Paulus

Paulus i Rom

Paulus ankommer Rom, møter de ledende jødene og forkynner Guds rike fra sin leide bolig i to år med full frimodighet og uten hindring.

Apostelgjerningane 28,11-31

11Etter tre månader segla vi ut med eit skip frå Alexandria som hadde overvinterert på øya. Det hadde Tvillingane som galionsfigurar.
Μετὰ δὲ τρεῖς μῆνας ⸀ἀνήχθημεν ἐν πλοίῳ παρακεχειμακότι ἐν τῇ νήσῳ Ἀλεξανδρίνῳ, παρασήμῳ Διοσκούροις.
12Vi la til i Syrakus og vart der i tre dagar.
καὶ καταχθέντες εἰς Συρακούσας ἐπεμείναμεν ἡμέρας τρεῖς,
13Derifrå segla vi vidare og kom til Regium. Dagen etter blåste det ein sønnavind, og på to dagar kom vi til Puteoli.
ὅθεν ⸀περιελόντες κατηντήσαμεν εἰς Ῥήγιον. καὶ μετὰ μίαν ἡμέραν ἐπιγενομένου νότου δευτεραῖοι ἤλθομεν εἰς Ποτιόλους,
14Der fann vi nokre sysken, og vi vart bedne om å bli hos dei i sju dagar. Og slik kom vi til Roma.
οὗ εὑρόντες ἀδελφοὺς παρεκλήθημεν ⸀παρʼ αὐτοῖς ἐπιμεῖναι ἡμέρας ἑπτά· καὶ οὕτως εἰς τὴν Ῥώμην ἤλθαμεν.
15Syskena der hadde høyrt om oss og kom oss i møte så langt som til Appius Forum og Tres Tabernae. Då Paulus såg dei, takka han Gud og fekk nytt mot.
κἀκεῖθεν οἱ ἀδελφοὶ ἀκούσαντες τὰ περὶ ἡμῶν ⸀ἦλθαν εἰς ἀπάντησιν ἡμῖν ἄχρι Ἀππίου Φόρου καὶ Τριῶν Ταβερνῶν, οὓς ἰδὼν ὁ Παῦλος εὐχαριστήσας τῷ θεῷ ἔλαβε θάρσος.
16Då vi kom inn i Roma, fekk Paulus lov til å bu for seg sjølv saman med den soldaten som vakta han.
Ὅτε δὲ ⸀εἰσήλθομεν εἰς Ῥώμην, ⸂ἐπετράπη τῷ Παύλῳ⸃ μένειν καθʼ ἑαυτὸν σὺν τῷ φυλάσσοντι αὐτὸν στρατιώτῃ.
17Tre dagar seinare kalla han saman dei leiande blant jødane. Då dei var samla, sa han til dei: «Brør, endå eg ikkje har gjort noko imot folket vårt eller tradisjonane frå fedrane, vart eg gjeven som fange frå Jerusalem over i hendene på romarane.
Ἐγένετο δὲ μετὰ ἡμέρας τρεῖς συγκαλέσασθαι ⸀αὐτὸν τοὺς ὄντας τῶν Ἰουδαίων πρώτους· συνελθόντων δὲ αὐτῶν ἔλεγεν πρὸς αὐτούς· ⸂Ἐγώ, ἄνδρες ἀδελφοί⸃, οὐδὲν ἐναντίον ποιήσας τῷ λαῷ ἢ τοῖς ἔθεσι τοῖς πατρῴοις δέσμιος ἐξ Ἱεροσολύμων παρεδόθην εἰς τὰς χεῖρας τῶν Ῥωμαίων,
18Dei forhøyrde meg og ville sleppa meg fri, for det fanst inga skuld på meg som fortente døden.
οἵτινες ἀνακρίναντές με ἐβούλοντο ἀπολῦσαι διὰ τὸ μηδεμίαν αἰτίαν θανάτου ὑπάρχειν ἐν ἐμοί·
19Men då jødane protesterte, vart eg nøydd til å anka til keisaren – ikkje fordi eg hadde noko å klaga mitt eige folk for.
ἀντιλεγόντων δὲ τῶν Ἰουδαίων ἠναγκάσθην ἐπικαλέσασθαι Καίσαρα, οὐχ ὡς τοῦ ἔθνους μου ἔχων τι ⸀κατηγορεῖν.
20Difor har eg bede om å få sjå dykk og tala med dykk. For det er på grunn av vona til Israel eg ber denne lenkja.»
διὰ ταύτην οὖν τὴν αἰτίαν παρεκάλεσα ὑμᾶς ἰδεῖν καὶ προσλαλῆσαι, ἕνεκεν γὰρ τῆς ἐλπίδος τοῦ Ἰσραὴλ τὴν ἅλυσιν ταύτην περίκειμαι.
21Dei svara han: «Vi har korkje fått brev frå Judea om deg, og ingen av syskena som har kome hit, har meldt eller sagt noko vondt om deg.
οἱ δὲ πρὸς αὐτὸν εἶπαν· Ἡμεῖς οὔτε γράμματα περὶ σοῦ ἐδεξάμεθα ἀπὸ τῆς Ἰουδαίας, οὔτε παραγενόμενός τις τῶν ἀδελφῶν ἀπήγγειλεν ἢ ἐλάλησέν τι περὶ σοῦ πονηρόν.
22Men vi vil gjerne høyra kva du meiner. For om denne rørsla veit vi at ho blir motsagd overalt.»
ἀξιοῦμεν δὲ παρὰ σοῦ ἀκοῦσαι ἃ φρονεῖς, περὶ μὲν γὰρ τῆς αἱρέσεως ταύτης γνωστὸν ⸂ἡμῖν ἐστιν⸃ ὅτι πανταχοῦ ἀντιλέγεται.
23Dei avtalte ein dag med han, og endå fleire kom til han der han budde. Han la ut for dei og vitna om Guds rike, og han prøvde å overtyda dei om Jesus ut frå Moselova og profetane, frå morgon til kveld.
Ταξάμενοι δὲ αὐτῷ ἡμέραν ⸀ἧκον πρὸς αὐτὸν εἰς τὴν ξενίαν πλείονες, οἷς ἐξετίθετο διαμαρτυρόμενος τὴν βασιλείαν τοῦ θεοῦ πείθων τε ⸀αὐτοὺς περὶ τοῦ Ἰησοῦ ἀπό τε τοῦ νόμου Μωϋσέως καὶ τῶν προφητῶν ἀπὸ πρωῒ ἕως ἑσπέρας.
24Nokre let seg overtyda av det han sa, men andre trudde ikkje.
καὶ οἱ μὲν ἐπείθοντο τοῖς λεγομένοις οἱ δὲ ἠπίστουν,
25Dei var usamde seg imellom og tok til å gå, etter at Paulus hadde sagt dette eine ordet: «Den Heilage Ande tala rett gjennom profeten Jesaja til fedrane dykkar
ἀσύμφωνοι δὲ ὄντες πρὸς ἀλλήλους ἀπελύοντο, εἰπόντος τοῦ Παύλου ῥῆμα ἓν ὅτι Καλῶς τὸ πνεῦμα τὸ ἅγιον ἐλάλησεν διὰ Ἠσαΐου τοῦ προφήτου πρὸς τοὺς πατέρας ⸀ὑμῶν
26då han sa: Gå til dette folket og sei: De skal høyra og høyra, men ikkje forstå, de skal sjå og sjå, men ikkje skjøna.
⸀λέγων· Πορεύθητι πρὸς τὸν λαὸν τοῦτον καὶ εἰπόν· Ἀκοῇ ἀκούσετε καὶ οὐ μὴ συνῆτε, καὶ βλέποντες βλέψετε καὶ οὐ μὴ ἴδητε·
27For hjarta til dette folket er vorte sløvt, og øyra deira høyrer tungt, og auga sine har dei late att, så dei ikkje skal sjå med auga og høyra med øyra og forstå med hjarta og venda om, så eg kunne lækja dei.
ἐπαχύνθη γὰρ ἡ καρδία τοῦ λαοῦ τούτου, καὶ τοῖς ὠσὶν βαρέως ἤκουσαν, καὶ τοὺς ὀφθαλμοὺς αὐτῶν ἐκάμμυσαν· μήποτε ἴδωσιν τοῖς ὀφθαλμοῖς καὶ τοῖς ὠσὶν ἀκούσωσιν καὶ τῇ καρδίᾳ συνῶσιν καὶ ἐπιστρέψωσιν, καὶ ἰάσομαι αὐτούς.
28Så skal de vita at denne frelsa frå Gud er send til heidningane. Dei skal høyra!»
γνωστὸν οὖν ⸂ἔστω ὑμῖν⸃ ὅτι τοῖς ἔθνεσιν ἀπεστάλη ⸀τοῦτο τὸ σωτήριον τοῦ θεοῦ· αὐτοὶ καὶ ⸀ἀκούσονται.
29[Då han hadde sagt dette, gjekk jødane bort og hadde ein heftig ordstrid seg imellom.]
Καὶ ταῦτα αὐτοῦ εἰπόντος, ἀπῆλθον οἱ Ἰουδαῖοι, πολλὴν ἔχοντες ἐν ἑαυτοῖς συζήτησιν.
30I to heile år vart han buande i eit leigd husvære. Han tok imot alle som kom til han,
⸀Ἐνέμεινεν ⸀δὲ διετίαν ὅλην ἐν ἰδίῳ μισθώματι, καὶ ἀπεδέχετο πάντας τοὺς εἰσπορευομένους πρὸς αὐτόν,
31og forkynte Guds rike og underviste om Herren Jesus Kristus med fullt frimod og utan hinder.
κηρύσσων τὴν βασιλείαν τοῦ θεοῦ καὶ διδάσκων τὰ περὶ τοῦ κυρίου Ἰησοῦ Χριστοῦ μετὰ πάσης παρρησίας ἀκωλύτως.