Kongetida
Profeten dømmer Akab gjennom liknelsen om den bortkomne fangen
En profetdisippel ber en annen mann slå ham etter Herrens ord, men mannen nekter og blir drept av en løve. En annen slår ham så han blir såret. Profeten forkler seg med aske over øynene og venter på kong Akab ved veien. Han forteller kongen en oppdiktet historie om en fange han fikk i oppdrag å vokte, men som slapp unna, og kongen feller dom over ham selv. Da tar profeten bindet bort, og kongen kjenner ham igjen. Profeten forkynner Herrens ord: fordi Akab slapp fri mannen Herren hadde lyst i bann, skal hans liv være i stedet for hans liv, og hans folk i stedet for hans folk. Akab drar misfornøyd og nedstemt hjem til Samaria.
1. Kongebok 20,35-43
35Ein av profetlærlingane sa til ein annan etter HERREN ord: «Slå meg!» Men mannen nekta å slå han.
וְאִ֨ישׁ אֶחָ֜ד מִבְּנֵ֣י הַנְּבִיאִ֗ים אָמַ֧ר אֶל־רֵעֵ֛הוּ בִּדְבַ֥ר יְהוָ֖ה הַכֵּ֣ינִי נָ֑א וַיְמָאֵ֥ן הָאִ֖ישׁ לְהַכֹּתֽוֹ׃
36Då sa han til han: «Fordi du ikkje høyrde på HERREN røyst, skal ei løve slå deg ned når du går frå meg.» Og då han gjekk frå han, kom ei løve og slo han ned.
וַיֹּ֣אמֶר ל֗וֹ יַ֚עַן אֲשֶׁ֤ר לֹֽא־שָׁמַ֙עְתָּ֙ בְּק֣וֹל יְהוָ֔ה הִנְּךָ֤ הוֹלֵךְ֙ מֵֽאִתִּ֔י וְהִכְּךָ֖ הָאַרְיֵ֑ה וַיֵּ֙לֶךְ֙ מֵֽאֶצְל֔וֹ וַיִּמְצָאֵ֥הוּ הָאַרְיֵ֖ה וַיַּכֵּֽהוּ׃
37Så fann han ein annan mann og sa: «Slå meg!» Mannen slo han så han vart såra.
וַיִּמְצָא֙ אִ֣ישׁ אַחֵ֔ר וַיֹּ֖אמֶר הַכֵּ֣ינִי נָ֑א וַיַּכֵּ֥הוּ הָאִ֖ישׁ הַכֵּ֥ה וּפָצֹֽעַ׃
38Profeten gjekk og stilte seg ved vegen for å venta på kongen. Han hadde kamuflert seg med oske over auga.
וַיֵּ֙לֶךְ֙ הַנָּבִ֔יא וַיַּעֲמֹ֥ד לַמֶּ֖לֶךְ עַל־הַדָּ֑רֶךְ וַיִּתְחַפֵּ֥שׂ בָּאֲפֵ֖ר עַל־עֵינָֽיו׃
39Då kongen kom forbi, ropa han til kongen og sa: «Tenaren din gjekk ut midt i striden. Då kom ein mann bort med ein fange og sa til meg: Vakta denne mannen! Om han kjem bort, må du bøta med livet ditt, eller betala ein talent sølv.
וַיְהִ֤י הַמֶּ֙לֶךְ֙ עֹבֵ֔ר וְה֖וּא צָעַ֣ק אֶל־הַמֶּ֑לֶךְ וַיֹּ֜אמֶר עַבְדְּךָ֣ ׀ יָצָ֣א בְקֶֽרֶב־הַמִּלְחָמָ֗ה וְהִנֵּֽה־אִ֨ישׁ סָ֜ר וַיָּבֵ֧א אֵלַ֣י אִ֗ישׁ וַיֹּ֙אמֶר֙ שְׁמֹר֙ אֶת־הָאִ֣ישׁ הַזֶּ֔ה אִם־הִפָּקֵד֙ יִפָּקֵ֔ד וְהָיְתָ֤ה נַפְשְׁךָ֙ תַּ֣חַת נַפְשׁ֔וֹ א֥וֹ כִכַּר־כֶּ֖סֶף תִּשְׁקֽוֹל׃
40Men medan tenaren din var oppteken her og der, var han brått borte.» Kongen av Israel sa til han: «Slik er dommen din. Du har sjølv avgjort det.»
וַיְהִ֣י עַבְדְּךָ֗ עֹשֵׂ֥ה הֵ֛נָּה וָהֵ֖נָּה וְה֣וּא אֵינֶ֑נּוּ וַיֹּ֨אמֶר אֵלָ֧יו מֶֽלֶךְ־יִשְׂרָאֵ֛ל כֵּ֥ן מִשְׁפָּטֶ֖ךָ אַתָּ֥ה חָרָֽצְתָּ׃
41Då skunda han seg og tok osken bort frå auga. Kongen av Israel kjende han att som ein av profetane.
וַיְמַהֵ֕ר וַיָּ֙סַר֙ אֶת־הָ֣אֲפֵ֔ר *מעל **מֵעֲלֵ֖י עֵינָ֑יו וַיַּכֵּ֤ר אֹתוֹ֙ מֶ֣לֶךְ יִשְׂרָאֵ֔ל כִּ֥י מֵֽהַנְּבִאִ֖ים הֽוּא׃
42Han sa til kongen: «Så seier HERREN: Fordi du lét mannen som eg hadde bannlyst, sleppa fri, må du bøta med livet ditt for hans liv, og folket ditt for hans folk.»
וַיֹּ֣אמֶר אֵלָ֗יו כֹּ֚ה אָמַ֣ר יְהוָ֔ה יַ֛עַן שִׁלַּ֥חְתָּ אֶת־אִישׁ־חֶרְמִ֖י מִיָּ֑ד וְהָיְתָ֤ה נַפְשְׁךָ֙ תַּ֣חַת נַפְשׁ֔וֹ וְעַמְּךָ֖ תַּ֥חַת עַמּֽוֹ׃
43Kongen av Israel drog heim, mismodig og harm, og kom til Samaria.
וַיֵּ֧לֶךְ מֶֽלֶךְ־יִשְׂרָאֵ֛ל עַל־בֵּית֖וֹ סַ֣ר וְזָעֵ֑ף וַיָּבֹ֖א שֹׁמְרֽוֹנָה׃ פ