Kongetida
Salomos frafall
Kong Salomo gifter seg med mange fremmede kvinner som vender hans hjerte mot fremmede guder. Herren blir vred og varsler at riket skal deles etter hans død.
1. Kongebok 11,1-13
1Kong Salomo elska mange framande kvinner i tillegg til dotter til farao: moabittiske, ammonittiske, edomittiske, sidonske og hetittiske kvinner.
וְהַמֶּ֣לֶךְ שְׁלֹמֹ֗ה אָהַ֞ב נָשִׁ֧ים נָכְרִיּ֛וֹת רַבּ֖וֹת וְאֶת־בַּת־פַּרְעֹ֑ה מוֹאֲבִיּ֤וֹת עַמֳּנִיּוֹת֙ אֲדֹ֣מִיֹּ֔ת צֵדְנִיֹּ֖ת חִתִּיֹּֽת׃
2Dei var frå dei folkeslaga som Herren hadde sagt til israelittane: «De skal ikkje gifta dykk med dei, og dei skal ikkje gifta seg med dykk, for dei vil visseleg venda hjarta dykkar mot gudane sine.» Men Salomo heldt seg til dei i kjærleik.
מִן־הַגּוֹיִ֗ם אֲשֶׁ֣ר אָֽמַר־יְהוָה֩ אֶל־בְּנֵ֨י יִשְׂרָאֵ֜ל לֹֽא־תָבֹ֣אוּ בָהֶ֗ם וְהֵם֙ לֹא־יָבֹ֣אוּ בָכֶ֔ם אָכֵן֙ יַטּ֣וּ אֶת־לְבַבְכֶ֔ם אַחֲרֵ֖י אֱלֹהֵיהֶ֑ם בָּהֶ֛ם דָּבַ֥ק שְׁלֹמֹ֖ה לְאַהֲבָֽה׃
3Han hadde sju hundre koner av fyrstleg rang og tre hundre medhustruer, og konene hans vende hjarta hans bort.
וַיְהִי־ל֣וֹ נָשִׁ֗ים שָׂרוֹת֙ שְׁבַ֣ע מֵא֔וֹת וּפִֽלַגְשִׁ֖ים שְׁלֹ֣שׁ מֵא֑וֹת וַיַּטּ֥וּ נָשָׁ֖יו אֶת־לִבּֽוֹ׃
4Då Salomo vart gammal, vende konene hjarta hans mot andre gudar. Hjarta hans var ikkje heilt med Herren, hans Gud, slik hjarta til David, far hans, hadde vore.
וַיְהִ֗י לְעֵת֙ זִקְנַ֣ת שְׁלֹמֹ֔ה נָשָׁיו֙ הִטּ֣וּ אֶת־לְבָב֔וֹ אַחֲרֵ֖י אֱלֹהִ֣ים אֲחֵרִ֑ים וְלֹא־הָיָ֨ה לְבָב֤וֹ שָׁלֵם֙ עִם־יְהוָ֣ה אֱלֹהָ֔יו כִּלְבַ֖ב דָּוִ֥יד אָבִֽיו׃
5Salomo følgde Astarte, gudinna til sidonarane, og Milkom, den avskyelege avguden til ammonittane.
וַיֵּ֣לֶךְ שְׁלֹמֹ֔ה אַחֲרֵ֣י עַשְׁתֹּ֔רֶת אֱלֹהֵ֖י צִדֹנִ֑ים וְאַחֲרֵ֣י מִלְכֹּ֔ם שִׁקֻּ֖ץ עַמֹּנִֽים׃
6Salomo gjorde det som var vondt i Herrens auge og følgde ikkje Herren heilhjarta, slik David, far hans, hadde gjort.
וַיַּ֧עַשׂ שְׁלֹמֹ֛ה הָרַ֖ע בְּעֵינֵ֣י יְהוָ֑ה וְלֹ֥א מִלֵּ֛א אַחֲרֵ֥י יְהוָ֖ה כְּדָוִ֥ד אָבִֽיו׃ ס
7Då bygde Salomo ein offerhøgd for Kemosj, den avskyelege avguden til Moab, på fjellet aust for Jerusalem, og for Molok, den avskyelege avguden til ammonittane.
אָז֩ יִבְנֶ֨ה שְׁלֹמֹ֜ה בָּמָ֗ה לִכְמוֹשׁ֙ שִׁקֻּ֣ץ מוֹאָ֔ב בָּהָ֕ר אֲשֶׁ֖ר עַל־פְּנֵ֣י יְרוּשָׁלָ֑͏ִם וּלְמֹ֕לֶךְ שִׁקֻּ֖ץ בְּנֵ֥י עַמּֽוֹן׃
8Det same gjorde han for alle dei framande konene sine, som brende røykjelse og ofra til gudane sine.
וְכֵ֣ן עָשָׂ֔ה לְכָל־נָשָׁ֖יו הַנָּכְרִיּ֑וֹת מַקְטִיר֥וֹת וּֽמְזַבְּח֖וֹת לֵאלֹהֵיהֶֽן׃
9Herren vart harm på Salomo fordi hjarta hans hadde vendt seg bort frå Herren, Israels Gud, som hadde synt seg for han to gonger.
וַיִּתְאַנַּ֥ף יְהוָ֖ה בִּשְׁלֹמֹ֑ה כִּֽי־נָטָ֣ה לְבָב֗וֹ מֵעִ֤ם יְהוָה֙ אֱלֹהֵ֣י יִשְׂרָאֵ֔ל הַנִּרְאָ֥ה אֵלָ֖יו פַּעֲמָֽיִם׃
10Han hadde gjeve han påbod om denne saka, at han ikkje skulle følgja andre gudar. Men Salomo heldt ikkje det Herren hadde påbode.
וְצִוָּ֤ה אֵלָיו֙ עַל־הַדָּבָ֣ר הַזֶּ֔ה לְבִ֨לְתִּי־לֶ֔כֶת אַחֲרֵ֖י אֱלֹהִ֣ים אֲחֵרִ֑ים וְלֹ֣א שָׁמַ֔ר אֵ֥ת אֲשֶׁר־צִוָּ֖ה יְהוָֽה׃ פ
11Då sa Herren til Salomo: «Sidan dette har skjedd med deg, og du ikkje har halde pakta mi og forskriftene eg gav deg påbod om, skal eg riva riket frå deg og gje det til tenaren din.
וַיֹּ֨אמֶר יְהוָ֜ה לִשְׁלֹמֹ֗ה יַ֚עַן אֲשֶׁ֣ר הָֽיְתָה־זֹּ֣את עִמָּ֔ךְ וְלֹ֤א שָׁמַ֙רְתָּ֙ בְּרִיתִ֣י וְחֻקֹּתַ֔י אֲשֶׁ֥ר צִוִּ֖יתִי עָלֶ֑יךָ קָרֹ֨עַ אֶקְרַ֤ע אֶת־הַמַּמְלָכָה֙ מֵֽעָלֶ֔יךָ וּנְתַתִּ֖יהָ לְעַבְדֶּֽךָ׃
12Men for David, far din, skuld vil eg ikkje gjera det i di levetid. Eg skal riva det frå handa til son din.
אַךְ־בְּיָמֶ֙יךָ֙ לֹ֣א אֶעֱשֶׂ֔נָּה לְמַ֖עַן דָּוִ֣ד אָבִ֑יךָ מִיַּ֥ד בִּנְךָ֖ אֶקְרָעֶֽנָּה׃
13Likevel vil eg ikkje riva heile riket frå han. Éin stamme skal eg gje til son din for David, tenaren min, skuld og for Jerusalem skuld, byen eg har valt ut.»
רַ֤ק אֶת־כָּל־הַמַּמְלָכָה֙ לֹ֣א אֶקְרָ֔ע שֵׁ֥בֶט אֶחָ֖ד אֶתֵּ֣ן לִבְנֶ֑ךָ לְמַ֙עַן֙ דָּוִ֣ד עַבְדִּ֔י וּלְמַ֥עַן יְרוּשָׁלַ֖͏ִם אֲשֶׁ֥ר בָּחָֽרְתִּי׃