Urkyrkja

Peter og Johannes foran Rådet

Peter og Johannes blir arrestert og stilt for øverstepresten og Rådet etter å ha helbredet en lam mann. De forkynner frimodig om Jesu oppstandelse og blir truet til å tie, men nekter å adlyde mennesker mer enn Gud.

Apostelgjerningane 4,1-22

1Medan dei tala til folket, kom prestane, leiaren for tempelvakta og saddukearane over dei.
Λαλούντων δὲ αὐτῶν πρὸς τὸν λαὸν ἐπέστησαν αὐτοῖς οἱ ⸀ἱερεῖς καὶ ὁ στρατηγὸς τοῦ ἱεροῦ καὶ οἱ Σαδδουκαῖοι,
2Dei var opprørte fordi apostlane underviste folket og forkynte oppstoda frå dei døde i Jesus.
διαπονούμενοι διὰ τὸ διδάσκειν αὐτοὺς τὸν λαὸν καὶ καταγγέλλειν ἐν τῷ Ἰησοῦ τὴν ἀνάστασιν ⸂τὴν ἐκ⸃ νεκρῶν,
3Dei la hand på dei og sette dei i forvaring til dagen etter, for det var alt kveld.
καὶ ἐπέβαλον αὐτοῖς τὰς χεῖρας καὶ ἔθεντο εἰς τήρησιν εἰς τὴν αὔριον, ἦν γὰρ ἑσπέρα ἤδη.
4Men mange av dei som hadde høyrt ordet, kom til tru, og talet på mennene vart om lag fem tusen.
πολλοὶ δὲ τῶν ἀκουσάντων τὸν λόγον ἐπίστευσαν, καὶ ἐγενήθη ⸀ὁ ἀριθμὸς τῶν ἀνδρῶν ⸀ὡς χιλιάδες πέντε.
5Dagen etter samla leiarane deira, dei eldste og dei skriftlærde seg i Jerusalem.
Ἐγένετο δὲ ἐπὶ τὴν αὔριον συναχθῆναι αὐτῶν τοὺς ἄρχοντας καὶ ⸀τοὺς πρεσβυτέρους καὶ ⸁τοὺς γραμματεῖς ⸀ἐν Ἰερουσαλήμ
6Øvstepresten Annas var der, og Kaifas, Johannes, Aleksander og alle som var av øvsteprestleg ætt.
(καὶ ⸂Ἅννας ὁ ἀρχιερεὺς καὶ Καϊάφας καὶ Ἰωάννης καὶ Ἀλέξανδρος⸃ καὶ ὅσοι ἦσαν ἐκ γένους ἀρχιερατικοῦ),
7Dei stilte dei fram midt imellom seg og spurde: «Med kva kraft eller i kva namn har de gjort dette?»
καὶ στήσαντες αὐτοὺς ἐν ⸀τῷ μέσῳ ἐπυνθάνοντο· Ἐν ποίᾳ δυνάμει ἢ ἐν ποίῳ ὀνόματι ἐποιήσατε τοῦτο ὑμεῖς;
8Då sa Peter, fylt av Den Heilage Ande, til dei: «Leiarar for folket og de eldste!
τότε Πέτρος πλησθεὶς πνεύματος ἁγίου εἶπεν πρὸς αὐτούς· Ἄρχοντες τοῦ λαοῦ καὶ ⸀πρεσβύτεροι,
9Dersom vi i dag blir forhøyrde om ei velgjerning mot ein sjuk mann, og om korleis han har vorte frisk,
εἰ ἡμεῖς σήμερον ἀνακρινόμεθα ἐπὶ εὐεργεσίᾳ ἀνθρώπου ἀσθενοῦς, ἐν τίνι οὗτος σέσωσται,
10så skal de alle og heile Israelsfolket vita at det er i namnet åt Jesus Kristus frå Nasaret, han som de krossfeste, men som Gud reiste opp frå dei døde – ved han står denne mannen frisk framfor dykk.
γνωστὸν ἔστω πᾶσιν ὑμῖν καὶ παντὶ τῷ λαῷ Ἰσραὴλ ὅτι ἐν τῷ ὀνόματι Ἰησοῦ Χριστοῦ τοῦ Ναζωραίου, ὃν ὑμεῖς ἐσταυρώσατε, ὃν ὁ θεὸς ἤγειρεν ἐκ νεκρῶν, ἐν τούτῳ οὗτος παρέστηκεν ἐνώπιον ὑμῶν ὑγιής.
11Han er steinen som vart vraka av dykk bygningsmenn, men som har vorte hjørnestein.
οὗτός ἐστιν ὁ λίθος ὁ ἐξουθενηθεὶς ὑφʼ ὑμῶν τῶν ⸀οἰκοδόμων, ὁ γενόμενος εἰς κεφαλὴν γωνίας.
12Det finst ikkje frelse i nokon annan, for det er ikkje gjeve noko anna namn under himmelen blant menneske som vi kan bli frelste ved.»
καὶ οὐκ ἔστιν ἐν ἄλλῳ οὐδενὶ ἡ σωτηρία, ⸀οὐδὲ γὰρ ὄνομά ἐστιν ἕτερον ⸂ὑπὸ τὸν οὐρανὸν⸃ τὸ δεδομένον ἐν ἀνθρώποις ἐν ᾧ δεῖ σωθῆναι ἡμᾶς.
13Då dei såg frimodet til Peter og Johannes og forstod at dei var ulærde og vanlege folk, undra dei seg. Dei kjende dei att som nokre som hadde vore saman med Jesus.
Θεωροῦντες δὲ τὴν τοῦ Πέτρου παρρησίαν καὶ Ἰωάννου καὶ καταλαβόμενοι ὅτι ἄνθρωποι ἀγράμματοί εἰσιν καὶ ἰδιῶται, ἐθαύμαζον, ἐπεγίνωσκόν τε αὐτοὺς ὅτι σὺν τῷ Ἰησοῦ ἦσαν,
14Og då dei såg mannen som var lækt, stå der saman med dei, hadde dei ikkje noko å seia imot.
τόν ⸀τε ἄνθρωπον βλέποντες σὺν αὐτοῖς ἑστῶτα τὸν τεθεραπευμένον οὐδὲν εἶχον ἀντειπεῖν.
15Dei baud dei gå ut frå Rådet og rådførte seg med kvarandre.
κελεύσαντες δὲ αὐτοὺς ἔξω τοῦ συνεδρίου ἀπελθεῖν συνέβαλλον πρὸς ἀλλήλους
16Dei sa: «Kva skal vi gjera med desse menneska? For at eit tydeleg teikn har skjedd gjennom dei, er klart for alle som bur i Jerusalem, og vi kan ikkje nekta for det.
λέγοντες· Τί ⸀ποιήσωμεν τοῖς ἀνθρώποις τούτοις; ὅτι μὲν γὰρ γνωστὸν σημεῖον γέγονεν διʼ αὐτῶν πᾶσιν τοῖς κατοικοῦσιν Ἰερουσαλὴμ φανερόν, καὶ οὐ δυνάμεθα ⸀ἀρνεῖσθαι·
17Men for at dette ikkje skal spreia seg meir blant folket, lat oss truga dei til ikkje lenger å tala til nokon menneske i dette namnet.»
ἀλλʼ ἵνα μὴ ἐπὶ πλεῖον διανεμηθῇ εἰς τὸν λαόν, ⸀ἀπειλησώμεθα αὐτοῖς μηκέτι λαλεῖν ἐπὶ τῷ ὀνόματι τούτῳ μηδενὶ ἀνθρώπων.
18Så kalla dei dei inn og forbaud dei på det strengaste å tala eller undervisa i Jesu namn.
καὶ καλέσαντες αὐτοὺς παρήγγειλαν ⸀τὸ καθόλου μὴ φθέγγεσθαι μηδὲ διδάσκειν ἐπὶ τῷ ὀνόματι τοῦ Ἰησοῦ.
19Men Peter og Johannes svara dei: «Døm sjølve om det er rett framfor Gud å lyda dykk meir enn Gud.
ὁ δὲ Πέτρος καὶ Ἰωάννης ἀποκριθέντες ⸂εἶπον πρὸς αὐτούς⸃· Εἰ δίκαιόν ἐστιν ἐνώπιον τοῦ θεοῦ ὑμῶν ἀκούειν μᾶλλον ἢ τοῦ θεοῦ, κρίνατε,
20For vi kan ikkje la vera å tala om det vi har sett og høyrt.»
οὐ δυνάμεθα γὰρ ἡμεῖς ἃ εἴδαμεν καὶ ἠκούσαμεν μὴ λαλεῖν.
21Etter å ha truga dei endå meir, sleppte dei dei fri. Dei fann ingen måte å straffa dei på, på grunn av folket, for alle prisa Gud for det som hadde hendt.
οἱ δὲ προσαπειλησάμενοι ἀπέλυσαν αὐτούς, μηδὲν εὑρίσκοντες τὸ πῶς ⸀κολάσωνται αὐτούς, διὰ τὸν λαόν, ὅτι πάντες ἐδόξαζον τὸν θεὸν ἐπὶ τῷ γεγονότι·
22For mannen som dette lækjingsteiknet hadde skjedd med, var over førti år gammal.
ἐτῶν γὰρ ἦν πλειόνων τεσσεράκοντα ὁ ἄνθρωπος ἐφʼ ὃν ⸀γεγόνει τὸ σημεῖον τοῦτο τῆς ἰάσεως.