Jesu liding
Peter fornekter Jesus
Peter fornekter Jesus tre ganger før hanen galer, slik Jesus hadde forutsagt, og går ut og gråter bittert.
Matteus 26,69-75
69Peter sat ute i garden. Då kom ei tenestejente bort til han og sa: «Du var òg med Jesus frå Galilea.»
Ὁ δὲ Πέτρος ⸂ἐκάθητο ἔξω⸃ ἐν τῇ αὐλῇ· καὶ προσῆλθεν αὐτῷ μία παιδίσκη λέγουσα· Καὶ σὺ ἦσθα μετὰ Ἰησοῦ τοῦ Γαλιλαίου·
70Men han nekta framfor alle og sa: «Eg skjønar ikkje kva du snakkar om.»
ὁ δὲ ἠρνήσατο ⸀ἔμπροσθεν πάντων λέγων· Οὐκ οἶδα τί λέγεις.
71Då han gjekk ut i porten, fekk ei anna jente auge på han og sa til dei som stod der: «Han var med Jesus frå Nasaret.»
ἐξελθόντα ⸀δὲ εἰς τὸν πυλῶνα εἶδεν αὐτὸν ἄλλη καὶ λέγει ⸀τοῖς ἐκεῖ· ⸀Οὗτος ἦν μετὰ Ἰησοῦ τοῦ Ναζωραίου·
72Og igjen nekta han og svor: «Eg kjenner ikkje den mannen.»
καὶ πάλιν ἠρνήσατο μετὰ ὅρκου ὅτι Οὐκ οἶδα τὸν ἄνθρωπον.
73Litt etter kom dei som stod der, bort til Peter og sa: «Jo visst er du ein av dei! Dialekten din avslører deg.»
μετὰ μικρὸν δὲ προσελθόντες οἱ ἑστῶτες εἶπον τῷ Πέτρῳ· Ἀληθῶς καὶ σὺ ἐξ αὐτῶν εἶ, καὶ γὰρ ἡ λαλιά σου δῆλόν σε ποιεῖ·
74Då tok han til å banna og sverja: «Eg kjenner ikkje den mannen!» Og straks gol hanen.
τότε ἤρξατο καταθεματίζειν καὶ ὀμνύειν ὅτι Οὐκ οἶδα τὸν ἄνθρωπον. καὶ ⸀εὐθέως ἀλέκτωρ ἐφώνησεν·
75Då minntest Peter det ordet Jesus hadde sagt: «Før hanen gjel, skal du fornekta meg tre gonger.» Og han gjekk ut og gret sårt.
καὶ ἐμνήσθη ὁ Πέτρος τοῦ ⸀ῥήματος Ἰησοῦ ⸀εἰρηκότος ὅτι Πρὶν ἀλέκτορα φωνῆσαι τρὶς ἀπαρνήσῃ με, καὶ ἐξελθὼν ἔξω ἔκλαυσεν πικρῶς.
Markus 14,66-72
66Medan Peter var nede på gardsplassen, kom ei av tenestejentene til øvstepresten.
Καὶ ὄντος τοῦ Πέτρου ⸂κάτω ἐν τῇ αὐλῇ⸃ ἔρχεται μία τῶν παιδισκῶν τοῦ ἀρχιερέως,
67Då ho såg Peter varma seg, stirte ho på han og sa: «Du var òg saman med denne nasarearen, Jesus.»
καὶ ἰδοῦσα τὸν Πέτρον θερμαινόμενον ἐμβλέψασα αὐτῷ λέγει· Καὶ σὺ μετὰ τοῦ Ναζαρηνοῦ ⸂ἦσθα τοῦ Ἰησοῦ⸃·
68Men han nekta og sa: «Eg veit ikkje og skjønar ikkje kva du snakkar om.» Så gjekk han ut i portrommet, og hanen gol.
ὁ δὲ ἠρνήσατο λέγων· ⸂Οὔτε οἶδα οὔτε ἐπίσταμαι σὺ τί⸃ λέγεις, καὶ ἐξῆλθεν ἔξω εἰς τὸ προαύλιον ⸂καὶ ἀλέκτωρ ἐφώνησεν⸃.
69Tenestejenta fekk auge på han og tok på nytt til å seia til dei som stod der: «Han er ein av dei.»
καὶ ἡ παιδίσκη ἰδοῦσα αὐτὸν ⸂ἤρξατο πάλιν⸃ λέγειν τοῖς ⸀παρεστῶσιν ὅτι Οὗτος ἐξ αὐτῶν ἐστιν.
70Men han nekta att. Litt etter sa dei som stod der, til Peter: «Du er sanneleg ein av dei, for du er galilear, og målet ditt røper deg.»
ὁ δὲ πάλιν ἠρνεῖτο. καὶ μετὰ μικρὸν πάλιν οἱ παρεστῶτες ἔλεγον τῷ Πέτρῳ· Ἀληθῶς ἐξ αὐτῶν εἶ, καὶ γὰρ Γαλιλαῖος εἶ ⸂καὶ ἡ λαλιά σου ὁμοιάζει⸃·
71Då tok han til å banna og sverja: «Eg kjenner ikkje denne mannen de snakkar om.»
ὁ δὲ ἤρξατο ἀναθεματίζειν καὶ ὀμνύναι ὅτι Οὐκ οἶδα τὸν ἄνθρωπον τοῦτον ὃν λέγετε.
72Straks gol hanen for andre gong. Då kom Peter i hug det Jesus hadde sagt til han: «Før hanen gjel to gonger, skal du fornekta meg tre gonger.» Og han brast i gråt.
καὶ ⸀εὐθὺς ἐκ δευτέρου ἀλέκτωρ ἐφώνησεν· καὶ ἀνεμνήσθη ὁ Πέτρος τὸ ῥῆμα ⸀ὡς εἶπεν αὐτῷ ὁ Ἰησοῦς ὅτι Πρὶν ἀλέκτορα ⸂φωνῆσαι δὶς τρίς με ἀπαρνήσῃ⸃, καὶ ἐπιβαλὼν ἔκλαιεν.
Lukas 22,54-62
54Så greip dei han og førte han bort og inn i huset til øvstepresten. Peter følgde etter på avstand.
Συλλαβόντες δὲ αὐτὸν ἤγαγον καὶ ⸀εἰσήγαγον εἰς ⸂τὴν οἰκίαν⸃ τοῦ ἀρχιερέως· ὁ δὲ Πέτρος ἠκολούθει μακρόθεν.
55Dei hadde tent eld midt på gardsplassen og sett seg ned saman, og Peter sette seg ned mellom dei.
⸀περιαψάντων δὲ πῦρ ἐν μέσῳ τῆς αὐλῆς καὶ ⸀συγκαθισάντων ἐκάθητο ὁ Πέτρος ⸀μέσος αὐτῶν.
56Ei tenestejente fekk auge på han der han sat mot lyset, og ho stirte på han og sa: «Denne mannen var òg saman med han.»
ἰδοῦσα δὲ αὐτὸν παιδίσκη τις καθήμενον πρὸς τὸ φῶς καὶ ἀτενίσασα αὐτῷ εἶπεν· Καὶ οὗτος σὺν αὐτῷ ἦν·
57Men han nekta og sa: «Kvinne, eg kjenner han ikkje.»
ὁ δὲ ⸀ἠρνήσατο λέγων· ⸂Οὐκ οἶδα αὐτόν, γύναι⸃.
58Litt etter fekk ein annan auge på han og sa: «Du er òg ein av dei.» Men Peter sa: «Menneske, det er eg ikkje!»
καὶ μετὰ βραχὺ ἕτερος ἰδὼν αὐτὸν ἔφη· Καὶ σὺ ἐξ αὐτῶν εἶ· ὁ δὲ Πέτρος ⸀ἔφη· Ἄνθρωπε, οὐκ εἰμί.
59Omlag ein time seinare var det ein annan som insisterte: «Sanneleg, denne mannen var òg med han, for han er galilear.»
καὶ διαστάσης ὡσεὶ ὥρας μιᾶς ἄλλος τις διϊσχυρίζετο λέγων· Ἐπʼ ἀληθείας καὶ οὗτος μετʼ αὐτοῦ ἦν, καὶ γὰρ Γαλιλαῖός ἐστιν·
60Men Peter sa: «Menneske, eg veit ikkje kva du snakkar om!» Med det same, medan han endå tala, gol hanen.
εἶπεν δὲ ὁ Πέτρος· Ἄνθρωπε, οὐκ οἶδα ὃ λέγεις. καὶ παραχρῆμα ἔτι λαλοῦντος αὐτοῦ ἐφώνησεν ἀλέκτωρ.
61Då snudde Herren seg og såg på Peter. Og Peter hugsa kva Herren hadde sagt til han: «Før hanen gjel i dag, skal du nekta for meg tre gonger.»
καὶ στραφεὶς ὁ κύριος ἐνέβλεψεν τῷ Πέτρῳ, καὶ ὑπεμνήσθη ὁ Πέτρος τοῦ ⸀λόγου τοῦ κυρίου ὡς εἶπεν αὐτῷ ὅτι Πρὶν ἀλέκτορα φωνῆσαι ⸀σήμερον ἀπαρνήσῃ με τρίς.
62Og han gjekk ut og gret sårt.
καὶ ἐξελθὼν ⸀ἔξω ἔκλαυσεν πικρῶς.
Johannes 18,15-27
15Simon Peter og ein annan læresvein følgde etter Jesus. Denne læresveinen var kjend med øvstepresten, og han gjekk inn i garden til øvstepresten saman med Jesus.
Ἠκολούθει δὲ τῷ Ἰησοῦ Σίμων Πέτρος ⸀καὶ ἄλλος μαθητής. ὁ δὲ μαθητὴς ἐκεῖνος ἦν γνωστὸς τῷ ἀρχιερεῖ καὶ συνεισῆλθεν τῷ Ἰησοῦ εἰς τὴν αὐλὴν τοῦ ἀρχιερέως,
16Men Peter vart ståande utanfor ved porten. Den andre læresveinen, som var kjend med øvstepresten, gjekk då ut og snakka med portvakta og fekk Peter inn.
ὁ δὲ Πέτρος εἱστήκει πρὸς τῇ θύρᾳ ἔξω. ἐξῆλθεν οὖν ὁ μαθητὴς ὁ ἄλλος ⸀ὁ γνωστὸς ⸂τοῦ ἀρχιερέως⸃ καὶ εἶπεν τῇ θυρωρῷ καὶ εἰσήγαγεν τὸν Πέτρον.
17Tenestejenta som vakta porten, sa til Peter: «Er ikkje du òg ein av læresveinane til denne mannen?» Han svara: «Nei, det er eg ikkje.»
λέγει οὖν ⸂τῷ Πέτρῳ ἡ παιδίσκη ἡ θυρωρός⸃· Μὴ καὶ σὺ ἐκ τῶν μαθητῶν εἶ τοῦ ἀνθρώπου τούτου; λέγει ἐκεῖνος· Οὐκ εἰμί.
18Tenarane og vaktene hadde gjort opp eit kolbål fordi det var kaldt, og dei stod og varma seg. Peter stod der saman med dei og varma seg.
εἱστήκεισαν δὲ οἱ δοῦλοι καὶ οἱ ὑπηρέται ἀνθρακιὰν πεποιηκότες, ὅτι ψῦχος ἦν, καὶ ἐθερμαίνοντο· ἦν δὲ ⸂καὶ ὁ Πέτρος μετʼ αὐτῶν⸃ ἑστὼς καὶ θερμαινόμενος.
19Øvstepresten spurde Jesus om læresveinane hans og om læra hans.
Ὁ οὖν ἀρχιερεὺς ἠρώτησεν τὸν Ἰησοῦν περὶ τῶν μαθητῶν αὐτοῦ καὶ περὶ τῆς διδαχῆς αὐτοῦ.
20Jesus svara han: «Eg har tala ope til verda. Eg har alltid undervist i synagogane og i tempelet, der alle jødane kjem saman. Eg har ikkje sagt noko i løynd.
ἀπεκρίθη ⸀αὐτῷ Ἰησοῦς· Ἐγὼ παρρησίᾳ ⸀λελάληκα τῷ κόσμῳ· ἐγὼ πάντοτε ἐδίδαξα ἐν συναγωγῇ καὶ ἐν τῷ ἱερῷ, ὅπου ⸀πάντες οἱ Ἰουδαῖοι συνέρχονται, καὶ ἐν κρυπτῷ ἐλάλησα οὐδέν·
21Kvifor spør du meg? Spør dei som har høyrt kva eg sa til dei. Dei veit kva eg har sagt.»
τί με ⸂ἐρωτᾷς; ἐρώτησον⸃ τοὺς ἀκηκοότας τί ἐλάλησα αὐτοῖς· ἴδε οὗτοι οἴδασιν ἃ εἶπον ἐγώ.
22Då han sa dette, gav ein av vaktene som stod der, Jesus eit slag og sa: «Svarar du øvstepresten slik?»
ταῦτα δὲ αὐτοῦ εἰπόντος εἷς ⸂παρεστηκὼς τῶν ὑπηρετῶν⸃ ἔδωκεν ῥάπισμα τῷ Ἰησοῦ εἰπών· Οὕτως ἀποκρίνῃ τῷ ἀρχιερεῖ;
23Jesus svara han: «Har eg sagt noko gale, så prov at det er gale. Men har eg sagt det som er rett, kvifor slår du meg då?»
ἀπεκρίθη ⸀αὐτῷ Ἰησοῦς· Εἰ κακῶς ἐλάλησα, μαρτύρησον περὶ τοῦ κακοῦ· εἰ δὲ καλῶς, τί με δέρεις;
24Så sende Annas han bunden til øvstepresten Kaifas.
ἀπέστειλεν ⸀οὖν αὐτὸν ὁ Ἅννας δεδεμένον πρὸς Καϊάφαν τὸν ἀρχιερέα.
25Simon Peter stod og varma seg. Dei sa til han: «Er ikkje du òg ein av læresveinane hans?» Han nekta og sa: «Nei, det er eg ikkje.»
Ἦν δὲ Σίμων Πέτρος ἑστὼς καὶ θερμαινόμενος. εἶπον οὖν αὐτῷ· Μὴ καὶ σὺ ἐκ τῶν μαθητῶν αὐτοῦ εἶ; ⸀ἠρνήσατο ἐκεῖνος καὶ εἶπεν· Οὐκ εἰμί.
26Ein av tenarane til øvstepresten, ein slektning av han som Peter hadde hogge øyret av, sa: «Såg ikkje eg deg saman med han i hagen?»
λέγει εἷς ἐκ τῶν δούλων τοῦ ἀρχιερέως, συγγενὴς ὢν οὗ ἀπέκοψεν Πέτρος τὸ ὠτίον· Οὐκ ἐγώ σε εἶδον ἐν τῷ κήπῳ μετʼ αὐτοῦ;
27Peter nekta på nytt, og straks gol hanen.
πάλιν οὖν ⸀ἠρνήσατο Πέτρος· καὶ εὐθέως ἀλέκτωρ ἐφώνησεν.
Matteus 26,57-68
57Dei som hadde gripe Jesus, førte han til øvstepresten Kaifas, der dei skriftlærde og dei eldste hadde samla seg.
Οἱ δὲ κρατήσαντες τὸν Ἰησοῦν ἀπήγαγον πρὸς Καϊάφαν τὸν ἀρχιερέα, ὅπου οἱ γραμματεῖς καὶ οἱ πρεσβύτεροι συνήχθησαν.
58Peter følgde etter på avstand heilt til garden til øvstepresten. Han gjekk inn og sette seg mellom vaktene for å sjå korleis det enda.
ὁ δὲ Πέτρος ἠκολούθει αὐτῷ ἀπὸ μακρόθεν ἕως τῆς αὐλῆς τοῦ ἀρχιερέως, καὶ εἰσελθὼν ἔσω ἐκάθητο μετὰ τῶν ὑπηρετῶν ἰδεῖν τὸ τέλος.
59Overprestane og heile Rådet leita etter falske vitnemål mot Jesus for å kunna døma han til døden.
οἱ δὲ ἀρχιερεῖς ⸀καὶ τὸ συνέδριον ὅλον ἐζήτουν ψευδομαρτυρίαν κατὰ τοῦ Ἰησοῦ ὅπως ⸂αὐτὸν θανατώσωσιν⸃,
60Men dei fann ikkje noko, endå mange falske vitne steig fram. Til sist kom det to fram
καὶ οὐχ εὗρον ⸂πολλῶν προσελθόντων ψευδομαρτύρων. ὕστερον δὲ προσελθόντες δύο⸃
61og sa: «Denne mannen har sagt: 'Eg kan riva ned Guds tempel og byggja det opp att på tre dagar.'»
εἶπαν· Οὗτος ἔφη· Δύναμαι καταλῦσαι τὸν ναὸν τοῦ θεοῦ καὶ διὰ τριῶν ἡμερῶν ⸀οἰκοδομῆσαι.
62Då reiste øvstepresten seg og sa til han: «Svarar du ikkje? Kva er det desse vitnar mot deg?»
καὶ ἀναστὰς ὁ ἀρχιερεὺς εἶπεν αὐτῷ· Οὐδὲν ἀποκρίνῃ; τί οὗτοί σου καταμαρτυροῦσιν;
63Men Jesus tagde. Øvstepresten sa til han: «Eg tek deg i eid ved den levande Gud: Sei oss om du er Messias, Guds Son!»
ὁ δὲ Ἰησοῦς ἐσιώπα. ⸀καὶ ὁ ἀρχιερεὺς εἶπεν αὐτῷ· Ἐξορκίζω σε κατὰ τοῦ θεοῦ τοῦ ζῶντος ἵνα ἡμῖν εἴπῃς εἰ σὺ εἶ ὁ χριστὸς ὁ υἱὸς τοῦ θεοῦ.
64Jesus svara: «Du har sagt det. Men eg seier dykk: Frå no av skal de sjå Menneskesonen sitja ved høgre handa til Makta og koma på himmelskyene.»
λέγει αὐτῷ ὁ Ἰησοῦς· Σὺ εἶπας· πλὴν λέγω ὑμῖν, ἀπʼ ἄρτι ὄψεσθε τὸν υἱὸν τοῦ ἀνθρώπου καθήμενον ἐκ δεξιῶν τῆς δυνάμεως καὶ ἐρχόμενον ἐπὶ τῶν νεφελῶν τοῦ οὐρανοῦ.
65Då reiv øvstepresten sund kleda sine og sa: «Han har spotta Gud! Kva skal vi med fleire vitne? No har de høyrt gudsspottinga.
τότε ὁ ἀρχιερεὺς διέρρηξεν τὰ ἱμάτια αὐτοῦ ⸀λέγων· Ἐβλασφήμησεν· τί ἔτι χρείαν ἔχομεν μαρτύρων; ἴδε νῦν ἠκούσατε τὴν ⸀βλασφημίαν·
66Kva meiner de?» Dei svara: «Han er skuldig til døden.»
τί ὑμῖν δοκεῖ; οἱ δὲ ἀποκριθέντες εἶπαν· Ἔνοχος θανάτου ἐστίν.
67Då spytta dei han i andletet og slo han med nevane. Nokre slo han med flat hand
τότε ἐνέπτυσαν εἰς τὸ πρόσωπον αὐτοῦ καὶ ἐκολάφισαν αὐτόν, οἱ δὲ ἐράπισαν
68og sa: «No kan du profetere for oss, Messias! Kven var det som slo deg?»
λέγοντες· Προφήτευσον ἡμῖν, χριστέ, τίς ἐστιν ὁ παίσας σε;
Markus 14,53-65
53Dei førte Jesus til øvstepresten, og alle overprestane, dei eldste og dei skriftlærde kom saman.
Καὶ ἀπήγαγον τὸν Ἰησοῦν πρὸς τὸν ἀρχιερέα, καὶ ⸀συνέρχονται πάντες οἱ ἀρχιερεῖς καὶ οἱ πρεσβύτεροι καὶ οἱ γραμματεῖς.
54Peter følgde etter han på avstand, heilt inn på gardsplassen til øvstepresten. Der sat han saman med vaktene og varma seg ved elden.
καὶ ὁ Πέτρος ἀπὸ μακρόθεν ἠκολούθησεν αὐτῷ ἕως ἔσω εἰς τὴν αὐλὴν τοῦ ἀρχιερέως καὶ ἦν συγκαθήμενος μετὰ τῶν ὑπηρετῶν καὶ θερμαινόμενος πρὸς τὸ φῶς.
55Overprestane og heile Rådet leita etter vitnemål mot Jesus for å få han dømd til døden, men dei fann ikkje noko.
οἱ δὲ ἀρχιερεῖς καὶ ὅλον τὸ συνέδριον ἐζήτουν κατὰ τοῦ Ἰησοῦ μαρτυρίαν εἰς τὸ θανατῶσαι αὐτόν, καὶ οὐχ ηὕρισκον·
56For mange vitna falskt mot han, men vitnemåla deira stemde ikkje saman.
πολλοὶ γὰρ ἐψευδομαρτύρουν κατʼ αὐτοῦ, καὶ ἴσαι αἱ μαρτυρίαι οὐκ ἦσαν.
57Nokre stod fram og vitna falskt mot han:
καί τινες ἀναστάντες ἐψευδομαρτύρουν κατʼ αὐτοῦ λέγοντες
58«Vi høyrde han seia: 'Eg skal riva ned dette tempelet som er gjort med hender, og på tre dagar byggja eit anna som ikkje er gjort med hender.'»
ὅτι Ἡμεῖς ἠκούσαμεν αὐτοῦ λέγοντος ὅτι Ἐγὼ καταλύσω τὸν ναὸν τοῦτον τὸν χειροποίητον καὶ διὰ τριῶν ἡμερῶν ἄλλον ἀχειροποίητον οἰκοδομήσω·
59Men heller ikkje her stemde vitnemåla deira saman.
καὶ οὐδὲ οὕτως ἴση ἦν ἡ μαρτυρία αὐτῶν.
60Då reiste øvstepresten seg, steig fram og spurde Jesus: «Svarar du ikkje på det desse vitnar mot deg?»
καὶ ἀναστὰς ὁ ἀρχιερεὺς εἰς μέσον ἐπηρώτησεν τὸν Ἰησοῦν λέγων· Οὐκ ἀποκρίνῃ οὐδέν; τί οὗτοί σου καταμαρτυροῦσιν;
61Men han tagde og svara ikkje eit ord. Øvstepresten spurde han på nytt: «Er du Messias, Son av Den velsigna?»
ὁ δὲ ἐσιώπα καὶ ⸂οὐκ ἀπεκρίνατο οὐδέν⸃. πάλιν ὁ ἀρχιερεὺς ἐπηρώτα αὐτὸν καὶ λέγει αὐτῷ· Σὺ εἶ ὁ χριστὸς ὁ υἱὸς τοῦ εὐλογητοῦ;
62Jesus svara: «Eg er det. Og de skal sjå Menneskesonen sitja ved høgre handa til Makta og koma med skyene på himmelen.»
ὁ δὲ Ἰησοῦς εἶπεν· Ἐγώ εἰμι, καὶ ὄψεσθε τὸν υἱὸν τοῦ ἀνθρώπου ἐκ δεξιῶν καθήμενον τῆς δυνάμεως καὶ ἐρχόμενον μετὰ τῶν νεφελῶν τοῦ οὐρανοῦ.
63Då reiv øvstepresten sund kleda sine og sa: «Kva skal vi med fleire vitne?
ὁ δὲ ἀρχιερεὺς διαρρήξας τοὺς χιτῶνας αὐτοῦ λέγει· Τί ἔτι χρείαν ἔχομεν μαρτύρων;
64De høyrde gudsspottinga. Kva meiner de?» Dei dømde han alle skuldig til døden.
ἠκούσατε τῆς βλασφημίας· τί ὑμῖν φαίνεται; οἱ δὲ πάντες κατέκριναν αὐτὸν ⸂ἔνοχον εἶναι⸃ θανάτου.
65Nokre tok til å spytta på han. Dei dekte til andletet hans, slo han med knyttnevane og sa: «Profetér!» Vaktene tok imot han med slag.
καὶ ἤρξαντό τινες ἐμπτύειν αὐτῷ καὶ περικαλύπτειν ⸂αὐτοῦ τὸ πρόσωπον⸃ καὶ κολαφίζειν αὐτὸν καὶ λέγειν αὐτῷ· Προφήτευσον, καὶ οἱ ὑπηρέται ῥαπίσμασιν αὐτὸν ⸀ἔλαβον.
Johannes 18,13-24
13Først førte dei han til Annas, for han var svigerfar til Kaifas, som var øvsteprest det året.
καὶ ⸀ἤγαγον πρὸς Ἅνναν πρῶτον· ἦν γὰρ πενθερὸς τοῦ Καϊάφα, ὃς ἦν ἀρχιερεὺς τοῦ ἐνιαυτοῦ ἐκείνου·
14Det var Kaifas som hadde gjeve jødane det rådet at det var best at éin mann døydde for folket.
ἦν δὲ Καϊάφας ὁ συμβουλεύσας τοῖς Ἰουδαίοις ὅτι συμφέρει ἕνα ἄνθρωπον ⸀ἀποθανεῖν ὑπὲρ τοῦ λαοῦ.
15Simon Peter og ein annan læresvein følgde etter Jesus. Denne læresveinen var kjend med øvstepresten, og han gjekk inn i garden til øvstepresten saman med Jesus.
Ἠκολούθει δὲ τῷ Ἰησοῦ Σίμων Πέτρος ⸀καὶ ἄλλος μαθητής. ὁ δὲ μαθητὴς ἐκεῖνος ἦν γνωστὸς τῷ ἀρχιερεῖ καὶ συνεισῆλθεν τῷ Ἰησοῦ εἰς τὴν αὐλὴν τοῦ ἀρχιερέως,
16Men Peter vart ståande utanfor ved porten. Den andre læresveinen, som var kjend med øvstepresten, gjekk då ut og snakka med portvakta og fekk Peter inn.
ὁ δὲ Πέτρος εἱστήκει πρὸς τῇ θύρᾳ ἔξω. ἐξῆλθεν οὖν ὁ μαθητὴς ὁ ἄλλος ⸀ὁ γνωστὸς ⸂τοῦ ἀρχιερέως⸃ καὶ εἶπεν τῇ θυρωρῷ καὶ εἰσήγαγεν τὸν Πέτρον.
17Tenestejenta som vakta porten, sa til Peter: «Er ikkje du òg ein av læresveinane til denne mannen?» Han svara: «Nei, det er eg ikkje.»
λέγει οὖν ⸂τῷ Πέτρῳ ἡ παιδίσκη ἡ θυρωρός⸃· Μὴ καὶ σὺ ἐκ τῶν μαθητῶν εἶ τοῦ ἀνθρώπου τούτου; λέγει ἐκεῖνος· Οὐκ εἰμί.
18Tenarane og vaktene hadde gjort opp eit kolbål fordi det var kaldt, og dei stod og varma seg. Peter stod der saman med dei og varma seg.
εἱστήκεισαν δὲ οἱ δοῦλοι καὶ οἱ ὑπηρέται ἀνθρακιὰν πεποιηκότες, ὅτι ψῦχος ἦν, καὶ ἐθερμαίνοντο· ἦν δὲ ⸂καὶ ὁ Πέτρος μετʼ αὐτῶν⸃ ἑστὼς καὶ θερμαινόμενος.
19Øvstepresten spurde Jesus om læresveinane hans og om læra hans.
Ὁ οὖν ἀρχιερεὺς ἠρώτησεν τὸν Ἰησοῦν περὶ τῶν μαθητῶν αὐτοῦ καὶ περὶ τῆς διδαχῆς αὐτοῦ.
20Jesus svara han: «Eg har tala ope til verda. Eg har alltid undervist i synagogane og i tempelet, der alle jødane kjem saman. Eg har ikkje sagt noko i løynd.
ἀπεκρίθη ⸀αὐτῷ Ἰησοῦς· Ἐγὼ παρρησίᾳ ⸀λελάληκα τῷ κόσμῳ· ἐγὼ πάντοτε ἐδίδαξα ἐν συναγωγῇ καὶ ἐν τῷ ἱερῷ, ὅπου ⸀πάντες οἱ Ἰουδαῖοι συνέρχονται, καὶ ἐν κρυπτῷ ἐλάλησα οὐδέν·
21Kvifor spør du meg? Spør dei som har høyrt kva eg sa til dei. Dei veit kva eg har sagt.»
τί με ⸂ἐρωτᾷς; ἐρώτησον⸃ τοὺς ἀκηκοότας τί ἐλάλησα αὐτοῖς· ἴδε οὗτοι οἴδασιν ἃ εἶπον ἐγώ.
22Då han sa dette, gav ein av vaktene som stod der, Jesus eit slag og sa: «Svarar du øvstepresten slik?»
ταῦτα δὲ αὐτοῦ εἰπόντος εἷς ⸂παρεστηκὼς τῶν ὑπηρετῶν⸃ ἔδωκεν ῥάπισμα τῷ Ἰησοῦ εἰπών· Οὕτως ἀποκρίνῃ τῷ ἀρχιερεῖ;
23Jesus svara han: «Har eg sagt noko gale, så prov at det er gale. Men har eg sagt det som er rett, kvifor slår du meg då?»
ἀπεκρίθη ⸀αὐτῷ Ἰησοῦς· Εἰ κακῶς ἐλάλησα, μαρτύρησον περὶ τοῦ κακοῦ· εἰ δὲ καλῶς, τί με δέρεις;
24Så sende Annas han bunden til øvstepresten Kaifas.
ἀπέστειλεν ⸀οὖν αὐτὸν ὁ Ἅννας δεδεμένον πρὸς Καϊάφαν τὸν ἀρχιερέα.
Lukas 22,54-71
54Så greip dei han og førte han bort og inn i huset til øvstepresten. Peter følgde etter på avstand.
Συλλαβόντες δὲ αὐτὸν ἤγαγον καὶ ⸀εἰσήγαγον εἰς ⸂τὴν οἰκίαν⸃ τοῦ ἀρχιερέως· ὁ δὲ Πέτρος ἠκολούθει μακρόθεν.
55Dei hadde tent eld midt på gardsplassen og sett seg ned saman, og Peter sette seg ned mellom dei.
⸀περιαψάντων δὲ πῦρ ἐν μέσῳ τῆς αὐλῆς καὶ ⸀συγκαθισάντων ἐκάθητο ὁ Πέτρος ⸀μέσος αὐτῶν.
56Ei tenestejente fekk auge på han der han sat mot lyset, og ho stirte på han og sa: «Denne mannen var òg saman med han.»
ἰδοῦσα δὲ αὐτὸν παιδίσκη τις καθήμενον πρὸς τὸ φῶς καὶ ἀτενίσασα αὐτῷ εἶπεν· Καὶ οὗτος σὺν αὐτῷ ἦν·
57Men han nekta og sa: «Kvinne, eg kjenner han ikkje.»
ὁ δὲ ⸀ἠρνήσατο λέγων· ⸂Οὐκ οἶδα αὐτόν, γύναι⸃.
58Litt etter fekk ein annan auge på han og sa: «Du er òg ein av dei.» Men Peter sa: «Menneske, det er eg ikkje!»
καὶ μετὰ βραχὺ ἕτερος ἰδὼν αὐτὸν ἔφη· Καὶ σὺ ἐξ αὐτῶν εἶ· ὁ δὲ Πέτρος ⸀ἔφη· Ἄνθρωπε, οὐκ εἰμί.
59Omlag ein time seinare var det ein annan som insisterte: «Sanneleg, denne mannen var òg med han, for han er galilear.»
καὶ διαστάσης ὡσεὶ ὥρας μιᾶς ἄλλος τις διϊσχυρίζετο λέγων· Ἐπʼ ἀληθείας καὶ οὗτος μετʼ αὐτοῦ ἦν, καὶ γὰρ Γαλιλαῖός ἐστιν·
60Men Peter sa: «Menneske, eg veit ikkje kva du snakkar om!» Med det same, medan han endå tala, gol hanen.
εἶπεν δὲ ὁ Πέτρος· Ἄνθρωπε, οὐκ οἶδα ὃ λέγεις. καὶ παραχρῆμα ἔτι λαλοῦντος αὐτοῦ ἐφώνησεν ἀλέκτωρ.
61Då snudde Herren seg og såg på Peter. Og Peter hugsa kva Herren hadde sagt til han: «Før hanen gjel i dag, skal du nekta for meg tre gonger.»
καὶ στραφεὶς ὁ κύριος ἐνέβλεψεν τῷ Πέτρῳ, καὶ ὑπεμνήσθη ὁ Πέτρος τοῦ ⸀λόγου τοῦ κυρίου ὡς εἶπεν αὐτῷ ὅτι Πρὶν ἀλέκτορα φωνῆσαι ⸀σήμερον ἀπαρνήσῃ με τρίς.
62Og han gjekk ut og gret sårt.
καὶ ἐξελθὼν ⸀ἔξω ἔκλαυσεν πικρῶς.
63Mennene som heldt vakt over Jesus, spotta han og slo han.
Καὶ οἱ ἄνδρες οἱ συνέχοντες ⸀αὐτὸν ἐνέπαιζον αὐτῷ δέροντες,
64Dei dekte til andletet hans og spurde: «Profetér! Kven var det som slo deg?»
καὶ περικαλύψαντες ⸂αὐτὸν ἐπηρώτων⸃ λέγοντες· Προφήτευσον, τίς ἐστιν ὁ παίσας σε;
65Og mange andre skjellsord sa dei mot han.
καὶ ἕτερα πολλὰ βλασφημοῦντες ἔλεγον εἰς αὐτόν.
66Då det vart dag, kom eldsterådet i folket saman, både overprestane og dei skriftlærde. Dei førte han fram for Rådet sitt.
Καὶ ὡς ἐγένετο ἡμέρα, συνήχθη τὸ πρεσβυτέριον τοῦ λαοῦ, ἀρχιερεῖς ⸀τε καὶ γραμματεῖς, καὶ ⸀ἀπήγαγον αὐτὸν εἰς τὸ συνέδριον αὐτῶν,
67Dei sa: «Er du Messias, så sei oss det!» Han svara dei: «Om eg seier det til dykk, vil de ikkje tru.
λέγοντες· Εἰ σὺ εἶ ὁ χριστός, εἰπὸν ἡμῖν. εἶπεν δὲ αὐτοῖς· Ἐὰν ὑμῖν εἴπω οὐ μὴ πιστεύσητε·
68Og om eg spør, vil de ikkje svara.
ἐὰν ⸀δὲ ἐρωτήσω, οὐ μὴ ⸀ἀποκριθῆτε.
69Men frå no av skal Menneskesonen sitja ved Guds høgre hand, der makta er.»
ἀπὸ τοῦ νῦν ⸀δὲ ἔσται ὁ υἱὸς τοῦ ἀνθρώπου καθήμενος ἐκ δεξιῶν τῆς δυνάμεως τοῦ θεοῦ.
70Då sa dei alle: «Så du er Guds Son?» Han svara dei: «De seier sjølve at eg er det.»
εἶπαν δὲ πάντες· Σὺ οὖν εἶ ὁ υἱὸς τοῦ θεοῦ; ὁ δὲ πρὸς αὐτοὺς ἔφη· Ὑμεῖς λέγετε ὅτι ἐγώ εἰμι.
71Då sa dei: «Kva skal vi med fleire vitne? Vi har sjølve høyrt det frå hans eigen munn.»
οἱ δὲ εἶπαν· Τί ἔτι ⸂ἔχομεν μαρτυρίας χρείαν⸃; αὐτοὶ γὰρ ἠκούσαμεν ἀπὸ τοῦ στόματος αὐτοῦ.