Jesu liv

Spørsmålet om Johannes' dåp

Overprestene og de skriftlærde utfordrer Jesus om hans myndighet, men han unngår å svare direkte ved å stille et motspørsmål om Johannes' dåp som de ikke tør å besvare.

Lukas 20,1-8

1Ein dag då han underviste folket i tempelet og forkynte evangeliet, kom overprestane og dei skriftlærde saman med dei eldste bort til han.
Καὶ ἐγένετο ἐν μιᾷ τῶν ⸀ἡμερῶν διδάσκοντος αὐτοῦ τὸν λαὸν ἐν τῷ ἱερῷ καὶ εὐαγγελιζομένου ἐπέστησαν οἱ ⸀ἀρχιερεῖς καὶ οἱ γραμματεῖς σὺν τοῖς πρεσβυτέροις,
2Dei sa til han: «Sei oss, kva fullmakt har du til å gjera dette? Og kven er det som har gjeve deg denne fullmakta?»
καὶ εἶπαν ⸂λέγοντες πρὸς αὐτόν⸃· Εἰπὸν ἡμῖν ἐν ποίᾳ ἐξουσίᾳ ταῦτα ποιεῖς, ἢ τίς ἐστιν ὁ δούς σοι τὴν ἐξουσίαν ταύτην;
3Han svara dei: «Eg vil òg spørja dykk om ein ting. Sei meg:
ἀποκριθεὶς δὲ εἶπεν πρὸς αὐτούς· Ἐρωτήσω ὑμᾶς ⸀κἀγὼ λόγον, καὶ εἴπατέ μοι·
4Dåpen til Johannes, var han frå himmelen eller frå menneske?»
Τὸ βάπτισμα Ἰωάννου ἐξ οὐρανοῦ ἦν ἢ ἐξ ἀνθρώπων;
5Dei drøfta dette seg imellom og sa: «Om vi seier: 'Frå himmelen', vil han seia: 'Kvifor trudde de han ikkje?'
οἱ δὲ συνελογίσαντο πρὸς ἑαυτοὺς λέγοντες ὅτι Ἐὰν εἴπωμεν· Ἐξ οὐρανοῦ, ἐρεῖ· Διὰ τί οὐκ ἐπιστεύσατε αὐτῷ;
6Men om vi seier: 'Frå menneske', vil heile folket steina oss, for dei er overtydde om at Johannes var ein profet.»
ἐὰν δὲ εἴπωμεν· Ἐξ ἀνθρώπων, ⸂ὁ λαὸς ἅπας⸃ καταλιθάσει ἡμᾶς, πεπεισμένος γάρ ἐστιν Ἰωάννην προφήτην εἶναι·
7Så svara dei at dei ikkje visste kvar han var frå.
καὶ ἀπεκρίθησαν μὴ εἰδέναι πόθεν.
8Då sa Jesus til dei: «Så seier heller ikkje eg dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.»
καὶ ὁ Ἰησοῦς εἶπεν αὐτοῖς· Οὐδὲ ἐγὼ λέγω ὑμῖν ἐν ποίᾳ ἐξουσίᾳ ταῦτα ποιῶ.