤ת עָלָיו֙ בְּפֶ֣תַע פִּתְאֹ֔ם וְטִמֵּ֖א רֹ֣אשׁ נִזְר֑וֹ וְגִלַּ֤ח רֹאשׁוֹ֙ בְּי֣וֹם טָהֳרָת֔וֹ בַּיּ֥וֹם הַשְּׁבִיעִ֖י יְגַלְּחֶֽנּוּ׃
10På den åttande dagen skal han koma til presten med to turtelduer eller to unge duer, til inngangen av møteteltet.
וּבַיּ֣וֹם הַשְּׁמִינִ֗י יָבִא֙ שְׁתֵּ֣י תֹרִ֔ים א֥וֹ שְׁנֵ֖י בְּנֵ֣י יוֹנָ֑ה אֶל־הַכֹּהֵ֔ן אֶל־פֶּ֖תַח אֹ֥הֶל מוֹעֵֽד׃
11Presten skal ofra den eine som syndoffer og den andre som brennoffer, og gjera soning for han fordi han vart skuldig ved den døde. Same dagen skal han på nytt helga hovudet sitt.
וְעָשָׂ֣ה הַכֹּהֵ֗ן אֶחָ֤ד לְחַטָּאת֙ וְאֶחָ֣ד לְעֹלָ֔ה וְכִפֶּ֣ר עָלָ֔יו מֵאֲשֶׁ֥ר חָטָ֖א עַל־הַנָּ֑פֶשׁ וְקִדַּ֥שׁ אֶת־רֹאשׁ֖וֹ בַּיּ֥וֹם הַהֽוּא׃
12Han skal på nytt via dagane i nasirearløftet sitt til Herren og bera fram eit årsgammalt lam som skuldoffer. Dei tidlegare dagane fell bort, for han gjorde nasirearløftet sitt ureint.
וְהִזִּ֤יר לַֽיהוָה֙ אֶת־יְמֵ֣י נִזְר֔וֹ וְהֵבִ֛יא כֶּ֥בֶשׂ בֶּן־שְׁנָת֖וֹ לְאָשָׁ֑ם וְהַיָּמִ֤ים הָרִאשֹׁנִים֙ יִפְּל֔וּ כִּ֥י טָמֵ֖א נִזְרֽוֹ׃
13Dette er lova om nasirearen: Når tida for løftet hans er ute, skal han førast til inngangen av møteteltet.
וְזֹ֥את תּוֹרַ֖ת הַנָּזִ֑יר בְּי֗וֹם מְלֹאת֙ יְמֵ֣י נִזְר֔וֹ יָבִ֣יא אֹת֔וֹ אֶל־פֶּ֖תַח אֹ֥הֶל מוֹעֵֽד׃
14Han skal bera fram offergåva si for Herren: eit årsgammalt, lytelaust verlam som brennoffer, eit årsgammalt, lytelaust holam som syndoffer, og ein lytelaus ver som fredsoffer,
וְהִקְרִ֣יב אֶת־קָרְבָּנ֣וֹ לַיהוָ֡ה כֶּבֶשׂ֩ בֶּן־שְׁנָת֨וֹ תָמִ֤ים אֶחָד֙ לְעֹלָ֔ה וְכַבְשָׂ֨ה אַחַ֧ת בַּת־שְׁנָתָ֛הּ תְּמִימָ֖ה לְחַטָּ֑את וְאַֽיִל־אֶחָ֥ד תָּמִ֖ים לִשְׁלָמִֽים׃
15og ein korg med usyra brød, kaker av fint mjøl blanda med olje og usyra flatbrød smurde med olje, og grødeoffera og drikkoffera som høyrer til.
וְסַ֣ל מַצּ֗וֹת סֹ֤לֶת חַלֹּת֙ בְּלוּלֹ֣ת בַּשֶּׁ֔מֶן וּרְקִיקֵ֥י מַצּ֖וֹת מְשֻׁחִ֣ים בַּשָּׁ֑מֶן וּמִנְחָתָ֖ם וְנִסְכֵּיהֶֽם׃
16Presten skal bera dette fram for Herrens andlet og ofra syndofferet og brennofferet hans.
וְהִקְרִ֥יב הַכֹּהֵ֖ן לִפְנֵ֣י יְהוָ֑ה וְעָשָׂ֥ה אֶת־חַטָּאת֖וֹ וְאֶת־עֹלָתֽוֹ׃
17Veren skal han ofra som fredsoffer for Herren saman med korga med usyra brød. Presten skal òg ofra grødeofferet og drikkofferet.
וְאֶת־הָאַ֜יִל יַעֲשֶׂ֨ה זֶ֤בַח שְׁלָמִים֙ לַֽיהוָ֔ה עַ֖ל סַ֣ל הַמַּצּ֑וֹת וְעָשָׂה֙ הַכֹּהֵ֔ן אֶת־מִנְחָת֖וֹ וְאֶת־נִסְכּֽוֹ׃
18Nasirearen skal raka det via hovudet sitt ved inngangen til møteteltet, og han skal ta håret frå det via hovudet og leggja det på elden under fredsofferet.
וְגִלַּ֣ח הַנָּזִ֗יר פֶּ֛תַח אֹ֥הֶל מוֹעֵ֖ד אֶת־רֹ֣אשׁ נִזְר֑וֹ וְלָקַ֗ח אֶת־שְׂעַר֙ רֹ֣אשׁ נִזְר֔וֹ וְנָתַן֙ עַל־הָאֵ֔שׁ אֲשֶׁר־תַּ֖חַת זֶ֥בַח הַשְּׁלָמִֽים׃
19Presten skal ta den kokte bogen av veren, ei usyra kake frå korga og eit usyra flatbrød, og leggja det i hendene på nasirearen etter at han har raka av det via håret sitt.
וְלָקַ֨ח הַכֹּהֵ֜ן אֶת־הַזְּרֹ֣עַ בְּשֵׁלָה֮ מִן־הָאַיִל֒ וְֽחַלַּ֨ת מַצָּ֤ה אַחַת֙ מִן־הַסַּ֔ל וּרְקִ֥יק מַצָּ֖ה אֶחָ֑ד וְנָתַן֙ עַל־כַּפֵּ֣י הַנָּזִ֔יר אַחַ֖ר הִֽתְגַּלְּח֥וֹ אֶת־נִזְרֽוֹ׃
20Presten skal sveiva dette som svingeoffer for Herrens andlet. Det er heilagt og tilhøyrer presten, saman med svingebrystet og offerlåret. Etter dette kan nasirearen drikka vin.
וְהֵנִיף֩ אוֹתָ֨ם הַכֹּהֵ֥ן ׀ תְּנוּפָה֮ לִפְנֵ֣י יְהוָה֒ קֹ֤דֶשׁ הוּא֙ לַכֹּהֵ֔ן עַ֚ל חֲזֵ֣ה הַתְּנוּפָ֔ה וְעַ֖ל שׁ֣וֹק הַתְּרוּמָ֑ה וְאַחַ֛ר יִשְׁתֶּ֥ה הַנָּזִ֖יר יָֽיִן׃
21Dette er lova om nasirearen som gjev løfte, om offergåva hans til Herren for viinga, i tillegg til det han elles har råd til. Han skal gjera etter det løftet han har gjeve, i samsvar med lova om viinga hans.»
זֹ֣את תּוֹרַ֣ת הַנָּזִיר֮ אֲשֶׁ֣ר יִדֹּר֒ קָרְבָּנ֤וֹ לַֽיהוָה֙ עַל־נִזְר֔וֹ מִלְּבַ֖ד אֲשֶׁר־תַּשִּׂ֣יג יָד֑וֹ כְּפִ֤י נִדְרוֹ֙ אֲשֶׁ֣ר יִדֹּ֔ר כֵּ֣ן יַעֲשֶׂ֔ה עַ֖ל תּוֹרַ֥ת נִזְרֽוֹ׃ פ