Paulus
Oppstandelsens logikk: Adam og Kristus
Paulus argumenterer for at hvis Kristus ikke er oppstått, er troen forgjeves. Men Kristus er reist opp som førstegrøden. Liksom døden kom ved Adam, kommer livet ved Kristus, som skal herske inntil alle fiender, sist døden, er tilintetgjort, så Gud blir alt i alle.
1. Korintarane 15,12-28
12Men når det blir forkynt at Kristus har stått opp frå dei døde, korleis kan då somme av dykk seia at det ikkje finst noka oppstode frå dei døde?
Εἰ δὲ Χριστὸς κηρύσσεται ὅτι ἐκ νεκρῶν ἐγήγερται, πῶς λέγουσιν ⸂ἐν ὑμῖν τινες⸃ ὅτι ἀνάστασις νεκρῶν οὐκ ἔστιν;
13Om det ikkje finst noka oppstode frå dei døde, har heller ikkje Kristus stått opp.
εἰ δὲ ἀνάστασις νεκρῶν οὐκ ἔστιν, οὐδὲ Χριστὸς ἐγήγερται·
14Men har ikkje Kristus stått opp, då er forkynninga vår utan innhald, og trua dykkar er òg utan innhald.
εἰ δὲ Χριστὸς οὐκ ἐγήγερται, κενὸν ⸀ἄρα τὸ κήρυγμα ἡμῶν, ⸀κενὴ καὶ ἡ πίστις ⸀ὑμῶν,
15Då står vi òg som falske vitne om Gud, for vi har vitna om Gud at han reiste Kristus opp – han som han ikkje reiste opp, dersom det er sant at døde ikkje står opp.
εὑρισκόμεθα δὲ καὶ ψευδομάρτυρες τοῦ θεοῦ, ὅτι ἐμαρτυρήσαμεν κατὰ τοῦ θεοῦ ὅτι ἤγειρεν τὸν Χριστόν, ὃν οὐκ ἤγειρεν εἴπερ ἄρα νεκροὶ οὐκ ἐγείρονται.
16For dersom døde ikkje står opp, har heller ikkje Kristus stått opp.
εἰ γὰρ νεκροὶ οὐκ ἐγείρονται, οὐδὲ Χριστὸς ἐγήγερται·
17Men har ikkje Kristus stått opp, då er trua dykkar nyttelaus, og de er enno i syndene dykkar.
εἰ δὲ Χριστὸς οὐκ ἐγήγερται, ματαία ἡ πίστις ⸀ὑμῶν, ἔτι ἐστὲ ἐν ταῖς ἁμαρτίαις ὑμῶν.
18Då har òg dei som har sovna inn i Kristus, gått fortapt.
ἄρα καὶ οἱ κοιμηθέντες ἐν Χριστῷ ἀπώλοντο.
19Har vi berre for dette livet sett vår von til Kristus, då er vi dei mest ynkjelege av alle menneske.
εἰ ἐν τῇ ζωῇ ταύτῃ ⸂ἐν Χριστῷ ἠλπικότες ἐσμὲν⸃ μόνον, ἐλεεινότεροι πάντων ἀνθρώπων ἐσμέν.
20Men no har Kristus stått opp frå dei døde, som førstegrøda av dei som har sovna inn.
Νυνὶ δὲ Χριστὸς ἐγήγερται ἐκ νεκρῶν, ἀπαρχὴ τῶν ⸀κεκοιμημένων.
21For sidan døden kom ved eit menneske, er òg oppstoda frå dei døde komen ved eit menneske.
ἐπειδὴ γὰρ διʼ ἀνθρώπου ⸀θάνατος, καὶ διʼ ἀνθρώπου ἀνάστασις νεκρῶν·
22For liksom alle døyr i Adam, så skal alle bli gjort levande i Kristus.
ὥσπερ γὰρ ἐν τῷ Ἀδὰμ πάντες ἀποθνῄσκουσιν, οὕτως καὶ ἐν τῷ Χριστῷ πάντες ζῳοποιηθήσονται.
23Men kvar til si tid: Kristus er førstegrøda, deretter dei som høyrer Kristus til, når han kjem.
ἕκαστος δὲ ἐν τῷ ἰδίῳ τάγματι· ἀπαρχὴ Χριστός, ἔπειτα οἱ τοῦ Χριστοῦ ἐν τῇ παρουσίᾳ αὐτοῦ·
24Så kjem enden, når han overgjev riket til Gud og Far, etter at han har gjort ende på all makt, all styresmakt og alt velde.
εἶτα τὸ τέλος, ὅταν ⸀παραδιδῷ τὴν βασιλείαν τῷ θεῷ καὶ πατρί, ὅταν καταργήσῃ πᾶσαν ἀρχὴν καὶ πᾶσαν ἐξουσίαν καὶ δύναμιν,
25For han må vera konge til han har lagt alle fiendar under føtene sine.
δεῖ γὰρ αὐτὸν βασιλεύειν ἄχρι ⸀οὗ θῇ πάντας τοὺς ἐχθροὺς ὑπὸ τοὺς πόδας αὐτοῦ.
26Den siste fienden som blir gjort til inkjes, er døden.
ἔσχατος ἐχθρὸς καταργεῖται ὁ θάνατος,
27For «alt har han lagt under føtene hans». Men når det står at alt er lagt under han, er det klårt at dette ikkje gjeld han som la alt under han.
πάντα γὰρ ὑπέταξεν ὑπὸ τοὺς πόδας αὐτοῦ. ὅταν δὲ εἴπῃ ὅτι πάντα ὑποτέτακται, δῆλον ὅτι ἐκτὸς τοῦ ὑποτάξαντος αὐτῷ τὰ πάντα.
28Og når alt er lagt under han, då skal òg Sonen sjølv underordna seg under han som la alt under han, så Gud kan vera alt i alle.
ὅταν δὲ ὑποταγῇ αὐτῷ τὰ πάντα, ⸀τότε αὐτὸς ὁ υἱὸς ὑποταγήσεται τῷ ὑποτάξαντι αὐτῷ τὰ πάντα, ἵνα ᾖ ὁ θεὸς ⸀πάντα ἐν πᾶσιν.